Stian Grimseth og Øystein Holt reiser frå Sydney
Foto: Berntsen, Tore / VG

Då tårene trilla

NAUSTDAL (NRK): Åtte år etter han sjokkert avviste tilbod om doping, raste verda saman for Stian Grimseth. Karrieren var øydelagt av nettopp doping.

Store karar tek ikkje til tårene. Slik er det berre. Men det er situasjonar der til og med dei aller største og sterkaste av oss ikkje maktar meir. Slik var det for Stian Grimseth.

– Eg knakk saman. Gjorde jo det, seier han.

Den 130 kilo store mannen står i ein gammal gjødselkjellar og ser rundt seg. Minna strøymer på. Om OL-draumen som vart knust i Sydney. Om starten på det heile her i kjellaren – der gutegjengen lempa ut all skiten og sette i stand treningsrommet.

Det er 20 år sidan Grimseth tok sitt første EM-gull. På heimebane. Det er 15 år sidan han hamna midt i ein av dei største dopingsakene i norsk idrett. Og det er snart 10 år sidan han fekk millionerstatning og vart reinvaska.

No skal han arrangere EM. På heimebane. Ringen er slutta.

Stian Grimseth i gjødselkjellaren der det heile starta

STARTEN: Treningsrommet var tidlegare ein gjødselkjellar. Her starta Stian Grimseth karrieren. Og her gjorde han sitt aller beste løft.

Foto: Rune Fossum / NRK

Naustdal, sommaren 1983. Stian tek i det han klarer. Den store steinen er tung, men 11-åringen gir seg ikkje. Opp i traktorskuffa skal han okke som. For det er harde tak på det vesle småbruket på Grimseth i Sunnfjord. Familien har nett starta med sau, og alle må hjelpe til med å bryte ny jord. Stian leiter etter dei aller største steinane.

– Det var mykje kroppsarbeid. Eg likte å ta dei største steinane. Eg hadde nok emne og interesse for å løfte tungt, seier Stian Grimseth.

Familien flytta til småbruket då han var ni år gammal. Berre eit par år seinare starta faren å bryte jord. Arbeidet vart gjort med handemakt. Slik dei også gjorde når dei hesja graset på bøen, og når dei jobba i skogen om vinteren. Eller når dei måtte lesse møk.

– Vi skal ikkje overdrive, men eg trur det må ha hatt ein positiv effekt for meg. Eg lærte å jobbe, og det er jo det trening på eitt eller anna tidspunkt byrjar å handle om også.

Den aktive gutungen prøvde seg både i friidrett og som keeper på fotballbana. Utan at det var nokon suksess. På skulen kom han i sjuandeklasse med vektløftaren Odd-Gunnar Røyseth. Då gjekk han heim og spurte om også han kunne få prøve seg på plattingen.

– Faderen sa at det ikkje var nokon god idé. Vektløfting var å slite seg ut. Han tenkte nok på ryggen og slikt, seier Grimseth.

Han måtte vente i to år før han endeleg kunne byrje med løfting.

Men det var først då han var 19 at han byrja å ta vektløftinga seriøst. Inspirert av landslagstrenar Bogoslaw Debek og at kameraten satsa mot junior-VM, vart det fire-fem økter i veka. Utan at han var det største talentet.

– Eg var stiv. Mangla koordinasjon. Var ikkje eingong ein uslipen diamant.

– Han var vel ikkje noko stort talent. Men Stian var sterk frå han var liten. Eller – han har vel aldri vore liten, ler Røyseth.

Bulgaria, vinteren 1992. «Very good anabolica?» Den russiske konkurrenten sitt tilbod om doping under banketten på junior-VM er ikkje til å ta feil av. Men for 20-åringen frå Norge er det som eit slag i ansiktet. Han har akkurat blitt nummer seks, men no blir han teken på senga. Får seg ikkje til å svare noko lurt. Det endar med eit famlande «no».

Han prøvde å selgje meg doping, det er det ikkje tvil om

Stian Grimseth

– Han prøvde å selje meg doping, det er det ikkje tvil om, seier Grimseth.

Bondesonen var debutant i junior-VM, og måtte seie seg godt nøgd med sjetteplassen. 132 kilo i rykk og 158 kilo i støt gav småpene 290 kilo samanlagt. Det var på mange måtar eit internasjonalt gjennombrot.

Men på banketten etterpå brast dei fleste illusjonane om fair konkurranse. Det kjendest ikkje godt å vite at folk framfor han på lista brukte doping. Men det gjorde noko med innstillinga hans.

– Etter kvart har det gått personleg prestisje i å motbevise påstanden om at det ikkje går an å bli best utan å bruke dop, sa Grimseth til avisene før OL i Atlanta fire år seinare.

Avisutklipp med Grimseth som 11-åring

LOKAL HELT: Allereie som 11-åring var Stian Grimseth i lokalavisa etter å ha teke premie på idrettsbana. Her står han bak til høgre etter å ha teke sølv i kulestøt. Barndomskameraten Odd-Gunnar Røyseth står i midten med førstepremien.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han takka først nei til å vere med i Prosjekt Atlanta. Ville ikkje leggje ned så mykje tid, og var usikker på om motivasjonen var god nok. Men etter eit års verneplikt i idrettstroppen, flytta naustedølen i 1994 til Oslo for å satse for fullt.

Der vart det opp mot 12 økter i veka. Og han fekk trene på toppidrettssenteret saman med folk som Lasse Kjus, Kjetil André Aamodt og Steinar Hoen.

– Eg la merke til arbeidet dei la ned for å bli gode. Det fanst ingen snarvegar, og det var ein seriøsitet der. Eg lærte mykje av det mentale, seier Grimseth.

– Og då eg først takka ja, var eg overtydd om at dette var noko eg verkeleg ville. Eg måtte berre modnast først. Det var godt eg var i eit miljø som aksepterte det – for elles hadde eg nok gitt meg, funderer han.

Det skulle vise seg at den einaste vektløftaren som først takka nei til prosjektet, faktisk var den einaste som deltok i OL i 1996. Men først venta eitt av dei største høgdepunkta i heile karrieren.

I staden for å komme på topp i ung alder, og kanskje øydeleggje kroppen gjennom uloveleg preparat, satsar eg på å byggje meg opp. Sakte, men sikkert. Gjennom eit skikkeleg og godt kosthald.

Stian Grimseth til avisa Firda, 1995
Stian Grimseth med EM-gull og ti kongepokalar

HØGDEPUNKT: Stian Grimseth med EM-gullet han tok på heimebane for 20 år sidan. På veggen har han dei ti kongepokalane han tok på rad i NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Stavanger, 14. april 1996. Jubelen står i taket då Stian Grimseth får EM-gullet rundt halsen. Norge har fått sin første internasjonale meister i vektløfting sidan Leif Jenssen sitt OL-gull 24 år tidlegare. No kan naustedølen kikke ned på dei andre på sigerspallen. Der ser han mannen som tilbaud han doping for fire år sidan.

– Det var ei stor tilfredsstilling for meg å ta gullet medan han måtte ta til takke med ein dårlegare plassering, seier Grimseth.

Det motiverte meg å kjempe mot han som tilbaud meg doping

Stian Grimseth

– Eg hadde høyrt om folk som gav seg med vektløfting fordi dei meinte det ikkje var mogleg å hevde seg utan doping. Det gjorde godt å vise at det gjekk an, forklarer han.

Men det skjedde ikkje utan kamp. Kampen oppe på plattingen vart nemleg svært jamn. Først i tredje og siste forsøk klinte Grimseth til med 182,5 kilo i rykk. Det var like mykje som verdsrekordhaldar Leonid Taranenko, som deretter prøvde – men bomma – på 185 kilo.

Då det vart klart at nordmannen hadde lågast kroppsvekt, kunne han sleppe jubelen laus. Det kokte i Stavanger idrettshall. Folk var i ekstase. Men hovudpersonen hadde kjenslene under kontroll.

– Det gjekk betre enn eg hadde venta, sa den nøkterne 24-åringen på pressekonferansen etter at EM-gullet var i boks.

Oppslag i lokalavisa om nei til doping

HELLER MAT ENN DOPING: Stian Grimseth var tydeleg på kva han meinte i lokalavisa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var det store internasjonale gjennombrotet. Som første nordiske vektløftar hadde Stian Grimseth teke meir enn 400 kilo. Resultat: 182,5 kilo i rykk, 225,5 i støt og 405 kilo samanlagt. Men viktigast: Det var utan bruk av ulovlege middel.

– Eg hadde sett kulturen i dei verste landa. Dei var ikkje gode på kosthald og restitusjon, men dei hjelpte seg med ulovlege snarvegar. Med rette tiltak kunne vi konkurrere med dei. Men vi måtte gjere tøffe val, seier han.

Sånn sett skulle fødselsdagen hans bli symptomatisk for karrieren. 24. juli kan du skrive 24/7 – i idrettsverda synonymt med utøvaren som lever for og med idretten. 24 timar i døgnet. Sju dagar i veka.

Det måtte til for å hevde seg i verdstoppen. Og det var han i ferd med å klare.

– Eg hadde driven. Og så motiverte det meg å kjempe mot han som tilbaud meg doping, seier Grimseth.

Han debuterte i OL i Atlanta seinare på året. Enda på ein respektabel 10.-plass. No sette han seg som mål å ta medalje i Sydney-OL. Året etter forsvarte han EM-tittelen i rykk med 190 kilo. Det vart bronse samanlagt.

Utklippsalbum: Stian Grimseth løfta til EM-gull

OPPSLAG: Bergens Tidende slo EM-gullet til sunnfjordingen stort opp i avisa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Framfor VM i 1997 var han i kanonform. Den første VM-medaljen var innan rekkevidd. 190 kilo i rykk burde halde til bronse. Så skjedde det som ikkje burde skje. Nordmannen vart matforgifta og hadde 39 i feber.

– Dei siste fem dagane før eg skulle løfte miste eg fem-seks kilo. Eg tørka akkurat opp att så eg kunne løfte utan at det gjekk gale, seier Grimseth.

Han enda på femteplass i rykk. Det skulle vise seg å forbli den beste plasseringa hans i VM gjennom karrieren. Samanlagt enda han på sjuandeplass.

Året etter fekk Grimseth ein ryggskade og måtte melde forfall frå VM – også då med ein formkurve som tyda på at han kunne ha kjempa om medalje.

– Det er klart det hadde vore kjekt med ein VM-medalje. Kjipt at det vart slik, seier han.

Under VM i Athen i 1999 var internasjonal vektløfting på eit historisk høgt nivå. Grimseth gjorde sitt beste meisterskap nokosinne. 430 kilo samanlagt er framleis norsk og nordisk rekord. Plasseringsmessig heldt det likevel berre til ein ny sjuandeplass.

Men langt der framme var eit altoverskyggande mål: OL i Sydney var berre eit år unna.

Grimseth i Vi Menn: Løftar alpinstjernene

SHOW: Stian Grimseth gir alpinistane Kjetil André Aamodt og Tom Stiansen ein luftetur til ære for Se og Hør.

Foto: Rune Fossum / NRK

Towomba i Australia, 14. september 2000. Det sitrar i kroppen til Stian Grimseth då han kryp under dyna i precamp. Om berre nokre dagar skal han endeleg i sving under OL – det han har trent mot i fire år. På andre sida av veggen høyrer han telefonen ringje, og at trenaren snakkar med alvorleg tonefall. Lenge. Ei stund seinare går døra opp. Inn kjem trenar Øystein Holt. Han verkar prega. Så rasar verda saman for naustdalsbamsen.

Stian Grimseth i Atlanta 1996

OL-LØFTAR: Stian Grimseth i aksjon under OL-finalen i Atlanta 1996.

Foto: Scan- Erik Johansen

– Eg var så høgt oppe i utgangspunktet. Alt var spissa inn mot OL, det var enorm merksemd rundt det som skulle skje – og så vart eg grusa i kjellaren på sekundet. Det var ikkje eit dødsfall i næraste familie, men der og då var det likevel ekstremt tøft, seier Grimseth.

Morgonen etter eksploderer saka i media verda over. OL har ikkje eingong komme i gang, men no er dopingsaka eit faktum: 28-åringen sin dopingtest frå eit stemne på Vigrestad to veker tidlegare syner spor av det muskelbyggande stoffet nandrolon.

Midt på natta blir Grimseth og landslagssjefen frakta med fly frå Brisbane til Sydney. Tårene trillar hos dei begge. Dei skjønar ingenting. Kva er det som skjer?

– Det er sjeldan store gutar græt. Men då gjorde eg det. Og det gjorde han også, seier tidlegare landslagssjef Øystein Holt.

Det var ikkje eit dødsfall i næraste familie, men der og då var det likevel ekstremt tøft

Stian Grimseth om dopingsaka

Tilbake i precampen sat Odd Gunnar Røyseth og resten av støtteapparatet. Det var surrealistisk. Som om dramaet gjaldt nokon andre.

– Verda raste saman. Han hadde levd og anda for dette i så mange år. Så rakna alt på oppløpssida. Det var ikkje noko kjekk oppleving, seier barndomskameraten.

– Det einaste vi visste var at det var ei sak. Vi var fortvilte og frustrerte. Her hadde vi brukt all energi på å komme til OL med reine middel, og så stod vi med eitt midt i det, seier Grimseth.

Han kunne ikkje la vere å tenkje på russaren med dopingtilbodet.

– Han som ville selje meg doping vart aldri teken. Så sat eg plutseleg i saksa, utan å ha snøring på kva som hadde skjedd, seier Grimseth.

Han ristar oppgitt på hovudet.

Vel framme i OL-leiren sette Grimseth seg ned saman med Bjørge Stensbøl. Toppidrettssjefen såg vektløftaren i auga då han spurde om han hadde teke doping.

«Eg forstår ikkje. Eg har ikkje gjort noko», var svaret. Frå då av stod Stensbøl last og brast med den ulukkelege vektløftaren, som hadde vore som ein maskot for OL-troppen fram mot leikane i Australia.

TV-sak om pressekonferansen med Stian Grimseth i samband med dopingsaka under OL i Sydney.

FORTVILA: Stian Grimseth tørkar sveitten under pressekonferansen i samband med dopingsaka under OL i Sydney. Stillfoto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX. Video: NRK / Ole Eivind Henden

Det viste seg snart at vektløftaren hadde kjøpt eit nytt kosttilskot, Ribose, under ein treningsleir på Lanzarote i forkant av stemnet på Vigrestad. Då alle dopingprøver fram til då hadde vore negative, vart Ribose raskt mistenkt for ikkje å vere heilt reint.

– Korleis kunne du ta sjansen på eit nytt kosttilskot så tett opp mot OL?

– Det er lett å seie etterpå. Men vi fekk det anbefalt av andre, og vi sjekka innhaldsdeklarasjonen med Olympiatoppen. Samstundes kan Ribose vere fornuftig å bruke – det er produsenten og ikkje produktet som er problemet, seier Grimseth.

Han bestemte seg for å saksøke produsenten Universal Nutrition. Han meinte tilskotet inneheldt stoff som ikkje stod på varedeklarasjonen. Advokatane argumenterte med at kosttilskotet hadde blitt forureina på grunn av dårlege rutinar i produksjonen.

Stian Grimseth ryddar skiver i treningsrom - v2

REINVASKA: Stian Grimseth kjenner seg i dag reinvaska etter dopingsaka. No har han nok å gjere med å arrangere EM på heimebane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Eitt år seinare vart han presentert ei løysing som var monaleg meir lukrativ enn den han enda opp med etter nye fem års kamp. For Grimseth valde å seie nei til det første utkastet til avtale. I staden køyrde han saka si i det amerikanske rettssystemet. Det enda med eit rettsleg forlik. Beløpet er ikkje offentleg, men nordmannen fekk truleg eit millionbeløp i erstatning.

– For meg var det heilt avgjerande å ha ein rettsleg prosess. Eg ville ikkje ha ein avtale på eit kontor. Då hadde eg ikkje kunne stått med rak rygg, seier Grimseth.

– Kjenner du deg reinvaska i dag?

– Ja, det gjer eg.

Den tidlegare så populære vektløftaren vart stengd ute frå all idrett i seks månader heime i Norge. Internasjonalt måtte han halde seg borte i 15 månader.

Så snart han kunne, var han tilbake i manesjen. Først i eit internasjonalt stemne i Qatar, så i EM i Tyrkia i 2002. Men no handla alt igjen om éin ting: OL i Athen 2004.

Athen, 25. august 2004. Stian Grimseth tek godt tak i stonga. Støt. 205 kilo. No skal han revansjere seg for det som skjedde i Sydney. Han rykkjer til og kjenner at vendinga går greitt. Men han kjem berre halvveges. Ei veldig smerte jagar i kneet, og han må sleppe stonga. Med TV-kamera retta mot seg ramlar den 160 kilo tunge mannen bakover medan han held seg til kneet.

– Det small kraftig, så eg skjønte at det var ille. Eg tenkte med éin gong at OL var over. Eg hadde ikkje sjanse til å reise meg opp, sjølv om eg gjerne skulle gått ut på eigne bein. Kneet ville ikkje lystre, sa Grimseth til norsk presse etterpå.

Nok ein gong hadde han fått ein dramatisk exit frå eit OL.

Sett i ettertid meiner han at han pøste på med for mykje kraft. Kanskje kan han på grunn av ein skade i den eine hofta over tid ha belasta kroppen skeivt. Så rauk muskelfestet i den store lårmuskelen tvert av. Han kjende at noko forsvann oppover i låret.

Dramatikken og nedturen til trass – han er glad han fekk det med seg.

– Det vart uansett ei betre oppleving enn i Sydney. Eg er glad eg fekk avslutte med eit OL etter det som skjedde førre gongen. Men det hadde jo vore kjekt om eg hadde fått eit resultat før det small, seier Grimseth.

Stian Grimseth under OL i Athen, 2004

UT PÅ BÅRE: Stian Grimseth fekk nok ein dramatisk exit frå dei olympiske leikar under OL i 2004.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Han deltok i NM i 2007 og 2008 før han la opp for godt. Heime i huset på det tidlegare småbruket heng EM-gullet frå 1996 i selskap med ti sølvblanke kongepokalar.

Han tenkjer ikkje lenger så ofte på dopingskandalen i Sydney. Den forhatte dopinga viste seg til slutt å øydeleggje karrieren då han var på toppen.

Klart medaljar er kjekt, men vegen undervegs er den viktigaste, og den har eg gått

Stian Grimseth

– Saka i Sydney øydela enormt mykje for utviklinga hans. Det skjedde då han stod framfor sine beste år, og eg trur han kunne ha fått ein veldig god periode fram mot 2004, seier Øystein Holt.

– Fekk han ut potensialet sitt som vektløftar?

– Han gjorde nok ikkje det. Det er vanskeleg å seie, men eg vil tru han hadde 10–15 kilo meir inne i kvar øving, seier den tidlegare landslagssjefen.

Det betyr at Grimseth kunne ha nærma seg 450 kilo samanlagt – og såleis ha kjempa om medaljar i VM og OL. Slik tenkjer derimot ikkje vektløftaren sjølv, trass i at han også meiner han ikkje fekk ut sitt maksimale potensial.

Han er rett nok klar på at slitasje kanskje ville ha avgrensa vidare framgang.

– Eg vel heller å rette blikket framover. Klart medaljar er kjekt, men vegen undervegs er den viktigaste, og den har eg gått. Eg har med meg mykje lærdom, konstaterer Grimseth.

– Slitasjen i hofta gjorde nok at eg ikkje kunne tole dei store treningsmengdene eg hadde tidlegare. Samstundes må vi ikkje gløyme at eg lukkast til fulle mellom anna i EM.

Han ser seg rundt i det vesle treningsrommet, som ein gong var ein gjødselkjellar.

Ole Klemetsen, Gøran Sørloth, Dag Otto Lauritzen og Stian Grimseth

VERDIG PUNKTUM: Stian Grimseth ser deltakinga i Mesternes Mester på NRK1 som eit naturleg og verdig punktum for karrieren. Han tok andreplassen bak Dag Otto Lauritzen (midten).

Foto: Hege Bakken Riise/ NRK

Ikkje berre var dette starten på karrieren. Her gjorde han sin kanskje aller største sportslege prestasjon. Langt borte frå TV-kamera og verdas rampelys.

– Den dagen eg klarte 200 kilo i rykk var ein milepæl eg aldri gløymer. Det er det enkeltløftet eg hugsar best. Kjensla av å løfte 200 kilo var ekstrem.

Den norske rekorden hans i støt er på 235 kilo. Men framleis står han med 195 kilo i rykk som bestenotering. For 200-kilosløftet var «berre» på trening.

– Det er ikkje mange som har gjort 200 kilo i rykk. Og tar du bort dei som har klussa med ting dei ikkje skulle, så er det nok svært få, seier Grimseth.

– Når du ser tilbake på karrieren din; ville du gått gjennom det samme igjen?

– Ja. Sjølv inkludert skadar og det som skjedde i Sydney.

– Ville du anbefale ungane å satse på vektløfting?

– Det er eg ikkje så sikker på....

Stian Grimseth mimrar over EM-gull i utklippsalbum

MANGE MINNER: Det blir mange utklipp å ta vare på gjennom ein lang og innhaldsrik karriere. No skal Stian Grimseth sjølv arrangere EM i vektløfting på heimebane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kjelder: NTB, Bergens Tidende, Firda, NRK, Aftenposten