Hege Bakken Wahlquist

STORTRIVST I DANMARK: Hege Bakken Wahlquist nyt ein iste på dansk frukostkafé.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det gode handballivet i Danmark

HOLSTEBRO (NRK): Hege Bakken Wahlquist (24) frå Øvre Årdal satsar alt på handball. Ho er heiltids spelar i dansk eliteserie og er med i bruttotroppen til det norske landslaget framfor EM.

Saman med sambuaren Torbjørn Bergerud har ho flytta til den trivelege småbyen Holstebro på Jylland i Danmark. Begge spelar handball, begge i Team Tvis Holstebro, som har lag i den danske eliteserien både for kvinner og menn.

– Det er ein veldig koseleg, liten by. Det er det eg er van med, så eg trivst her. Men det er nesten berre handball det går i, det er mykje trening, kampar og førebuing til kamp. Men det var difor eg kom hit, for å satse på handball, seier Hege.

Ute eitt år med kneskade

Hege Bakken Wahlquist vart flaska opp i handballmiljøet i IL Jotun i Øvre Årdal, på ei tid då laget gjorde det godt, med fleire sesongar i 1. divisjon. Ho hadde ambisjonar, og fekk sjansen til eliteseriespel i Sola i Stavanger, 19 år gamal.

Der gjorde ho det bra, heilt til ho i mars 2012 fekk ein alvorleg kneskade, som sette ho på sidelinja i eitt år.

Men det tok ikkje knekken på lysta til å spele handball. Ho trente seg opp, og i 2013 melde ho overgang til Glassverket i Drammen. Der jobba ho seg gradvis opp til å bli ein venstrekant som i mange kampar var toppscorar for laget.

Ho vart kåra til årets beste venstrekant i norsk eliteserie i fjorårssesongen. Ho gjorde det så godt at ho kom med på det norske rekruttlandslaget. I ein kamp mot Danmark i haust vart ho toppscorar også med det norske flagget på brystet.

Holstebro

– Nesten heilt nytt lag

Og i sommar tok ho altså endå eit steg ved å gå til TTH Holstebro, der ho lever for og av handball. NRK møter 24-åringen på ein ekte dansk frokostkafé (danskane kallar lunsj for frokost) sentralt i Holstebro.

– Her er nivået litt høgare enn i den norske serien, men den største skilnaden er at laga er så jamne. I Norge er det større skilnad mellom Larvik og laga nedover på tabellen.

I TTH Holstebro spelar Hege på plassen som den norske landslagsstjerna Camilla Herrem hadde fram til i vår. Ho er klar på at det er store sko å fylle. Og ho er ikkje åleine om det på laget.

– Nesten heile laget er nytt, i fjor var det eit lag med mange store stjerner. Så det tek tid å spele laget godt, men eg trur det blir bra når vi blir meir samspelte.

Og det har gått litt opp og ned i haust, både for laget og for Hege Bakken Wahlquist. Før seriekampen mot Viborg sist søndag hadde laget vunne tre og tapt fire kampar.

Hege Bakken Wahlquist

KOSELEG BY: Hege Bakken Wahlquist trivst godt i Holstebro.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kjærasten snakkar dansk – og norsk

Hege sjølv har vore toppscorar i ein kamp, i ein annan kom ho ikkje på scoringslista i det heile.

– Det har mykje å seie kva lag vi spelar mot og korleis taktikken blir lagt opp. I ein del kampar kan vi som spelar på kantane få mange sjansar, i andre kampar ingen.

Som einast norske på laget vedgår Hege at ho framleis har litt kommunikasjonsproblem til tider.

– Det kan vere litt utfordrande av og til. Det går stort sett greitt, det er lettare for meg å forstå dei enn for dei å forstå min dialekt. Men eg har ein kjærast som snakkar både dansk og norsk, så eg prøver å lære litt av han.

For Torbjørn Bergerud frå Åros i Buskerud har dansk mor, og meistrar både norsk og dansk. Han er målvakt og har spelt seg inn på det norske A-landslaget.

– Det er absolutt ein fordel for meg at han og spelar handball. Vi er i same situasjonen og kan snakke om ting som oppstår, vi forstår kvardagen til kvarandre. Og det er aldri spørsmål om kva vi skal, vi kan ikkje gå ut og feste og slikt.

– Men vi finn på ein del med laget. I går var vi på konsert. Men vi er mest inne når vi ikkje trenar, for vi blir slitne etter to daglege treningsøkter.

For Hege og Torbjørn går mindre tid til reising i Danmark enn i Norge. Dei brukar buss til alle utekampane. Ser ein bort frå to lag, København og Nykøping, der turen tek fem timar, er alle motstandarane ein time eller to med buss unna.

Skal møte eitt av topplaga

Vi møtte Hege på kafé på laurdag. Dagen etter skal både ho og Torbjørn i aksjon på heimebane, kvinnelaget mot topplaget Viborg, herrelaget mot botnlaget Skanderborg. Hege reknar med ein tøff kamp.

– Viborg er eitt av topplaga, det betyr ikkje at vi ikkje kan vinne. Vi har sett mykje på video, og vi skal prøve å springe mykje. Det er det vi må gjere om vi skal slå dei. Vi skal iallfall prøve å vinne, uansett.

Ikkje akkurat Årdalshallen

Gråkjær Arena - Holstebro, Danmark

STORT OG FLOTT: I Gråkjær Arena ser det glissent ut når det er 1750 på tribunane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Så er det søndag og klart for kamp i den gigantiske hallen Gråkjær Arena, med plass til 3250 tilskodarar. Kampane mot Viborg og Skanderborg fyller ikkje opp hallen, men 1750 på kamp er eit bra tal for ein by med 34.000 innbyggarar.

Ramma rundt kampen er nokså ulik Årdalshallen, sjølv om det i Jotun sine beste stunder var stor stemning og fullsette tribunar. I Gråkjær Arena blir lysa sløkte når spelarane kjem inn til musikk på høgt volum.

Og publikum gjer sitt for at heimelaga skal vinne. Tre trommeslagarar står på frå start til slutt, alle heimemål blir feira høglydt.

Hege Bakken Wahlquist

MÅLLAUS: Hege Bakken Wahlquist fekk ikkje skota til å sitte skikkeleg i kampen mot Viborg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bom på bom

Men på parketten går ikkje alt som det skal for damene til TTH Holstebro. Dei gjer ein bra forsvarskamp, men den gode målvakta til Viborg, Rikke Poulsen, gjer det vanskeleg å score.

Hege Bakken Wahlquist får fleire sjansar frå venstrekanten sin, men anten står Rikke Poulsen i vegen, eller så går skota i stolpen eller utanfor. Ein gong får ho ballen i mål, men då bles dommarane straffe, som medspelar Amalie Wichamann set inn.

– Heilt krise!

Kampen endar med siger 24–18 til Viborg, og Hege går av bana utan eitt einaste mål, fortvila over eigen innsats.

– Dette var heilt krise. Det er veldig surt no, men vi må berre fokusere på neste kamp.

– Du var ikkje åleine om å bomme?

– Nei, men eg legg jo mest merke til mine eigne bomskot, slik blir det. Nei, vi må skjerpe oss. Det var ingenting som fungerte i dag. Det er ikkje katastrofe å tape mot Viborg, men dei var ikkje så mykje betre enn oss. Hadde vi ikkje bomma så mykje hadde det vore jamt.

Sjølv om Hege ikkje fekk ballen i mål, fekk ho spele nesten heile kampen.

Søren Reinholdt Hansen

HAR TRUA PÅ HEGE: Trenar Søren Reinholdt Hansen i TTH Holstebro.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Den andre venstrekanten er skadd, så dei har ikkje så mange å velje mellom. Men eg hadde nok trengt ein pause i kampen.

– Fantastisk spelar

Men trenar Søren Hansen forsikrar at dei har klokkartru på Hege Bakken Wahlquist, trass i at ho ikkje hadde dagen mot Viborg.

– Vi er veldig glade for å ha Hege i laget, ho er ein fantastisk spelar med spisskompetanse, og ho er lynhurtig. Eg forstår at ho var lei seg etter kampen, men dette er ein læringsprosess, og ho kjem heilt sikkert sterkare tilbake.

Og sambuar Torbjørn Bergerud forsikrar at han skal syte for å gi Hege den trøysta som trengst for å kome sterkare tilbake i neste kamp.

– Det skal eg få til, og kanskje må ho trøyste meg litt også.

Årdølen Hege Bakken Wahlquist (24) spelar i danske eliteserie.

HADDE IKKJE DAGEN: Hege fekk ein del sjansar, men det vart som her, målvakta redda. Foto: Kjell Arvid Stølen, redigering: Sondre Dalaker.

Poengtap mot botnlag

For herrelaget til TTH leia med to mål 35 sekund før slutt i sin kamp, men måtte oppleve at Skanderborg utlikna på straffe i sluttsekundet. Sjølv kom Torbjørn ikkje på bana i det heile. Den andre keeperen, Rasmus Lind, gjorde sakene sine så godt at det ikkje var aktuelt.

– Min jobb vart å backe opp Rasmus. I neste kamp kan det vere eg som får sjansen, og han får jobben med å backe opp meg.

Torbjørn Bergerud og Hege Bakken Wahlquist

TRØYSTAR KVARANDRE: Torbjørn Bergerud og Hege Bakken Wahlquist er saman både på og utanfor handballbana.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Reknar ikkje med EM-spel

Hege Bakken Wahlquist har mange vener og kjende heime i Årdal som gler seg over å ha fått ein toppspelar i norsk handball. Saman med Kjerstin Boge Solås frå Dale er ho i bruttotroppen til EM i handball i Göteborg i desember. Berre det er historisk for handballen i Sogn og Fjordane.

Men Hege reknar ikkje med å få plass i den endelege EM-troppen. I så fall må det forfall til frå meir meritterte spelarar.

– Det er 28 i bruttotroppen, og det skal ned til 16. Eg reknar med at det blir Camilla Herrem og Sanna Solberg som kjem med som venstrekantar. I tillegg ser Thea Mørk ut til å vere før meg i køen. Men eg er veldig glad for å vere i bruttotroppen.

– Så du reknar ikkje med noko?

– Nei, det gjer eg ikkje.

Men på lengre sikt har ho ambisjonar om å prøve å kvalifisere seg for A-landslaget. Ho lovar å stå på for å vise landslagsleiinga at ho kan ta steget når Camilla Herrem ein gong gir seg. Og ho let ikkje ein litt dårleg dag på jobben knekke pågangsmotet.