Trygve Vågen og Hillborg Romtveit, Der ingen skulle tru

BARNDOMSGARDEN: Trygve Vågen og Hillborg Romtveit overtok garden på Austli i 2005.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Den veglause lukka

AUSTLI / MØSVATN (NRK): Hillborg og Trygve meiner lukka er å bu så langt frå vegen at folk må streve litt for å kome på besøk.

Skal du reise til garden Austli ved Møsvatn i Telemark, må du først køyre ein time frå Vinje. Der må du parkere bilen, for her stoppar vegen. På sommaren går det rutebåt over Møsvatn, på vinteren må du bruke snøscooter, så lenge isen er trygg.

– På det verste sist vinter så kunne eg bruke to og ein halv time for å kome meg på jobb. Men det gjekk det også, seier Hillborg Romtveit.

Som utøvande folkemusikar og lærar i kulturskulen, er det naudsynt å oppsøkje andre menneske nokre dagar i veka. Men grunnlaget for lukka ligg i det å kunne på ein stad som veglause Austli, meiner ho.

Vanskeleg å definere lukke

Austli

– Det gjeld å ikkje leggje lista så høgt når det gjeld materielle ting, så kan ein ha det godt med å vere her. Om vi ville tene mykje pengar, så hadde vi vore nøydde for å ha 100 prosent stillingar ute i verda eller nede i bygdene. Men då kunne vi jo ikkje vere her.

I Tromsø sit ein av dei fremste innan forsking på lukke og livskvalitet. Professor i samfunnspsykologi, Joar Vittersø, er overtydd om at menneska kan finne lukka. Men å definere nøyaktig kva lukke er for noko, er vanskeleg.

– Det finst inga stor semje om kva lukka er for noko, men definisjonar er ofte problematisk innan all vitskap. Det er ikkje alltid er så lett å definere fenomen og ting som vi kanskje trur, sjølv innan naturvitskapen. Men forsøk på å definere lukke finst det mange av, og det har vore prøvd i tusenvis av år, seier Vittersø til NRK.

Det gjeld å ikkje leggje lista så høgt når det gjeld materielle ting, så kan ein ha det godt med å vere her

Hillborg Romtveit

To retningar i forskinga

Han peikar likevel på at det er to hovudretningar innan forskinga, der den eine retninga seier noko om individet si lukke, medan den andre retninga peikar på menneska sitt ansvar i høve samfunnet rundt oss:

  1. Lukka må ha noko å gjere med ei oppleving, noko som følast godt. Ein kan ikkje vere lukkeleg utan å ha det godt med seg sjølv.
  2. Lukke må ha noko med ei moralsk handling å gjere, at det ikkje er nok at du føler deg vel og tilfreds. Du må også oppføre deg i samfunnet på ein moralsk akseptabel måte.

– Den eine er berre oppteken av personen si subjektive kjensle, og den andre seier at det i tillegg må vere nokon kriterium for kva som er godt som samfunnet må akseptere, seier professoren.

Joar Vittersø

FORSKAR PÅ LUKKA: Professor Joar Vittersø meiner at det er viktig å forske på lukke og livskvalitet.

Foto: NRK

Isolerte frå andre menneske

I den komande episoden av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så fortel Hillborg Romtveit og ektemannen Trygve Vågen nettopp om kva som skapar lukke for dei.

Vinterdagen er det langt å reise for å kome seg til butikk eller jobb, og lukka kan også vere når isen på Møsvatn endeleg er så trygg at ein kan bruke snøskuteren for å ta seg fram.

Hillborg Romtveit og Trygve Vågen

AUSTLIDDAGEN: Ein gong i året inviterer Hillborg og Trygve alle til gards. Den dagen lever dei lenge på.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men isolasjonen frå andre menneske har også ein verdi som kan målast i lukke, meiner Trygve.

– Ein må jo då heller tenkje på andre ting, ein får jo ikkje gjort noko med det likevel. Ein kan lese litt, spekulere og spele litt meir. Det kjem tidsnok folk, meiner Trygve Vågen.

Professor Joar Vittersø meiner at det er viktig å forske på folk sitt syn på livskvalitet og lukke, og han meiner at TV-serien set nettopp dette i perspektiv.

–.Programmet syner fram liv som er veldig annleis enn dei vi vanlegvis har rundt oss. Det skapar ein nyttig distanse som gir rom for refleksjon og inviterer til å gå djupare ned i verdihierarkiet og dei vala vi gjer til dagleg, meiner Vittersø.

Bhutan

MÅLAR LUKKA: I landet Bhutan reknar over 90 prosent seg som heilt eller delvis lukkelege.

Foto: Colourbox

Målar nasjonal lukkeverdi

Det er nær 7000 kilometer i luftlinje mellom fjellheimen i Telemark og fjellandet Bhutan i Himalaya. Men skilnaden er kanskje mindre enn ein skulle tru. For også bhutanesarane er meir enn dei aller fleste opptekne av finne lukka i sitt eige nærmiljø.

Landet målar verdien brutto nasjonal lukke, og legg stadig nye planar for korleis innbyggjarane skal bli enda lukkelegare. 91,2 prosent av innbyggjarane sa nyleg i ei gransking at dei er lukkelege, svært lukkelege eller usedvanleg lukkelege.

– Bhutan har hatt ei stor påverknadskraft gjennom FN på korleis vesten ser på lukke og livskvalitet. FN har teke imot dette med opne armar, og leiarar i vestlege land har gått med på at det som eigentleg betyr noko når det gjeld å drive politikk er å skape gode liv og gode samfunn, seier professor Joar Vittersø.

Det finst mange forsøk på å definere lukke, og det har vore prøvd i tusenvis av år

Professor Joar Vittersø

– Må vere eit samsvar

Han meiner at det å finne meininga med det gode liv, og dermed ein viss grad av lukke, er eit universelt håp, uavhengig av kulturbakgrunn.

– Prinsippa om lukke er universelle. Ser ikkje ut for at nokon menneske i nokon kulturar eller i historiske epokar trivst om dei blir detaljstyrt av andre. Vi må ha håp, draumar og planar og at livet må vere nokolunde i takt med dei.

Professoren peikar på at planar og draumar vil vere ulike frå folk til folk. Nokon drøymer om å starte ei bedrift i ein storby, andre drøymer om å leve i pakt med naturen, veglaust inne på ei fjellvidde.

–Ytre sett er det veldig ulikt, men psykologisk så har det ein del fellesnemnarar. Blant anna at det må vere eit visst samsvar med dei ønskja vi har om å leve på bestemte måtar, og det livet vi faktisk har.

Klare for ein ny vinter

På Austli går det mot ein ny vinter, og nye dagar heilt isolert frå andre folk for Trygve Vågen og Hillborg Romtveit. Men med den vakre sommaren som minne, vil dei nok ein gong leve seg gjennom også dei tøffe dagane.

– Når vi er ute, så lengtar vi alltid heim. Ein dag vi ikkje er her er litt sår. Slik har det blitt for meg også, sjølv om eg ikkje er fødd her. Men når ein først har kome hit, så må ein vere her, seier Hillborg.

– Går de mykje etter klokka her inne?

– Det er lite, det er det som er det fine. Det er ikkje arbeid frå sju til fire, om du ikkje arbeider om dagen, så kan ein arbeide om natta, slår Trygve fast.