Bjarne Huseklepp demonstrerer rullekast
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Det tøffaste løpet

GUDDAL (NRK): Bjarne Huseklepp har gjort mange store løp på friidrettsbana. No står den kreftsjuke laksefiskaren framfor sitt livs tøffaste kamp.

– Det er så gale at det nesten ikkje er mogleg å forklare. Eg fekk livet snudd opp ned i løpet av eit par dagar. Eg har ikkje kontroll lenger. Trass svært god støtte og hjelp frå slekt og venner, kjenner meg i kortare periodar heilt åleine, seier Bjarne Huseklepp.

Den kjende laksefiskaren, rektoren og friidrettskjempa er av typen som «aldri» har vore sjuk. Heilt til våren 2017. Huseklepp kjende at det murra og verkte i kroppen. Men han kjende mange som hadde fått influensa, så han slo seg til ro med at det var hans til å bli sjuk – og at det snart ville gå over.

Ei natt i slutten av mai vakna han av intense smerter.

– Tenk deg tannverk gonger tre. Det var som om nokon stod og bora i beinet, i tillegg til at det var sterk varme. Det var så gale at eg måtte på sjukehus og få smertestillande, seier Huseklepp.

Bjarne Huseklepp finn fram favorittfloga si

LIDENSKAP: Bjarne Huseklepp med litt av fiskeutstyret han har i kjellaren. Favorittfluga har han kalla Harefossen etter fiskeplassen ikkje langt unna heimen i Guddal.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Har bestemt seg for å leve livet

Det viste seg raskt at det var alvorleg. 64-åringen hadde fått kreft med spreiing til store delar av skjelettet. I midten av juli var han på sjukehuset i Førde for å få cellegift for første gong. Utover sommaren og hausten ventar ytterlegare fem rundar med cellegift. Ingen kan seie noko sikkert om prognosane og framtida til den livsglade sunnfjordingen.

Bjarne Huseklepp med laks

VANLEG SYN: Mange kjenner nok Bjarne Huseklepp som ein fiskeentusiast. Kvart år ser han fram til nye eventyr i lakseelva.

Foto: Håkon Huseklepp

– Det er det som er marerittet her. Eg er i ei boble. Har med meg historia mi og dagen i dag, men det manglar ei framtid. Det er sårt at eg ikkje kan vere med og diskutere planar for neste år. Eg har sjølvsagt lyst å vere med, men...

Huseklepp blir stille. Han finn fram ei flugestong og viser veg opp til kastedammen han har laga like ved barndomsheimen i den vesle grenda i Fjaler. Her har fiskeinstruktøren laga seg sin eigen trenings- og opplæringsdam, vegg i vegg med sitt eige røykeri.

Røykelaksen hans er av ein slik kvalitet at han sidan 2009 kvart år har reist til London før jul og personleg levert laks til ein verdskjend artist.

No har han avlyst alle kursa han hadde planlagt denne sommaren. Han veit rett og slett ikkje om han kjem til å vere på sjukehus, eller om han er i form til å gjennomføre opplæring av nye fiskarar. I staden er han sjølv i elva så ofte som mogleg. Huseklepp har bestemt seg for å gripe dagane og leve livet.

Bjarne Huseklepp

VANSKELEG: – Det vanskelegaste med kreften er at eg ikkje kan planlegge noko framover. Ingen kan seie noko om prognosane, seier Bjarne Huseklepp.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Eg har, som andre i same situasjon, ei oppleving av å vere totalt forlaten i kortare periodar. Men god og sakleg informasjon til slekt og venner har vore ei svært god hjelp i ein umenneskeleg situasjon. Det er vanskeleg for andre å skjøne kva eg går gjennom mentalt. Du må ha prøvd det for å forstå. Så eg brukar ein del krefter på den nærmaste framtida, og skal ha noko å glede meg til kvar einaste dag. Eg skal prøve å leve livet og gjere det eg likar.

– Det er viktig å ha noko å drive med, og som ein synest er kjekt. Eg må ha noko å sjå fram til. Elles er eg redd dagane vil verte ganske tunge, seier sunnfjordingen.

Toppidretten gir forsprang på sjukdomen

Bjarne Huseklepp og Marius Vedvik

SLETTA REKORD: Bjarne Huseklepp sin krinsrekord på 5000 meter vart ståande i 35 år. Då kom Førde-løparen Marius Vedvik og sletta rekorden til applaus frå den gamle friidrettskjempa.

Foto: Alf Vidar Snæland

Han er av den strukturerte typen, som likar å ha kontroll og eit mål å strekkje seg etter. Dét er kanskje noko han har lært gjennom idretten. Opp gjennom 1970-talet etablerte Huseklepp seg som ein av dei beste langdistanseløparane i landet. I 1978 sette han to råsterke norgesrekordar på éin gong: Ingen klarte å slå tidene hans på 20.000 meter og timesløp før Sondre Nordstad Moen sletta rekordane 36 år seinare .

Ein skade sette ein stoppar for maratonplanane fram mot OL i 1988.

– Røynsle frå toppidretten er heilt klart ein fordel for meg. Kroppen er i god fysisk form, og eg har vore utsett for mykje frivillig smerte og harde påkjenningar. Det seier legane er ein fordel. Dessutan er eg nok litt tøff i hovudet også, seier Huseklepp.

– På den fysiske biten må eg berre stole på legane. Så langt har eg og mine nærmaste fått ei svært god oppfølging. På den psykiske biten er eg ein læregut. Eg har ikkje vore borti dette før. Men eg kjenner igjen situasjonar frå idretten der ein blir hardt pressa både fysisk og psykisk. Då må du tenkje positivt, elles greier du ikkje å prestere.

Han rettar litt på medaljane som pryder eine veggen i kjellaren.

Bjarne Huseklepp i velmaktsdagane på friidrettsbana

PÅ TOPP: Bjarne Huseklepp var ein av dei beste langdistanseløparane i landet, og sikta mot OL i 1988. Her er han i fint driv under Stockholm maraton i 1983.

Foto: Stockholm maraton

– Det var ein som sa det slik: «Om det er nokon som skal klare dette, så er det deg». For eg har fått telefonar frå andre i same situasjon, og må seie eg kjenner meg att i dei. Men til sjuande og sist er du heilt åleine med tankane, sjølv om eg er svært heldig som har mange rundt meg og som vil meg vel. Det er godt å ha dei, seier Huseklepp som har valt å vere open om situasjonen sin.

Har fått fem laksar denne sommaren

Bjarne Huseklepp med fiskestonga i fiskedammen heime

GOD TEKNIKK: I denne kastedammen har mange ferske laksefiskarar teke sine første kast med flugestong. Bjarne Huseklepp har teknikken inne.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Trass sjukdomen – Huseklepp ligg ikkje på latsida. Han har allereie bestillingar på 600 kilo røykelaks til jul, og treng større plass til produksjonen. Difor er han i gang med å innreie eit eige rom i kjellaren til salting av fisk. Det blir baderomspanel på veggane og betong på golvet. Så snart han kjem i gang att med arbeidet.

– Du verkar uforskamma frisk og sprek?

– Det er ikkje mogleg å sjå eller merke noko på meg. Og eg har ikkje smerter no. Men eg treng mykje meir søvn og må tvinge meg i gang med ting. Så håpar eg at ting blir meir oversiktleg når eg er ferdig med cellegifta. Då er det kanskje lettare å få lenger perspektiv. Men eg bør ikkje setje i gang store prosjekt.

Bjarne Huseklepp vinn Bergensløpet i 1977

GJENNOMBROT: Bjarne Huseklepp spring i mål som vinnar av Bergensløpet i 1977. Det var det nasjonale gjennombrotet i friidrett.

Foto: Ukjent

Dei siste par vekene har Huseklepp vore såpass frisk at han har klart å komme seg ut. Det har blitt mykje fisking. Særleg i Harefossen, om lag ti minuttar med bil unna, men det har også blitt tid til ein tur til Målselv. Så langt har han fått på land fem laksar – sjølv om han miste den første månaden av sesongen. Han er dessutan invitert på laksefiske i Alta. Det gler han seg til. For kreften skal ikkje få overtaket.

– Kreften har spreidd seg til heile kroppen, men ikkje armane. Eg plar spøkje med at det sjølvsagt måtte bli slik. Eg må jo ha armane når eg kastar, smiler Huseklepp.

– I denne vanvitige situasjonen er det viktig å kunne spøke. For det er så gale at eg nesten ikkje har ord, seier han.

Langdistansekongen er i gang med sitt livs tøffaste løp.