Ulukke ved Sleen på E16
Foto: Arne Hofseth

Då livet blei sett på vent

I denne bilen sat to små born og to vaksne. Så small det, og bilen byrja å brenne.

Klokka er 14.30, datoen er 1. januar 2016. Familien på fire er på veg frå Jølster til Voss i familiebesøk, og for å feire minstejenta sin toårsdag. På veg ut av ein tunnel møter dei glatt veg og mistar kontrollen. Bilen smell i ein møtande bil, så vert alt stille.

– Eg huskar jo alt som skjedde, medan ho hugsar berre ein brøkdel av det. Det er jo det at vi hadde flaks, at vi er i live og at det ser ut til at det gjekk bra med dei i den andre bilen også. Det er vel den kjensla eg har prøvd å halde på heile vegen, tenk om, tenk dersom det og det hadde skjedd.

Ulukke Stalheim

Gjekk utruleg nok bra

Familiefar Kenneth Tefre sit i sofaen heime på Vassenden i Jølster. Det har gått tre veker sidan ulukka, og det er godt å snakke om det som skjedde, seier Kenneth. For ved sidan av sit kona Melinda. Kraftig forslått og med knekt fot. Dei to ungane er i barnehagen.

For det gjekk utruleg nok bra. Dette kunne vere historia om familien som mista nokon, eller om familiemedlemer som blei kvesta for livet i brøkdelen av eit sekund. Men ikkje denne gongen på E16, på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Folk stimla til, men eg såg ikkje at det brann med ein gang. Eg var oppteken av å prøve å få opp dørene på bilen. Heldigvis så grein begge ungane så eg visste at dei hadde det tilsynelatande greitt. Eg høyrde at ho laga lyd, men eg sat veldig inneklemt mellom seta til ungane, fortel Kenneth.

Melinda Tefre

TÅRENE KOM SEINARE: Melinda Tefre tykkjer det er vanskeleg å lese om ulukka ho og familien var i.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sløkkeapparat skal på plass

At bilen deira også tok fyr i kollisjonen har vore langt framme i tankane. Men brannen blei raskt sløkt av ein lastebilsjåfør med brannsløkkingsapparat i bilen.

Når Melinda og Kenneth må ut på marknaden og kjøpe seg ny bil, skal det vere sløkkeapparat montert.

– Det burde alle ha, det ser vi jo no. Det er slikt vi ikkje har tenkt på før. I verste fall kunne bilen stått i full fyr og flamme, utan moglegheit til å sløkkje det.

Sjølv var dei komne ut av bilen før brannen var sløkt, men eit sløkkeapparat såg dei stor nytte av å ha tilgjengeleg.

– I verste fall kunne ho som sat framme vore fastklemt, fortel Kenneth.

For tre veker sidan opplevde familien Tefre ei alvorleg trafikkulukke på E16. Men det kunne gått verre for dei, og alle overlevde takka vere godt tryggleiksutstyr.

Burde vore standardutstyr

Øyvind Dvergsdal i NAF Førde er samd med familien. Eit brannsløkkingsapparat kan vere lurt å ha tilgjengeleg i bilen.

– Dette burde kanskje ha vore standardutstyr i alle bilar. Eg ser ofte at folk må oppleve alvorlege ting før dei skaffar seg eit slikt, for andre blir det berre med tanken, seier han.

– Anten du sjølv har bruk for det eller det er andre som treng hjelp, så kan du i ein tidleg fase få gjort mykje med eit slikt apparat, seier Dvergsdal og held fram eit sløkkeapparat på to kilo som er vanleg storleik å ha i bil. Prislapp: 300 kroner.

Han fortel at dersom du går til innkjøp av eit slik apparat er det viktig at det vert montert skikkeleg og gjerne framme på passasjersida.

– Å ha det i bagasjerommet er ikkje så lurt, og i alle fall ikkje finn på legg det oppå hattehylla, seier han.

Øyvind Dvergsdal NAF Førde

RIMELEG TRYGGLEIK: Eit sløkkeapparat kostar ikkje meir enn 300 kroner og er noko alle burde ha i bilen sin, seier Øyvind Dvergsdal i NAF.

Foto: Steinar Lote / NRK

Har sett spor

Talet på alvorleg skadde og omkomne i trafikkulukker går ned i Norge. Statistikken fortel eit tydeleg bilete av at det er blitt langt tryggare på norske vegar, sjølv om trafikken er i stadig vekst. Men for dei som hamnar i ei trafikkulukke, betyr ikkje tala frå forsikringsbransjen og statistikarane noko som helst.

– Eg er berre så glad for at det gjekk som det gjekk, det kunne gått så utruleg mykje verre. Vi blei jo treft på den sida der det ikkje sat nokon. Hadde vi blitt treft ein annan plass på bilen, så kunne utfallet ha blitt heilt annleis.

Melina Tefre er prega etter ulukka. Tankane om kva som kunne ha skjedd, men ikkje skjedde sit djupt. Sjølv har ho takla sjokket av å hamne i ei alvorleg trafikkulukke gjennom å skrive blogg. Både om ulukka, men også om det å gå frå å vere svært aktiv gründer til å bli skada og inaktiv i ein lang periode.

Sjølv skildrar ho det som skjedde denne nyttårsdagen som ei oppleving som har sett djupe spor. Sjølv om det trass alt gjekk bra, og trass alt langt betre for dei enn for mange andre som hamnar i ein front-mot-front-kollisjon. Ho køyrde bilen, mannen sat bak saman med ungane, fastklemd. Ho hugsar lite, men er evig takksam for at mannen klarte å halde seg roleg.

Ein kan virkelig sei at eg har fått ein ny start på livet og dette året kan berre bli bedre og bedre. Den 1.1.16 kom eg og min vetle familie i ei bilulykke. Me skulle heim til min mor på Voss og me skulle feire minstejenta sin 2 års dag. Då me nærma oss Voss, kom me plutselig til islagt vegbane og kom over i motsatt kjørefelt. Bilen som kom imot hadde ikkje sjangs til å stoppe og smalt rett i oss. Eg sjølv husker lite av heile hendelsen, men min mann som satt bak med barna våre husker alt.

http://melindatefre.blogg.no/

Heldt roa i kaoset

– Eg trudde jo at han ville kjent på panikken ved å sitje der og ikkje kome seg ut. Han og ungane klarte seg veldig bra. Eg hugsar nokre få sekund før det small, men eg hugsar ikkje smellen. Så hugsar eg når eg blir boren inn i luftambulansen. Då snudde eg hovudet og såg bort på bilen. Då såg eg berre den fine sida, så eg fekk litt sjokk då eg såg bilete av kor gale det eigentleg var. Så hugsar eg då eg vakna etter operasjonen på Haukeland, mange timar seinare.

Ektemann Kenneth Tefre smiler og ser bort på kona. Han er heilt uskadd, den yngste dottera kom frå det med ein kul i panna. Den eldste brakk kragebeinet då bilbeltet tok unna for smellen. Sjølv sat han fast mellom barnestolane.

– Eg var ikkje redd. Eg fekk send ut ho minste gjennom vindauga til ei dame som tok ho med seg vekk. Så stod det ein på sida og prøvde å få opp dørene. Eg og ho kom oss ut. Så gjaldt det å få ut Melinda som sat framme.

Melinda og Kenneth Tefre

VANSKELEG: Sjølv om dei fekk lettare skadar, så sit det i ein angst for å køyre bil. Særleg for Melinda. Men no skal ekteparet ha seg ny bil.

Foto: Steinar Lote / NRK

Open om ulukka

Kenneth har snakka mykje om det som skjedde. Til vener og kollegaer, og på sosiale medium. Det er rein terapi å kunne snakke om sjokkopplevinga. Å sitje fast i ein kollisjonsskadd bil den første dagen i det nye året er noko som heng i.

– Det kom ei dame og prikka meg på ryggen og sa at ho var lege. Då kunne eg senke skuldrene. Eg har skjønt i ettertid at det var mange legar der. Ambulansefolka har i ettertid fortalt at dei aldri før har kome til ein ryddigare ulukkesstad. Dei fekk beskjed med ein gang kvar det var skadar og kva slags. Eg er evig takksam.

Så kom tankane ...

Det er ikkje alltid det går så bra som det gjorde for familien Tefre. Det er ikkje alltid at Haukeland universitetssjukehus kan melde om at personane involvert i ulukka kom frå det med dei kallar lettare skadar. Tankane om kva som kunne ha skjedd er uansett alvorlege nok for dei det gjeld.

– Eg synest det høyrest veldig skummelt ut no i ettertid. Tankane byrja ikkje å spinne før to veker etter ulukka. Eg trur nok eg var ganske så godt medisinert, og var i ei slags "sjukehusboble". Eg kjende ikkje på kjensler før kvelden før eg skulle reise heim. Då kom tårene, fortel Melinda.

Tankar om ungane, tankar om korleis få ein ny, mellombels kvardag til å gå i hop, tankar om korleis det skal gå med frisørbedrifta tok meir plass enn tankane om ulukka.

Luftambulanse E16 ENGANGSBRUK!!!

STOR UTRYKKING: Naudetatar frå Aurland, Voss og helseføretaka på Vestlandet rykte ut til ulukka på E16. Til alt hell gjekk det langt betre enn frykta.

Foto: Arne Hofseth

Venta på ein smell

– På ein eller anna måte har eg følt at det kom ein form for smell snart, eg trudde den skulle komme meir psykisk, men at det skulle bli så veldig, kom som ein overrasking. Men det var kanskje ein så stor smell og at eg blei sett totalt ut av spel og er bunden til rullestol i fleire veker, som skulle til for at eg måtte forstå, at vi må endre måten me lever på og at me må roe ned. Eg trur alt har ei meining.

I ettertid syner det seg at den unge familien sitt fokus på tryggleik for ungane var det som skulle til for at det gjekk så bra som det gjorde når ulukka først var ute. Dei har ikkje spart på kronene når dei valde barnesete. Tryggleik har ingen pris.

– Der har vi ikkje spart pengar, og vi har sjekka kva som er best og kjøpte det. Ho på to år sat bakovervend, og vi trur at det kan ha redda livet hennar, og i alle fall at vi unngjekk skadar. Setevalet har nok også her vore med til at det gjekk så bra som det gjorde.