Asbjørn Vølstad vinkar til publikum i UCLA-drakt
Foto: Tom Hatlestad

Det amerikanske eventyret

TØNSBERG/FØRDE (NRK): Saman med fem OL-vinnarar vart Asbjørn Vølstad teken ut på tiårets lag i amerikansk volleyball på 80-talet.

Det var som om ein brasilianar skulle bli teken ut på eit draumelag av norske langrennsløparar på 90-talet. Nesten surrealistisk.

– Det er kult. Og eg trur eg skulle ha klart å spele meg inn på OL-laget til USA. Men det får vi aldri vite, seier Asbjørn Vølstad.

54-åringen kikkar bort på premiane han har funne fram for fotografen. Prøver på seg to digre ringar. Dei er beviset på at nordmannen har vunne den amerikanske volleyballserien to gongar.

Asbjørn Vølstad skaffa seg eit namn som framleis er velkjent volleyballkrinsar i USA: Ozzie Volstad. På 80-talet var han ein av dei største i ein idrett der amerikanarane hadde verdsherredømme.

The most formidable Norwegian import to hit L.A. since Sonja Henie

Sports Illustrated, 11. mai 1987

Los Angeles, California, mai 1984. 10.000 elleville supporterar omkrinsar den intime arenaen i Pauley Pavillion. CBS er inne med direkteoverføring på TV. To hornorkester og cheerleaders av begge kjønn hausar opp stemninga. Ozzie kastar eit blikk oppover tribunen. Det er mørkt av folk så langt han kan sjå. No skal den amerikanske finalen avgjerast.

– Det var intenst. Mykje adrenalin. Ei fantastisk oppleving, seier Vølstad.

Han var inne i sin aller første sesong med UCLA Bruins, volleyballaget til University of California, Los Angeles. Det hadde gått over all forventning. Ikkje berre var han fullt på høgde med dei andre spelarane, han spelte alle dei 38 kampane då UCLA gjekk gjennom sesongen utan å tape.

I finalen vann laget 3–1 over Pepperdine.

Vølstad vart av universitetsavisa kåra til årets nykommar Rookie of the Year framfor dei seinare OL-vinnarane Reggie Miller (basketball) og Andre Phillips (friidrett).

Han vart den første debutanten på det amerikanske All Star-laget sidan legenda Karch Kiraly i 1979. Amerikanaren vann seinare OL-gull i 1984 og VM-gull i 1986, VM-gull i 1986 og OL-gull i sandvolleyball i 1996.

Det var ein debutsesong det lukta svidd av.

– Mange vart nok overraska, men eg var ganske jordnær av meg. Og eg utvikla meg ganske fort, seier han.

Asbjørn Vølstad i angrep for Førde

I AKSJON FOR FØRDE: Asbjørn Vølstad (nr. 2) slår eit meterskot frå oppleggar Olav Vølstad. Biletet er henta frå ein kamp mellom Førde og KFUM Bergen i Førdehuset på slutten av 1970-talet.

Foto: Privat

Utvikle seg fort hadde han gjort heilt sidan han byrja med volleyball som 14-åring. Den aktive guten hadde drive med ski, fotball, friidrett og mykje leik i skog og mark, då han vart med dei eldre brørne sine på volleyballtrening. Det var ein kultur som passa han betre enn fotballen.

Etter berre tre år var han på si første landslagssamling. Han debuterte for Norge mot England i 1979. Berre 16 år gammal fekk han spele frå start i debuten.

– Klart det gjekk fort. Men eg hadde alltid vore veldig aktiv, og i det ligg det veldig mykje trening. Så det fysiske grunnlaget var godt, seier han.

Vølstad og kameratane heldt fram med store treningsmengder, mykje inspirert av impulsar frå landslagsmiljøet. Det handla om å forstå korleis ein kunne bli betre, og så ta ansvar for eiga trening. Den indre motivasjonen var stor. Detaljane var viktige.

Førde spelar for første gong i toppserien

FØRSTE OPPRYKK: Førde Volleyballklubb spelte sin første sesong i toppserien i volleyball i 1980–1981. Asbjørn Vølstad var sentral midtspelar. På biletet ser vi elles Per Ståle Grytås (11), Bernt Ove Hundvebakke (13), Johan Jakobsen (12), Kurt Strandos, Olav Vølstad (1), Terje Svalheim (14), Finn Ove Njøsen, Magne Hornnes (7), Asbjørn Vølstad (2), Inge Andersen (trenar og lagleiar), Einar Eikenæs (3), Torgeir Tviberg (6) og Kenneth Hafstad (10).

Foto: Privat

– Vi har sikkert drive naboane til vanvit med å slå ballen fram og tilbake mellom oss ute på plenen. Vi var fleire søsken som spelte, og vi hadde med oss kameratane, fortel Vølstad.

Han vann junior-NM med Førde, og var med på opprykket til toppserien med moderklubben i 1979. Det vart tre sesongar på øvste nivå i Norge. Han fekk også med seg bronse i NM.

Det var på tide å ta eit steg vidare. Vølstad ville til USA. Og ikkje til kva lag som helst: UCLA Bruins hadde vunne tre amerikanske meisterskap på rad.

I samband med ei landslagssamling snikra han med god hjelp av nokre kameratar saman ein video av seg sjølv.

Han fekk napp på universitetet. Hausten 1983 sette han seg på flyet.

– Det var litt av ei kjensle. Ein flytur på 11 timar inn i det ukjente. Alt eg visste var at ein lang mann skulle plukke meg opp på flyplassen.

Han var klar for ein skule med 30.000 elevar. Eit universitet med flest meisterskap i USA. Eit Bruins-lag med 24 spelarar i stallen – nok til fire seksarar. Eit lag der fem av seks spelarar frå serievinnarane framleis var med. Trenaren var den legendariske Al Scates.

Asbjørn Vølstad viser fram premien for seriegullet i USA 1987

GAMLE MINNER: Asbjørn Vølstad viser fram premien for seriegullet i USA 1987. Han er no sportsleg leiar for Tønsberg volleyballklubb.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Vølstad fekk eit brått møte med den amerikanske konkurransementaliteten.

– Eg vart raskt van med å spele under press. Det kunne jo gå varmt for seg. Men det var eit vanvitig bra kameratskap, seier han.

– Det største sjokket var likevel den fysiske treninga, der vi kunne vere oppe i 360 push ups under sirkeltrening før ei speløkt. Eg var så stiv at eg ikkje klarte å tørke meg under armane etter å ha dusja, smiler Vølstad.

På fire år la han på seg 10–15 kilo i musklar. Kunne ta 90 push ups på eitt minutt. Heime i Norge la folk merke til at Vølstad fekk nye impulsar og haldningar. Ikkje minst på det norske landslaget.

– Eg hugsar han plutseleg kunne gå bort frå dei andre og ta push ups for seg sjølv. Då eg spurte han kvifor han gjorde det, var svaret at han ikkje var nøgd med seg sjølv. Det hadde han nok med seg frå UCLA, seier tidlegare assistenttrenar Magne Hornnes.

Asbjørn Vølstad i angrep ved nettet for UCLA

HØGT OPPE: Asbjørn Vølstad i angrep ved nettet. Han var ein sentral spelar for UCLA i perioden 1984–1987.

Foto: Tom Hatlestad

Vølstad vart omskolert frå midtspelar til kant. UCLA opplevde at mange av nøkkelspelarane frå gullgenerasjonen gav seg. Det vart to år utan at laget greidde å følgje opp suksessen frå sunnfjordingen sin gjennombrotssesong. To år han opplevde som reinaste ørkenvandringa.

Samstundes utmerkte han seg såpass at han vart omtalt i ein eigen artikkel i New York Times.

«Ozzie is the Ice Man, a very cool performer», sa trenar Al Scates til storavisa.

«He's a finesse player who likes to hit the open places and see three guys dive for the shot as the ball hits the floor. He might be the best college volleyball player in the country», heldt han fram for avisa sine mange lesarar.

He might be the best college volleyball player in the country

Al Scates til New York Times, 1985

For Vølstad sjølv var dei to åra likevel ein sportsleg nedtur.

Før siste sesongen i Bruins-drakt visste han at laget måtte vinne, elles ville dei vere den dårlegaste generasjonen frå UCLA nokon gong. Og nok var nok.

– Eg sat på bussen heim etter ein kamp vi hadde tapt. Vi kom ikkje til finalane i sluttspelet. Då bestemte eg meg for at eg aldri ville oppleve det igjen – og eg fekk med meg dei andre, seier Vølstad.

Han tok på seg å vere kaptein. Spelarane og støtteapparatet optimaliserte alt. Dei studerte motstandarane, førte statistikk og jobba hardare på trening enn nokon gong.

Det skulle betale seg.

Oppslag i amerikansk magasin etter tittel

MEISTERLEG OPPSLAG: Slik vart Asbjørn Vølstad og UCLA Bruins sin triumf i 1987 markert i avisa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Los Angeles, California, mai 1987. 9000 tilskodarar fyller finalearenaen Pauley Pavilion. Nede på bana jublar dei kvite og blå spelarane for fotografen etter å ha vunne finalen 3–0 over USC. Det gamle storlaget UCLA Bruins har teke tilbake hegemoniet i amerikansk volleyball. Asbjørn Vølstad blir kåra til den beste spelaren i turneringa. Han kjem også med på All Star-laget. For fjerde gong.

With Ozzie, it was easy

SPORTS ILLUSTRATED: Trenarlegenda Al Scates trekte fram Asbjørn Vølstad som ein av dei aller beste i eit intervju med Sports Illustrated.

Foto: Faksimile Sports Illustrated

– For meg er dette det store året. 84-laget er anerkjent som det beste college-laget i USA gjennom tidene, og det er ikkje mange som har gått gjennom sesongen utan å tape. Men det gjorde vi heller ikkje i 1987, og det var på ein måte meir mitt lag, seier Vølstad.

WITH OZZIE, IT WAS EASY

Tittel i Sports Illustrated, 11. mai 1987

Han vart kåra til årets spelar i collegeserien. Og no var han ikkje berre kjend som Ozzie. Han gjekk også under namnet «Ice Man». For når den allsidige spelaren gjekk opp i angrep, hadde han evna til å kaldt og roleg vurdere situasjonen og deretter velje den beste løysinga.

Og den iskalde sunnfjordingen fekk merksemd i gamlelandet.

Kjendismagasinet «PS!» hadde reportasje med tittelen «– Jeg vil ha norske jenter!» I radio og aviser vart Vølstad nemnd i same andedrag som Grete Waitz. Rett og slett fordi dei to var dei einaste kjende norske idrettsutøvarane for folk i California.

– Asbjørn er den nest beste spelaren eg nokosinne har hatt på noko lag. Etter Karch Kiraly. Og Karch er best i verda akkurat no, sa Al Scates til VG.

Scates er tidenes mestvinnande trenar i USA, ansvarleg for UCLA sitt volleyballag i fleire mannsaldrar. Og han var ikkje åleine om lovorda. Ein amerikansk TV-kommentator hadde tidlegare vore kaptein for OL-laget som tok gull i 1984. Han følgde opp til avisa:

– Ikkje berre er han god nok for landslaget til USA – det beste i verda. Hadde Ozzie vore amerikansk statsborgar, ville han ha fått spele mykje også. Alle treng smarte spelarar.

VG-sporten om USA-suksessen i 1987

AVISSTOFF: Suksess i USA vart fanga opp av hovudstadspressa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sjølv kan Vølstad i dag avkrefte ei seigliva myte om at han fekk tilbod om å skifte statsborgarskap. Truleg har ryktet oppstått etter denne VG-artikkelen.

Men han ser ikkje bort ifrå at han kunne ha vore olympisk meister om han faktisk hadde vore amerikansk. For USA var verdsdominerande på 1980-talet og tok med seg OL-gullet både i 1984 og 1988. Og Vølstad var god nok for landslaget.

– Men det blir ein meiningslaus spekulasjon. Det brukar eg ikkje mykje energi på.

«Ozzie» sitt namn heng i dag på veggen i UCLA Hall of Fame. Ikkje så rart. Det er svært sjeldan at ein og same spelar kjem med på årets lag fire sesongar på rad.

Trenarane har dessutan plukka han ut på det amerikanske stjernelaget for 1980-åra.

– Asbjørn var eksepsjonell. Å komme med på eit slikt lag er kjempedigert. Alle dei andre spelarane på laget er OL-vinnarar i ein verdsidrett, seier Ivar Bakken.

Han kjenner norsk volleyball betre enn nokon etter snart 40 år som trenar på klubb- og landslagsnivå. Han meiner berre Jan Kvalheim kan måle seg med Vølstad i norsk samanheng.

– Han er nokså eineståande. Etter så mange år har han framleis eit namn i USA, seier Bakken.

UCLA feirar ligagullet i 1987

STORLAG: Asbjørn Vølstad (nr. 24 framme til venstre) og UCLA feirar den store triumfen i 1987. Sunnfjordingen vart kåra til den beste spelaren i turneringa.

Foto: Ucla Bruins.com

Ozzie Volstad, an All-Tournament selection as a freshman when UCLA won the national title in 1984, was the outstanding player of the 1987 tourney

uclabruins.com

Vølstad hadde godt blikk for spelet og god teknikk. Han kombinerte det med ein sjeldan god fysikk. Mykje låg nok i genane. Han er nemleg éin av fem søsken som alle kom på det norske landslaget. Fire av dei vart også proffar.

Det unge og vitale miljøet i Førde sterkt medverkande.

– Karrieren hans er spesiell. Men også litt typisk at slike spelarar kjem frå ein liten klubb. Der er ein kanskje mest svolten og samstundes jordnær. Asbjørn hadde sunne verdiar, seier Magne Hornnes.

– Men vi skjønte nok ikkje heilt kor god han faktisk var, før han plutseleg reiste. Det er litt magisk at han nådde så langt, funderer den tidlegare landslagstrenaren.

Asbjørn Vølstad på bana for Norge. Jan Kvalheim til venstre.

EIN BRÅTE LANDSKAMPAR: Asbjørn Vølstad (t.v.) fekk 111 landskampar for Norge, og meiner landslaget kunne ha blitt gode om alt hadde blitt lagt til rette for satsing. Til venstre lagkamerat og proffkollega Jan Kvalheim.

Foto: Raymond Wardenær

Tilbake i Europa etter fire sesongar i amerikansk volleyball, spelte Asbjørn Vølstad sandvolleyball saman med Jan Kvalheim i Italia. Målet var å vise seg fram for proffklubbane.

Han takka ja til eit godt tilbod frå hardtsatsande Hamburger Sportverein i Tyskland.

Vølstad på forsida av amerikansk magasin

SENTRAL FIGUR: Asbjørn Vølstad var nøkkelspelar på UCLA, og titt og ofte trekt fram i reportasjar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Der vart han i 1987/88-sesongen både serie- og cupmeister på første forsøk. Hamburg slo dessutan både dei polske og dei italienske meistrane, men rauk ut av europacupen på poeng.

Vølstad vart kåra til beste blokkspelar i Bundesliga.

– Det var morosamt. Men eg spelte midt, og hadde mest lyst til å vere kant, så eg gjekk til Grenoble, seier han.

Frankrike var ein god nasjon i volleyball. Grenoble hadde fleire spelarar frå OL-laget. Og Vølstad fekk spele kant.

No tente han også ok pengar på idretten. Sjølv om han gjekk ned i løn frå tida i Tyskland.

– Eg ville heller oppleve noko eg tykte verka meir spennande, forklarer han.

Han fekk med seg ein andreplass i serien det første året med Grenoble. Høgdepunktet som proff kom med fjerdeplass i CEV-cupen.

Grenoble, våren 1990. Smerta jagar gjennom skuldra kvar gong Asbjørn Vølstad hamrar til ballen. Likevel gjer han alt han kan for at laget skal komme seg til sluttspelet igjen. For no må laget vinne mot dei sterkaste konkurrentane – og det går med eit naudskrik. Det skal likevel vise seg å bli den siste proffkampen for nordmannen.

– Vi klarte å gjere jobben vår. Men eit anna lag tapte med vilje for å halde oss utanfor sluttspelet. Det var ei verkeleg kjip oppleving. Den største nedturen i karrieren min. Slike ting er så langt unna det idrett handlar om som det er mogleg å komme, seier Vølstad.

Ringane frå dei amerikanske meisterskapa

TYPISK AMERIKANSK: Dei to ringane som markerer titlane frå USA passar framleis på fingrane. Sjølv om dei ikkje ofte er framme i dagslys.

Foto: Rune Fossum / NRK

Grenoble hadde ikkje lenger eit like attraktivt lag, og kantspelaren såg seg om etter andre moglegheiter. Han var i dialog med nokre klubbar, men valde å reise tilbake til USA for å fullføre studia og få orden på skuldra.

– Eg sleit med slitasje. Hadde ein teknikk som var brutal mot skuldra, forklarer Vølstad.

Etter eit kvileår var lysta tilbake. Han fekk eit godt kontraktsforslag frå franske Lyon. Men han ville vente og sjå an andre tilbod. I mellomtida signerte franskmennene ein russar – og då var toget gått. Vølstad reiste heim til Norge, der han starta å jobbe som ingeniør.

Samstundes vart han med på Kolbotn si triumfferd i norsk volleyball i 1991. Det enda med gull i serie, sluttspel og cup.

– Eg trur det var ei bra avgjerd å reise heim. Dette Kolbotn-laget må ha vore eitt av dei betre vi har sett i Norge, seier Vølstad.

Han la opp etter det eine året i norsk 1. divisjon, men gjorde eit kort comeback fire år seinare. Då nytilsett landslagstrenar Neven Kurecevic ville børste støvet av den gamle stjernespelaren, sa han ja til å hjelpe til med flagget på brystet. Vølstad spelte eitt år for KFUM Oslo. Der avslutta han også karrieren for godt.

– Om det er noko eg angrar på, så må det vere at eg kunne ha gjort andre val på tampen av karrieren. Eg burde kanskje ha prøvd å komme meg til Italia, som nok var den beste ligaen på den tida, funderer han og held fram:

– Hadde sandvolleyball blitt OL-grein i 1992, kan det dessutan hende at Jan Kvalheim og eg hadde funne saman. Eg trur vi to kunne ha blitt eit bra lag. Men slik vart det ikkje, seier Vølstad.

Asbjørn Vølstad ser i utklippsalbum

STOR KARRIERE: Utklippsalbumet syner mange store opplevingar som spelar på UCLA, Hamburg og Grenoble.

Foto: Rune Fossum / NRK

30 år etter at han herja amerikanske volleyballbaner blir han framleis hugsa «over there». På nyåret i 2016 dukka «Ozzie» igjen opp i amerikanske medium.

I samband med 100-årsmarkeringa for PAC-12 (eit forum for idrettsgreinene ved tolv universitet i dei vestlege statane i USA), kom Vølstad med blant dei 16 beste spelarane i ei kåring for dei siste hundre åra i Pacific Athletic Conference.

– Fekk du ut det fulle potensialet ditt?

– Eg veit nokre ting eg kunne ha blitt betre på. Til dømes serve. Og litt i angrepsspelet. Så eg kunne nok ha blitt ein betre spelar, seier Vølstad, trekkjer litt på det og legg til:

– Men eg fekk vel til mykje.

Kjelder: Sports Illustrated, VG, Raymond Wardenær sin blogg, New York Times, Volleyballnytt