annstein bildøy
Foto: privat

Den skjulte sorga

Ti år etter at sonen døydde, laga foreldra til Annstein ein blogg for å fortelje korleis dei eigentleg hadde det.

28. februar 2007. Familien Bildøy er på familiebesøk i Ålesund. Det er ein etterlengta vinterferie for familien på fem. Jostein Bildøy står på badet då han tenker at det uvanleg stille på soverommet til eldstesonen, Annstein. Han går inn for å vekke tolvåringen. Men det er ikkje lenger liv i den vesle kroppen. Hjartet har slutta å slå.

Dei neste dagane var kaotiske. Sorga var altoppslukande for familien. Då dei kom heim til Førde, skjøna dei raskt at folk i byen i Sunnfjord hadde gjort seg opp eigne tankar om kva som hadde skjedd. Dei fekk høyre mange ulike historier om kvifor, og korleis sonen hadde mista livet.

– Vi var i sjokk alle saman. Sorga var så tyngande. Vi orka ikkje heile tida å avkrefte eller forklare folk kva som eigentleg hadde skjedd. Heller ikkje korleis vi hadde det, seier Jostein.

Mamma Hanne og pappa Jostein hadde mange nære vener dei snakka med i tida etter at sonen døydde. Men på mange måtar kjende dei seg åleine i sorga. For ein familie i ekstrem sorg, var det ingen som hadde krefter til å fortelje korleis dei eigentleg hadde det.

Ti år etter at sonen døydde, ville dei at alle skulle få vete korleis det var å miste det kjæraste dei hadde. Dei ville vise andre i ekstrem sorg at dei ikkje er åleine.

Jostein og hanne bildøy

SKREIV BLOGG: Jostein og Hanne Bildøy har skrive blogg om korleis det var å leve med ein funksjonshemma son, og om tida etter at Annstein hadde gått bort.

Foto: Sondre Dalaker/NRK

Døydde brått

arnstein

GLAD GUT: – Ein kropp kommuniserer non-verbalt like godt som verbalt. Det har betydd mykje for meg å sjå at små gleder for andre, var store gleder for han, fortel Annstein Bildøy.

Foto: Privat

Då Annstein gjekk bort, var det ingen i familien som var førebudd.

Han blei født med store funksjonshemmingar, men det var ingen som trudde at han skulle døy i så ung alder.

Familien hadde snakka mykje om eldsteguten si svake helse.

Dei tre brørne var gode vener, og avhengig av kvarandre på mange måtar, fortel faren. Dei to minste hjelpte storebroren å gjere ting han ikkje greidde sjølv.

Sjølv om Annstein ikkje hadde språk, var små gleder enormt store for den vesle guten.

– Ein kropp kommuniserer non-verbalt like godt som verbalt. Det har betydd mykje for meg å sjå at små gleder for andre, var store gleder for han.

Småbrørne til Annstein var åtte og elleve år då dei mista storebroren sin.

– Dei var i sjokk. Det kom så uventa, seier Jostein.

– Vil ikkje forstyrre

I tida etter at sonen gjekk bort, opplevde Hanne og Jostein Bildøy at det var mange rykter og spekulasjonar rundt kva som hadde skjedd med Annstein.

– Mange trudde at han døydde av omgangssjuka. Andre trudde han hadde vore sjuk i lang tid. Fellesnemnaren var at ingen kom til oss. Det var få som spurte kva som faktisk hadde skjedd, seier Jostein.

Både han og Hanne opplevde at dei blei ståande litt åleine. Dei opplevde det som ei skjult sorg.

– Dette veit vi at andre i liknande situasjonar også har kjent på. Det er nok mange som tenkjer at dei ikkje vil forstyrre. Dei vil kanskje vise respekt i ein vanskeleg situasjon, seier Jostein.

Den tyngste veka

Ti år etter at sonen døydde, bestemte Hanne og Jostein Bildøy seg for å skrive om den tyngste veka i livet sitt.

arnstein

ANNSTEIN BILDØY: Det er ti år sidan tolv år gamle Annstein gjekk bort. No har foreldra skrive blogg om sonen.

Foto: privat

Veka då dei fekk kjenne at livet kan vere grufullt urettferdig. Veka då familien på fem, brått blei til fire.

Dei ville ikkje berre skrive for seg sjølv, men for heile verda. Ikkje for å dyrke sorga, men for å vise andre som har opplevd noko liknande at dei ikkje er åleine.

Jostein sat seg ned framfor datamaskina, og laga ein bloggserie.

I jungelen av rosabloggar og treningsbloggar, skreiv han bloggen om Annstein. Han og kona skreiv om korleis det hadde vore å ha ein funksjonshemma gut. Saman skreiv dei om bekymringar, uro og sorg.

Openheit kan hjelpe

Psykolog Atle Dyregrov seier openheit ei viktig for folk i sorg eller med ein vanskeleg familiesituasjon.

– Det at ein familie i kort tid etter ei traumatisk oppleving sender ut signal om korleis dei har det, og kva dei ønskjer frå andre, gjer at det lettare å takle sorga, seier Dyregrov.

Han seier at dess meir open ein er, dess lettare blir det å takle sorga.

– Det kan også føre til mindre rykte og spekulasjonar.

Han trur samstundes at mange undervurderer kor lenge sorg kan sitje i.

– Sorga ved å miste eit barn, vil vare resten av livet. Men å snakke med andre om korleis ein har det, kan vere ein viktig faktor for å meistre sorga.

Mange har lese

Etter at Hanne og Jostein oppretta bloggen, har responsen vore overveldande.

– Vi var samde om det vi ønska å dele. Det gjorde det lettare, seier Hanne.

At alle som ønskjer det, no kan lese heile historia om omstenda rundt sonen, er ei lette for ekteparet. Ved å dele historia si, ynskjer dei å gi ei handsrekning til andre familiar som er i same situasjon i dag.

– Det er mange som har sagt at dei trudde dei visste korleis familiesituasjonen vår var. No har dei kome til oss og sagt at det gjorde dei ikkje.

– Mange har lese om Annstein. Det er godt å vete, seier Jostein.