Kjelfred Weum over siste hekk i glansdagane
Foto: Rolf Arne Odiin / VG

Det tjuven ikkje visste

HAFSLO (NRK): Innbrotstjuven hadde nok ikkje prøvd å stikke av, hadde han visst at den uniformerte politimannen var Norges største sprintkomet. Berre månader seinare sprang Kjellfred Weum semifinale i OL.

Sidan artikkelen vart skriven har Kjellfred Weum gått bort (7. august 2017).

– Han visste nok ikkje kven han la seg ut med, seier Kjellfred Weum og ler godt.

Blikket fell ned på eit utklippsalbum. Stansar ved ein gulna notis med tittelen «Hardt hekkeløp for Weum». Han var ein gong ein av dei største kjendisane i norsk idrett – med åtte NM-titlar på rad, ein imponerande semifinale på korthekken i Mexico-OL og ein politibakgrunn som journalistane elska.

Bærum, laurdag 6. januar 1968. Politipatruljen får melding over radio om eit innbrot i ein kiosk. Då dei kjem fram på staden spring ein ung mann ut i vill fart, og greier å komme seg forbi den første konstabelen. Men den andre politimannen tek opp jakta og hoppar elegant over brøytekantane iført uniform og tunge støvlar. Etter nokre hundre meter er fluktforsøket over. Politimannen klakkar til tjuven, slik at han ramlar over ende – og set seg oppå han.

– Eg hugsar eg tok innpå han meir og meir. Eg tenkte at eg ikkje kunne la han stikke av. Då gira eg opp slik at eg tok han att, seier Kjellfred Weum.

– Sanninga er at eg verkeleg måtte ta meg saman for å klare det. I full vinteruniform og med tunge støvlar måtte eg ta fram mitt aller yttarste. Eg frykta jo kommentarane om eg ikkje hadde klart å fakke tjuven, ler han.

Han nippar til kaffien heime i stova si på Indre Hafslo i Sogn. Det har gått snart 50 år sidan den uvanlege løpsduellen, som også vart omtalt i avisene:

– Det gjekk over store snøhaugar i rein hekkeløpsstil, og jammen klarte eg å ta han att, sa hovudpersonen til VG.

– Men det var minst 400 meter hekk, det da, konkluderte han med eit smil.

Den kjende hekkelauparen fekk bruk for kunstene sine no ei natt då han fakka ein innbrotstjuv etter eit laup gjennom snøfennene.

Avisa Sogn og Fjordane, 8. januar 1968

Men det var langt ifrå sjølvsagt at den høgreiste kraftkaren skulle bli ein populær rikskjendis gjennom idretten. Weum vaks opp med gardsarbeid, og det var ikkje idrettsanlegg å finne på fleire mil.

Kona Ingerid festar OL-startnummeret på Kjellfred Weum

IKKJE PÅ START, MEN... Ingerid Weum festar det gamle OL-startnummeret frå 1968 på ektemannen. Også overtrekksjakka er frå OL i Mexico.

Foto: Rune Fossum / NRK
Notisar om Kjellfred Weum sin jakt på innbrotstjuven

JAKT I AVISENE: Riksavisene registrerte hekkeløparen og politimannen som tok opp jakta på innbrotstjuven.

Gøteborg, onsdag 31. juli 1963. Ein hær av fotografar stormar bort til sensasjonsmannen ute på Nya Ullevi. Dei kransar seg rundt ein nokså ukjend sogning. Den 23 år gamle lysluggen har nettopp slått finske Juhanni Vuori på 110 meter hekk. - Det kan ikkje vere sant, seier Tord Normann i storavisa Expressen til sine norske kollegaer. – Det går ikkje an å bli nordisk meister i sitt 14. konkurranseløp, og slett ikkje i ei så vanskeleg teknisk øving! Kjellfred Weum har akkurat fått sitt store internasjonale gjennombrot, berre eitt år etter at han prøver hekk for aller første gong.

– Det var heilt tilfeldig. Eg hadde ingen planar om å byrje med friidrett – det var jo ingen som dreiv med slikt heime, seier Weum.

– Men det hende ofte at eg tok rennefart og hoppa over gjerda i staden for å opne opp grindene, har Weum sjølv sagt til mediene.

Ein karriere utan sidestykke hadde akkurat starta. Den totalt ukjende 23-åringen hadde flytta til Drammen fem år tidlegare for å jobbe på eit skipsverft. Først då fekk han sitt første møte med organisert idrett.

På Vestlandet har bøndene sett opp gjerde rundt gardane sine. Så den stilen eg har fått, fekk eg den gongen eg sprang etter sauene og andre husdyr som hadde forvilla seg inn på eigedomen til grannen. Så stilen er sjølvkomponert.

Kjellfred Weum til avisa Sogn og Fjordane, 1967

Gjennom bedriftsidretten fekk ungguten prøve seg i symjing og som keeper i fotball. Og han utmerkte seg i friidrett saman med den fire år eldre broren Jens. Særleg i høgde og lengde.

Stavhopparen Andreas Larsen-Nyhus i IF Hellas la merke til han, og var sikker i si sak: Denne karen hadde ei stor framtid. Etter ei treningsøkt gjekk Larsen-Nyhus bort og spurde kven han var. Og hadde han lyst til å vere med i klubben?

– Min gode mann, den raskaste vegen for deg til ein plass på landslaget går gjennom 110 meter hekk, sa han ifølgje avisa Fremtiden.

For Weum var det brikken som fall på plass. 110 meter hekk passa som hand i hanske. Med Larsen-Nyhus som trenar, finpussa duoen teknikken utover sommaren 1962. Det skulle gå berre eitt år før atleten frå Sogn tok sitt aller første NM-gull.

Under ein fylkesmeisterskap vart det eit rivande oppgjer mellom læremeister og elev. Begge fekk tida 15,4 med Larsen som vinnar. Det var siste gongen på svært lang tid at Weum tapte. Litt seinare vekte han oppsikt med å danke ut landslagsmannen Ragnar Moland.

No satsa 22-åringen for fullt. Han vann allereie i den første landskampen.

Den første NM-triumfen sikra han seg i Trondheim i 1963. Med tida 14,6 sekund måtte sterke løparar som Jan Gulbrandsen og Ragnar Moland ta til takke med sølv og bronse.

Ein æra var i startfasen. Det skulle bli totalt åtte strake NM-gull på korthekken.

Han vart veldig fort god. Då var vegen også kort til landslaget, seier Jens Veum.

Mindre enn eitt år etter at han debuterte vart han nordisk meister. Det var ein kometaktig karriere utan sidestykke i norsk friidrett.

Boka Buskerud-triumfer gjennom 100 år

Han meiner broren hadde ein fysikk som var som skapt for hekkeløp. Han var høg, muskuløs og 90 kilo – bortimot umogleg å stoppe når han kom opp i fart.

Kjellfred Weum var i 1965 Norges beste hekkeløpar, og fekk mykje merksemd i media. Knut Bjørnson intervjuar sogningen.

INTERVJU PÅ TV: Kjellfred Weum vart intervjua av NRKs Knut Bjørnsen. Denne er saka er her redigert i ny versjon. Redigering: Steinar Lote

Frå 1964 gjekk han politiskulen i Oslo, og han starta i sin første jobb ved Asker og Bærum politikammer i 1967. Samstundes satsa han for fullt på friidretten.

Etterkvart skulle han få ein teknikk som ingen andre kunne måle seg med. Weum gjekk lågare over hekkane enn konkurrentane: Dersom han la ein fyrstikk oppå hekken, var målet å rive ned denne under hekkepassering - utan å komme borti sjølve hekken.

Han vart så finslepen at amerikanarane filma løpa hans for å studere teknikken.

– Kjellfred var stor, sterk og teknisk veldig god. Ein ypparleg utøvar. Eg vil seie den beste i Europa på den tida, seier konkurrenten Håkon Fimland.

Han tok over hekketrona etter Weum med seks strake NM-gull utover 70-talet. Men fram til og med 1970 var det éin mann som regjerte. I 1967 krona Weum sesongen med den høghengande kongepokalen. Det skulle gå 46 år før ein ny utøvar frå heimfylket hans klarte å kopiere den prestasjonen.

– Eg har mykje å takke Andreas Larsen-Nyhus for. Han såg den galne sogningen og fekk ut potensialet, smiler Weum.

Kjellfred Weum tek kongepokalen på 110m hekk i NM 1967 i Trondheim

KONGEPOKAL: Sjå Kjellfred Weum ta kongepokalen under NM i 1967. Redigering: Steinar Lote

Oslo, tysdag 22. august 1967. Kjellfred Weum dansar som ein vårylv kalv nedover graset på Bislett. Endeleg har alt klaffa for den populære sogningen. Speaker annonserer entusiastisk at løparen har sett ny norsk og nordisk rekord på 13,7. Publikum veit å verdsetje prestasjonen, og lagar eit øyredøvande leven. Weum har nådd toppunktet i karrieren.

– Eg hugsar at eit tettpakka Bislett kokte. Det var ei utruleg stemning. Den natta sov vi ikkje. Vi var så høgt oppe, mimrar kona Ingerid Weum.

– Det var veldig stort. Ein rekord som vart ståande lenge, seier Weum.

Sjølv var han ein respektert kaptein for Norge på den tida landskampar var storhendingar i friidrett. Som førstemann ut i landskampane, sikra han stort sett dei norske fargane ein god start.

På 44 landskampar sikra Weum seg 25 sigrar mot sterke nasjonar som Vest- og Aust-Tyskland, Be-Ne-Lux, Romania, Jugoslavia, Tsjekkoslovakia, Canada og dei nordiske landa.

– Vi kunne alltid stole på Kjellfred. Han var liksom bautaen i det norske laget. Han sette standarden, har den tidlegare landslagssjefen Egil Gulliksen sagt til Sogn Avis.

Weum var ein kjendis som gjekk att i spaltene i aviser og vekeblad. Saman med Ingerid var dei populære innslag i Allers, Vi Menn, Billedbladet NÅ og riksavisene.

Gjerne på sprang i politiuniform over ein hagehekk, eller i sofakroken heime i Bærum.

Gamle aviser med opplag om Kjellfred Weum

MANGE OPPSLAG: Kjellfred Weum vart ofte omtalt i avisene.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men stort sett gjekk tida med til arbeid og trening. Så snart han var ferdig på jobb, sykla han til idrettsbana og trente. Det måtte også til dei gongane han var heime på besøk i Sogn.

Der fantest det ikkje fasilitetar for ein hekkeløpar av internasjonalt format. Weum måtte stikke to pinnar i jorda og leggje over ei tverrlist. Men jordet han trente på var ujamnt, og det var ikkje lett å få noko positivt ut av hekketreninga.

I 1964 var han nær ved å komme med til OL i Tokyo. Han greidde kvalifiseringskravet på 14,2, og tangerte norgesrekorden, men vart likevel ikkje teken ut til dei olympiske leikane. Men moglegheiten baud seg igjen fire år seinare. Det skulle bli høgdepunktet i karrieren.

Draktene Kjellfred Weum brukte i OL

GAMLE DRAKTER: Familien har teke godt vare på utstyret Kjellfred Weum brukte på friidrettsbana. Her er overtrekksdrakta frå OL i 1968, konkurransedrakta og ei BUL-jakke.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mexico City, laurdag 16. oktober 1968. Amerikanske Leon Coleman kryssar mållinja i OL-heatet på 110 meter hekk framfor Bo Forssander og Kjellfred Weum. Dei tre gratulerer kvarandre med avansement til semifinalen. Sju år etter at han for aller første gong prøvde å hoppe over ein hekk, er 28-åringen i den ypperste verdseliten i friidrett.

Kjellfred Weum sitt startnummer frå OL 1968

NUMMERET: Her er startnummeret Kjellfred Weum brukte under OL i 1968.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var uvant å konkurrere i 2000 meters høgde. Lufta var tynnare, og det merka vi godt, seier Weum.

Han klokka inn til 14,0 sekund, ny norsk rekord med elektronisk tidtaking. Rekorden skulle bli ståande i 16 år. Den dag i dag har berre åtte nordmenn sprunge fortare. Einaste skår i gleda var at han var eit par fattige hundredelar unna sjølvaste OL-finalen.

Kanskje kunne han ha vore der også, hadde det ikkje vore for at husbygging på Røyken tok mykje krefter denne sommaren. Weum jobba også mykje nattevakter ved politikammeret i Sandvika.

Heime i Norge sat kona Ingerid og følgde med på TV, medan ektemannen var i Mexico.

– Det var ei oppleving berre å vite at han var med der borte. Vi i familien sat klistra framfor skjermen når han skulle springe - og det trur eg folk i Luster gjorde også, seier ho medan ho leitar fram gamle klede frå loftet.

Ho held fram ein gammal singlet. Den er kvit med dei norske fargane i striper over brystet. På ei raud overtrekksjakke står det «Norge» med store bokstavar på ryggen. Så dukkar startnummer 648 opp frå samlinga.

Sjølv om hugsen ikkje lenger er like god, er startnummeret eit sterkt minne. Akkurat som då han fekk sjå Bob Beamons legendariske verdsrekord i lengdehopp på nært hald. Inne på stadion. Samstundes var sjølve arrangementet ei oppleving for mannen med kometkarrieren.

– For alle utøvarar er deltaking i OL mykje meir enn berre konkurransen. Eg måtte verkeleg klype meg i armen for å forstå at det var verkeleg og ikkje ein draum.

Det er ingen grunn til å være skuffet over Weums innsats. Han var med i semifinalen, og det skal man ikke rynke på nesen over.

Aftenpostens olympiaredaksjon, 1968

For den internasjonale finalen skulle komme. Og den kom allereie året etter. Under EM i Aten i 1969 sprang Weum inn til sjuandeplass i finaleheatet på tida 14,1. Han var berre to tidelar bak bronsevinnaren Allan Pascoe frå Storbritannia.

All treninga og reisinga hadde betalt seg i løpet av svært kort tid. 32 år gammal var han ikkje lenger like motivert. Og då han kom heim frå landskamp i Romania, skjedde noko som fekk han til å stoppe opp og tenkje:

Den vesle sonen hans kjende han ikkje att.

– Eg skjønte at noko var av meir verdi enn idretten, har Weum forklart i ettertid.

Etter å ha hatt hegemoniet på hekketrona gjennom nesten heile 60-talet, valde han å trappe ned. Han tok sitt siste gull på 110 meter hekk under NM i 1970, men var med på landslaget fram til sesongen etter.

Då var ein ny kraftkar klar for å dominere på hekken. Naustedølen Håkon Fimland overtok posisjonen som beste nordmann. Sjølv valde Weum å ta med seg familien heim til Indre Hafslo. Han vart seinare varaordførar i Luster, og han var lensmann i Sogndal.

Og kanskje innsåg dei kriminelle at dei ikkje hadde så mykje å stille opp med mot lensmannen. Det var iallfall ikkje fleire som utfordra til løpsduell...

Kjellfred Weum blar i gamle utklippsbøker

GAMLE MINNER: Kjellfred Weum blar i gamle utklippsbøker.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kjelder: Sogn Avis, Jon Navarsete, Avisa Sogn og Fjordane, VG, Boka Buskerud-triumfer gjennom 100 år, Fremtiden, Vi Menn og Drammens Tidende.