Frivillig hyttevakt på Olavsbu

HEIMEN DEIRA TI DAGAR I ÅRET: Christian Sundby og Heide Tjøm med sonen Vitus stortrivst på Olavsbu.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Dei blir aldri lei av påskejobben

Ho har sin 30. påske som frivillig hyttevakt i påskefjellet, den 26. påska på Olavsbu i Jotunheimen - ein dryg skitur frå næraste bilveg.

Heide Tjøm har fått med seg mannen, Christian Sundby, og sonen, Vitus Aparicio Tjøm, på denne tradisjonen. Kvar påske forlet dei heimen i Oslo og tek turen inn i hjartet av Jotunheimen.

– Det gjer vi først og fremst på grunn av gjestene, og alle dei flotte menneska som vi treffer på her i fjellet. Det er ein generøsitet og eit sosialt liv her oppe som er heilt unikt. Her er det ingen mobildekning, og alle har fokus på kvarandre og på omgjevnadene, ikkje minst, seier Heide.

Blir aldri lei

Og omgjevnadene blir ho aldri mett av å sjå på.

– Det er ein spektakulær natur med flotte 2000-metertoppar på alle kantar, med flotte løypenett og hytter vi kan gå til, så det er mange grunnar til å kome tilbake hit.

– Men blir du ikkje litt lei av å kome hit år etter år, påske etter påske?

– Nei, det gjer eg ikkje. Ingen av oss, eigentleg. For det er litt ulikt frå år til år.

Heide Tjøm og Christian Sundby

– UNIKT SOSIALT LIV: Heide Tjøm lokka med seg halvt chilenske Christian til Jotunheimen. No er også han frelst.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Er misunneleg

Mellom gjestene på Olavsbu denne påska er Chris Wilsher. Han sit og studerer eit kart og planlegg ein dagstur med retur til hytta. Han er imponert over at ein familie brukar kvar påske til å hjelpe andre.

– Først og fremst er eg misunneleg, det er ein fantastisk stad å vere. Det å vere i denne naturen kvart år er gull verdt for oss gjestene, for vi får veldig gode tips om kvar det er trygt å gå og gøy å gå. Eg skulle gjerne ha hatt denne jobben.

Han hadde tenkt seg ein tur på Skardalstind, men Heide tipsa han om Raudalstind.

– Det er nok ein meir spennande tur. Eg har med meg to søner, så då blir det nok opp på Vestre Raudalstind.

Chris Wilsher og Heide Tjøm

GODE TURRÅD: Chris Wilsher studerer kartet før dagens tur og får gode råd frå Heide Tjøm.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Som å kome heim

Mannen til Heide, Christian Sundby, har også 26 påsker bak seg på Olavsbu, og han er like frelst.

– Det er ein utruleg fin plass, ei veldig fin hytte og fine omgjevnader, og ikkje minst menneska. Det å få kontakt med andre menneske i påska er veldig fint.

Trass sitt norskklingande namn er Christian halvt chilensk. Han var 24 år gamal då han kom til Norge. Og fjellpåske var noko heilt nytt for han.

– Det var veldig rart, totalt uvant frå staden der eg voks opp. Men det er berre å tilpasse seg, og etter kvart vart det veldig fint. Det tok litt tid å venje seg til snø og kulde, og eg kunne ikkje gå på ski, men no er det som å kome heim.

Vitus Aparicio Tjøm

HEILE FAMILIEN I ARBEID: Vitus har fått jobben med å etterfylle hyllene med tørrmat.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Piffar opp posematen

Men det er ei side ved hyttelivet som minner han om heimlandet Chile, og det er det sosiale livet.

– Sidan det ikkje er mobildekning her er folk nøydde til å snakke med kvarandre. Det er kjempefint, for ein har god tid, og då kan ein prate om alt mogeleg rart. Her blir vi kjende med mange menneske. Folk blir ei stund, så går dei vidare, og det kjem nye innom. Det er ein fin dynamikk i det.

På Olavsbu er det mykje hermetikk og posemat i hyllene, kanskje ikkje grunnlag for gourmetmåltid. Christian har med seg noko som kan piffe opp smaken.

– Eg tek med kvitløk, så ordnar det seg med ein gong. Og det er berre ti dagar, så det går fint.

Christian Sundby

IKKJE FØDD MED SKI PÅ BEINA: Christian var ukjend med ski og snø før han kom til Norge, men har lært seg å like dette livet.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Får ikkje alltid inn vêrmeldinga

Det er ikkje til å kome bort frå at vêret har mykje å seie for dei som skal gå turar midt inne i Jotunheimen. Og på Olavsbu er det ingen som kan studere yr.no eller andre nettstader, sidan det ikkje finst mobildekning.

Det einaste hjelpemiddelet er ein radio, og Heide får som regel inn NRK P1.

– Vi prøver å få med oss vêrmeldinga om morgonen, slik at vi kan ha siste nytt til dei som skal ut på tur. Dei går tur nesten uansett vêr, men dei vil gjerne vite kva dei skal førebu seg på, om dei skal fylgje stikkene eller om dei skal våge seg utanom.

Radiolytting på Olavsbu

FÅR VI INN VÊRMELDINGA? Det daglege spenningsmomentet er om dei får inn radiosignala når meteorologen fortel om vêret i fjellet.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Men det å få inn radiosignala når meteorologen er på lufta kan vere ein sjansespel, og akkurat denne dagen fekk Heide ikkje inn vêrmeldinga.

– Det kan vere både spennande og frustrerande, og det er litt trist å ikkje kunne gi gjestene den informasjonen. Eg veit dei sit i stova og ventar på å få vite kva vêr dei kan vente seg.

– Det er det siste dei spør om før dei legg seg om kvelden, og då svarar eg optimistisk at det skal dei få. Og når eg no slukøyra må gå og fortelje at eg ikkje fekk tak i vêrmeldinga er det litt kjedeleg.

Tenk deg kvar påske i tretti år som hyttevakt på ei turisthytte. For familien til Heide Tjøm har dei funne sitt paradis i Olavsbu i Jotunheimen.

VIDEO: Kvar påske forlet Heide Tjøm heimen i Oslo og tek turen inn i hjartet av Jotunheimen. I år har ho med sonen og mannen. Reporter: Terje Gilleshammer/foto: Borgar Sagbakken/redigering: Ole Andre Rekkedal

– Folk er blitt flinkare med utstyr

Då må ho ut på tunet og kjenne på vind og vêr og prøve å gi råd som best ho kan ut frå det.

– No er løypene veldig godt kvista, og folk legg av garde. Med åra er folk blitt flinkare med utstyr. Eg er tryggare når gjestene går ut i litt vind og eg veit at dei har ein vindsekk som dei kan ta på seg og vente nokre timar til vêret blir betre.

Olavsbu i Jotunheimen

MIDT I JOTUNHEIMEN: Det er 17 kilometer å gå til Olavsbu frå næraste bilveg.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Uansett er ho glad for at det ikkje er mobildekning på Olavsbu.

– Det er ei heilt anna merksemd mellom folk, folk har fokus på kvarandre og på naturen rundt hytta. Det er eit samver som er heilt unikt, her spelar dei spardame 18 gonger på kvelden. Hadde dei hatt tilgang til Facebook hadde dei sikkert konsentrert seg om det, så eg håpar det varer ved at vi ikkje har mobildekning her.

– Kan nullstille seg

Heide Tjøm vedgår at ho til dagleg er vel så hekta på sosiale medium og mobilen sin som andre, men akkurat desse ti dagane i fjellet er ho glad for å vere utan.

– Det er ein sjanse til å kunne reinse ut av systemet. Desse ti døgna er ein unik anledning til å nullstille seg. Vi les mykje bøker, vi snakkar mykje med mange ulike menneske kvar dag.

Det er ein kvalitet i seg sjølv at det ikkje er mobildekning på Olavsbu, seier ho.

– Det er ein av grunnane til at vi søker oss tilbake hit. Det er spesielt flott for dei yngre, for dei er kanskje endå meir avhengige av å fylgje med på dei sosiale kanalane enn vi eldre. Her er det folk som ikkje kjenner kvarandre frå før som har det hyggeleg til langt på natt med kortspel og gode historier.

Laster kart, vennligst vent...

SENTRALT I JOTUNHEIMEN: Til Olavsbu kjem folk frå mange kantar.