Slik såg huset til Berit Myren ut etter at Dagmar hadde herja frå seg

Slik såg huset til Berit Myren ut etter at Dagmar hadde herja frå seg.

Foto: Privat

Då Dagmar tok alt

LODALEN (NRK): I stummande mørke og med vinden brølande rundt seg fomla Berit Myren i veska etter husnøklane. Ho ville låse huset slik ho alltid hadde gjort. Fem år etter mistar ho framleis nattesøvnen av å tenke på den ubedne gjesten sine herjingar.

– Eg har framleis vanskeleg for å sove. Eg tek ein sovetablett, søv eit par timar, så er eg vaken litt … Så legg eg meg ut på morgonen og søv litt til.

Berit Myren

HUGSAR DET GODT: For Berit Myren vart ekstremvêret Dagmar eit vendepunkt i livet. Ektemannen hennar, Osvald, døde i 2009. Så då Dagmar kom, jula 2011, var ho åleine på Helset.

Foto: Anna Gytri

Ansiktet til 71-åringen er alvorleg. Blikket kviler ein stad utanfor stoveglaset. I den vesle omsorgsleilegheita i Olden i Stryn står ein adventsstake i karmen, som eit tydeleg bevis på kva tid vi er inne i.

Desember. Månaden Berit Myren hugsar som ekstra fylt av glede og godheit. Tida då ho fann fram gamle skattar i kasser på loftet, samla barnebarna for å pynte juletre og serverte raudbrus og småkaker etterpå.

Men det var før. Før Dagmar – romjulsorkanen som fillerista ikkje berre huset hennar, men også ho. Som knuste det ho og ektemannen hadde bygd opp sønder og saman. Spreidde over 30 år med minne for alle vindar.

Sjølv kjenner ho seg heldig som kom frå det i live.

– Det vil ikkje gje slepp. Dagmar tok ifrå meg det eg hadde. Både tinga mine, og den gleda eg har for jula … Det blir ikkje det same lenger.

Dagmar, fem år etter, er historia om korleis naturkreftene som feia inn over norskekysten første juledag 2011 sette spor som aldri vil forsvinne. Om uvêret som sette enkeltmenneske og eit heilt samfunn på prøve. Og om den stille kampen for å godta det som skjedde.

Leikanger i Sogn, julaftan 2011: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane veit det ikkje enno. At denne jula skal bli ei han aldri kan gløyme. Ungane hans, Eirik og Elin, er heime frå militærteneste og studiar. Dei er samla rundt bordet på Leikanger for å ete julemiddag. Pinnekjøt, slik dei alltid brukar. Men Stensvand sine tankar er andre stader. Telefonen frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kvernar i bakhovudet. Kraftig vind er på veg mot kysten. Klokka 23.21 kjem ekstremvarselet frå Meteorologisk institutt.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, Sogn og Fjordane

BEREDSKAP: Haavard Stensvand har vore fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane sidan 2005. Før det jobba han i politiet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var definert som eit ekstremvêr, med veldig sterk vind. Uvêret hadde då allereie fått namn, Dagmar, minnast Haavard Stensvand.

Han hadde då hatt jobben som fylkesberedskapssjef i fjordfylket i seks år. Meldingar om styggevêr var ein del av arbeidskvardagen. Like over midnatt sende han varselet vidare til 13 av kommunane i Sogn og Fjordane. Det var ein del av rutinane.

Dagen etter, første juledag, var han tidleg oppe. Telefonsamtalen med vakthavande meteorolog på Vêrvarslinga på Vestlandet gjorde han uroleg.

– Dei sa at dette var blant dei ti kraftigaste vindane dei siste 30 åra. Det var venta vindstyrke som var utover det som var normalt også for eit ekstremvêr. Det var veldig kraftig, men likevel mindre enn nyttårsorkanen i 1992, fortel Stensvand.

Huset i Lodalen herja av Dagmar
Foto: Privat

Eit oppdatert varsel om ekstremvêret som ville råke kystområda vart sendt ut like før klokka 08 om morgonen første juledag, denne gongen til 17 av kommunane i Sogn og Fjordane. Fem timar seinare sende Stensvand ut ei ny melding til kommunane, då med klar beskjed om at noko alvorleg var i emning.

Fylkesberedskapssjefen bad dei ansvarlege i kommunane ta kontakt med politiet og kraftselskapa. Skulle noko skje var det viktig at alle partar visste kven som skulle kontaktast, og korleis.

Midt mellom julemat og julegåver vart Stensvand sittande med datamaskina ved kjøkkenbordet.

– Spesielt etter at eg snakka med vakthavande meteorolog om morgonen, så hadde eg eit inntrykk av at dette ville verte noko meir enn det vi var vande til å handtere.

Uroa for kva som var i vente vaks, og i telefonsamtalane med politi og andre etatar var det eit spørsmål som stadig dukka opp. Kor ille kan dette bli, kva konsekvensar kan Dagmar få?

Berit Myren

VONDT: Berit Myren må fleire gonger tørke ei tåre når ho fortel om korleis ekstremvêret Dagmar øydela heimen hennar i Lodalen.

Foto: Anna Gytri

Lodalen i Stryn, sein ettermiddag, første juledag 2011: Berit Myren er akkurat komen heim etter å ha feira jul hos ei av døtrene i Olden. På veg heim att har ho vore innom hos eine sonen i Loen. Ungane hennar kjem med same bøna, at ho ikkje reiser heim att denne kvelden. Det er styggevêr i vente, og ingen vil at mora skal vere på Helset åleine. Men Berit er sta. Ho har opplevd uvêr i dalen tallause gonger, og kjenner ansvar for familien ho har buande i kjellaren.

– Eg tenkte at det hadde blåse der så mange gonger før, så det kunne umogleg bli verre. Eg hadde ikkje peiling på kva som venta meg, seier Berit Myren.

Den då 66 år gamle kvinna sysla med sitt i det julepynta huset. Ein kjenning var innom for å hente noko, men reiste att då vinden auka på. Litt før klokka 19 reiste også familien i underetasjen nedover i bygda på besøk. Berit vart åleine.

– Vinden vart verre og verre, og eg var på telefonen til ungane fleire gonger. Vi ringde kvar vår gong, fortel Myren.

Mai 2006 på Helset i Lodalen

SLIK SÅG DET UT: Ein vårdag i 2006. Det er slik Berit Myren og familien hugsar familieparadiset på Helset i Lodalen.

Foto: Privat

Vinden reiv stadig sterkare i bustadhuset på Helset i Lodalen. Uvêret Dagmar hadde på det tidspunktet for alvor slått inn over Vestlandet og Trøndelag.

Fleire stader var vinden så sterk at Meteorologisk institutt sine målestasjonar vart sette ut av drift.

På målestasjonen på Kråkenes ved Stad, vart dei siste målingane registrert før klokka 20. Her vart middelvinden denne kvelden målt til 44,6 meter i sekundet, medan dei sterkaste vindkasta var på 54,1 meter i sekundet. Grensa for orkan går på 32,7 meter i sekundet.

Lenger nord, ved målestasjonen på Ona, vest for Molde, vart det målt vindkast så sterke som 55,8 meter i sekundet før vinden tok knekken på elektronikken rundt klokka 19. Middelvinden på målestasjonen var målt til 38,1 meter i sekundet.

Dagmar var ikkje nådig i si ferd langs kysten og innover i landet. Tre vart knekte som fyrstikker, båtar kasta på land og kommune etter kommune vart liggande i mørke. Ut på kvelden 1. juledag vart Berit Myren i Lodalen ein av over ein million nordmenn som vart utan straum på grunn av ekstremvêret.

Slik såg det ut i stova til Berit Myren

RASERT: Slik såg stova til Berit Myren ut dagen etter at romjulsorkanen hadde fillerista huset på si ferd innover land 25. desember 2011.

Foto: Privat

Men Berit seg let seg ikkje kave opp då straumen forsvann. Med hovudlykta på hovudet, ein bunke ulesne vekeblad i fanget og telefonen i handa kunne ho halde ungane oppdatert frå kroken under kjellartrappa.

– Det er ikkje nødvendig å tenke på meg, sa eg til dei. Eg har det varmt og godt, og med hovudlykta og telefonen klarar eg meg, fortel ho om telefonsamtalen.

Berit Myren på Helset i Lodalen

KJEM ALDRI TILBAKE: Berre to gonger har Berit Myren overnatta på Helset etter Dagmar. Opp hit får ingen i familien flytte for å bu på heiltid. Det bestemte ho seg for allereie dagen etter Dagmar øydela huset hennar.

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE

Tida gjekk og Berit var budd på å bli i kjellaren til uvêret hadde fått herje frå seg. I gangen i underetasjen trakka ho att og fram. Der nede kjende ho seg noko lunde trygg.

– Det var så fæle lydar. Det var uling rett og slett. Brøling. Ikkje noko skikkeleg lyd av vind, fortel ho.

Brått vart kjensla av å vere trygg rive vekk frå ho. Berit hadde vore oppe for å hente fleire stearinlys, og like etter at ho var komen ned att i kjellaren singla det i glasbrot rundt føtene på ho. Med eit smell hadde eit av dei store stoveglasa måtte gi etter for Dagmar sine krefter. I kjellaren kjende Berit korleis vinden trengde seg inn i huset.

– Då vart eg litt redd …

Hennar første tanke var å få sett opp noko framfor ruta, ein tanke ho fort kasta frå seg. Vinden var for sterk, og ho hadde ikkje fleire hender enn sine eigne to. Ho torde ikkje meir, ville vekk. På telefonen til eldstesonen fortalde ho kva som hadde skjedd.

– Eg kjem for å hente deg, sa han då. Nei, sa eg. Det får du ikkje lov til, fortel Berit Myren.

Den eldre dama fekk viljen sin. I staden avtalte ho med ein av naboane lenger inne i dalen at dei skulle hente ho med traktor.

Slik såg låven på Helset ut andre juledag 2011

STOD I 75 ÅR: Den gamle låven på Helset i Lodalen måtte gje tapt for Dagmar sine krefter.

Foto: Privat

Den brølande vinden vart stadig meir skremmande, og Berit kjende seg ikkje lenger trygg inne i huset. Med hovudlykta sveipa ho over diskane på kjøkkenet, ho visste at ho hadde lagt bilnøklane der tidlegare på dagen.

– Viss eg fann bilnøklane, kunne eg køyre dei i møte, tenkte eg, fortel Myren.

Ho torde ikkje leite lenge. I stova såg ho gardinene stå loddrett inn i rommet. Ho tok handveska over handa og gjekk ut på trappa. Der fomla ho etter husnøklane. I 33 år hadde ho alltid låst då ho reiste frå huset, og sjølv då, når vinden reiv og sleit i ho, ville ho gjere som før.

– Eg hadde jo rekna med at eg skulle kome heim att, til eit hus som stod, seier ho stille.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

STRAUMLAUSE: Vel ein million nordmenn vart utan straum på grunn av Dagmar sine herjingar.

Foto: Arne Vik

I stupmørket på trappa såg ikkje Berit lenger framfor seg enn det hovudlykta kasta lys på. Då vinden løya tok ho mot til seg, og sprang over tunet til den gamle garasjen av betong. På vegen trakka ho over ei stor fjøl, men det var umogleg å sjå kvar den kom frå. Heilt inne i hjørnet av garasjen vart ho ståande. Med hjartet i halsen venta ho på hjelp.

– Eg skjønte at eg måtte vekk. Då eg stod der inne så følte eg til og med at garasjeveggane rista. Sjølv om dei var av betong …, seier Berit.

– Eg var på ein måte redd … Men på same tid stålsette eg meg. Eg skulle takle det ...

Minutta i garasjen verka lange, så kom redninga. Med den tyngste traktoren på nabogarden hadde Jan Ove Hogrenning vunne i kampen mot dei veldige kastevindane. I lyset frå traktoren såg han låven på Helset ligge flatt. Utan å vite omfanget av dei enorme øydeleggingane klatra Berit inn i traktoren og vart køyrd vekk.

– Då vi køyrde over brua litt lenger her borte bles det så kraftig at eg kjende korleis traktoren løfta seg … Men Jan Ove sa at vinden klarar ikkje traktoren. Den er for tung … Om det var då taket på huset gjekk … Eg veit ikkje …, fortel Berit.

Hos naboane Sigmund og Kari Haugen fekk ho kome i hus med det vesle ho hadde fått med seg. Seg sjølv, handveska og telefonen. Ungane lenger nede i bygda vart kontakta. Berit var trygg. Så ramla telefonnettet ned og det vart stilt dei imellom.

Berit Myren framfor bunkersen der ho gøymde seg

GØYMDE SEG: I det familien kallar bunkersen, brukt som garasje, gøymde Berit Myren seg då Dagmar herja som verst. Den var i si tid bygd som ein plass å søke tilflukt når snøfonnene kom.

Foto: Anna Gytri

Seint på kvelden, 1. juledag 2011: Ekstremvêret Dagmar kastar rundt på campingvogner, riv taket av garasjar og skremmer sjølv dei mest vêrharde. På det meste sit ein million nordmenn i mørke etter uvêret sine herjingar. Tusenvis blir også utan tilgang på internett og telefon. På Statens Hus på Hermansverk i Sogn sit kriseleiinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane samla. Naudstraumsaggregatet er kopla opp, og takka vere ivrige IT-folk har fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand og kollegaene fått opp ei provisorisk løysing for internett og telefon. No er det om å gjere å få oversikt.

– Vi måtte vite kva som gjekk føre seg. Vite om kommunane trong hjelp, om politiet hadde utfordringar der det var aktuelt for oss å hjelpe. Men det var ikkje enkelt å få oversikt. Det var fleire vi ikkje fekk kontakt med, fortel Haavard Stensvand.

Rundt møtebordet vart det jobba iherdig. Det vart mange telefonar, fram og tilbake til kommunane, politiet, Helse Førde, Vegvesenet, kraftselskapa, Sivilforsvaret og andre. Det var alvorleg. Tallause vegar var stengde, nær alle ferjer var innstilt, innbyggjarar nådde ikkje gjennom til naudetatane på telefon og sjukehusa fekk ikkje kontakt med ambulansestasjonane rundt i kommunane. I den kraftige vinden var det heller ikkje flygevêr for helikopter.

– Det vi frykta mest var at det skulle skje ei ulukke, eller at nokon skulle bli akutt sjuke. Då fekk dei kanskje ikkje varsla, og fekk dei varsla så fekk dei kanskje ikkje hjelpa dei trong eller kom seg til sjukehus, minnast Stensvand.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i arbeid under Dagmar

KONTROLL: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand (midten til venstre) og kollegaene hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arbeidde natt og dag etter Dagmar. Bilete er truleg teke 2. juledag 2011.

Foto: Privat

Utover natta vart det jobba intenst rundt bordet. Alt arbeid måtte gjerast herifrå. På eit tidspunkt var det berre ei telefonlinje som fungerte.

– Noko av det eg hugsar godt var då Morten Hagen, som då var ordførar i Vågsøy, ringde oss og sa at det gjekk bra hos dei. Då stod han på ein fiskebåt og ringde frå ein satellittelefon. Det var den einaste moglegheita for å ringe ut frå Vågsøy kommune. Det illustrerte kor store område som var råka og kor store konsekvensane var blitt, fortel Stensvand.

Då kriseleiinga skilde lag rundt klokka 03 natt til andre juledag hadde dei ein slags oversikt. Uvêret hadde stilna. Øydeleggingane var store, men ut frå det dei visste hadde det ikkje gått liv.

Loen, natt til andre juledag 2011: Sønene til Berit Myren, Per Bjarte og Inge Atle, får ikkje fred. Det har gått timar sidan dei sist hadde kontakt med mora. Dei veit akkurat nok, at ho er trygg. Men ikkje meir. Med traktor legg dei ut på vegen, oppover i Lodalen. Vel to kilometer før heimen på Helset er det stopp. Trea ligg langflate over vegen. Det er umogleg å kome seg vidare. Dei må snu, i uvissa om korleis det har gått med barndomsheimen.

Tre ligg velta over vegen til Lodalen andre juledag 2011

KOM SEG IKKJE FRAM: Sønene til Berit Myren vart stogga av tre som låg over vegen då dei natt til 2. juledag 2011 ville ta seg opp i Lodalen for å sjå til barndomsheimen.

Foto: Privat

Lodalen, tidleg morgon, andre juledag 2011: Det er stille i huset til Sigmund Haugen på Hogrenning. Det er umogleg å få kontakt med omverda på telefon, så ein veit lite om korleis Dagmar har fare åt. Berit Myren vil heim. Men naboane seier nei, dei ville ikkje sende ho til Helset åleine.

– Eg spurte Sigmund om han hadde vore dit for å sjå. Ja, sa han, det ser heilt jævlig ut … Eg vil dit for å sjå, sa eg igjen …, fortel Berit.

Før ho fekk skyss til Helset ut på føremiddagen fortalde naboen at huset var vekk. Sjølv dei brutale orda kunne ikkje førebu Berit Myren på synet som venta ho. Lenge før dei nærma seg huset såg dei ting som uvêret hadde drege av garde med.

Strømpebukser dingla i tretoppane, klede og materiale frå huset låg slengt utover. I elva nokre hundre meter frå huset låg restane av taket. I eit stort område rundt huset låg minne frå eit langt liv i ei salig blanding med isolasjon og glasbrot. Låven som hadde stått i 75 år var jamna med jorda.

Dette var synet som møtte Berit Myren ved Helset etter Dagmar sine herjingar

KASTA RUNDT: Klede, material, minne. Alt Berit Myren hadde vart kasta rundt over eit stort område av den kraftige vinden.

Foto: Privat

Så såg ho huset sitt. Huset der ho og mannen hadde bore kvar einaste stein for å sette opp grunnmuren. Der ungane hadde vakse opp, og der barnebarna hadde hatt sitt ferieparadis.

– Det var tøft … Å sjå at heimen var vekk. Alt arbeidet vi hadde lagt ned …

Synet av øydeleggingane var til å bli slått i bakken av. Men ei slags handlekraft kom over både Berit og naboane som følgde ho tilbake. Bit for bit byrja dei å plukke opp.

Pål Henning Myren og Berit Myren

NÆRT FORHOLD: Berit Myren har eit nært forhold til barnebarna sine. Pål Henning Myren var med då familien fann Berit i ruinane av huset sitt 2. juledag for fem år sidan.

Foto: Anna Gytri

Ikkje lenge etter kom også dei fire ungane til Berit oppover til Helset. Vegen var framleis stengd av tre, og dei siste to kilometerane meir klatra dei, enn gjekk dei heimover.

På neset nokre hundre meter nedanfor, såg dei bort på restane av det som hadde vore heimen deira. Gåande i ruinane, nesten utan mål og meining, fann dei Berit.

– Eg hugsar ikkje heilt kva eg tenkte. Eg tenkte ikkje klart. Det gjekk folk rundt her ... Det var tårer … Det prega. Det var eit sterkt syn å sjå at taket var vekke og ting låg strødd utover marka, seier Pål Henning Myren, eit av dei eldste barnebarna til Berit, som også var med oppover den dagen.

Per Bjarte Myren

HELDIG: Per Bjarte Myren seier dei alle veit at mora var heldig den kvelden Dagmar slo inn over Vestlandet.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det enda på best mogleg måte. Det kunne gått alvorleg gale, her ho hadde gått mellom husa når ting fauk rundt, seier eldstesonen Per Bjarte.

Saman berga familien og naboane det dei kunne. Fotoalbum, bilete og viktige papir vart sett i kjellaren på eit av gamlehusa.

– Men det var ikkje så mykje å berge. Det som kunne knusast, var knust. Alt anna var vått og spreidd for alle vindar, fortel Berit.

Beskjeden hennar til ungane og barnebarna var tydeleg. Ingen, verken ho eller nokon i familien, skulle få bu på Helset etter dette.

– Eg sa det til dei: Eg orkar ikkje at nokon skal bu her etterpå når det ikkje er tryggare.

Det var då 47 år sidan ho møtte ektemannen Osvald som sjølv hadde vakse opp på Helset i Lodalen. I 33 år hadde ho budd her fast. Plassen ho i nesten 50 år hadde kalla si perle, den finaste plassen på jord, var rasert til det som ikkje var til å kjenne att..

– Det såg rett og slett ut som ein krigssti. Eg forstår ikkje at det kunne gå an å bli slik, seier Berit.

Eit utdrag frå Folk-dokumentaren "Etter Dagmar". Vi treffe Berit Myren som har mista huset sitt til orkanen Dagmar. Heile dokumentaren kan sjåast på NRK1 den 27.desember 2012 klokka 19:45.

Leikanger, andre juledag 2011: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand har vore på jobb på Statens hus sidan tidleg morgon. På møtebordet står framleis restar etter julekakene som kom opp som naudproviant i løpet av natta. Nye rapportar og tilbakemeldingar frå kommunane, politiet og andre etatar har halde fram å tikke inn utover dagen. Framleis var ingen liv gått tapt.

– Det var ei lette. Samtidig hugsar eg at vi utover andre juledag kjende på ei aukande uro. Vi mista kontakten med mange kommunar. Vi visste ikkje om dei hadde det dei trong av ressursar, om dei trong hjelp.

For å få full oversikt måtte fylkesmannen i Sogn og Fjordane mange stader sende ut folk fysisk for å spørje. Politiet og brannvesenet sine folk rundt om i kommunane melde frå til sine operasjonssentralar, og dei vidare til fylkesmannen som etter kvart fekk ei oversikt.

– Det blei mange rundar fram og tilbake, med små og store opplysningar. Om at den og den hadde snakka med den og den. Slik kunne vi etter kvart slappe av og vite at det var kontroll, fortel Stensvand.

Dei materielle øydeleggingane etter Dagmar var enorme. Ifølgje tal frå Finans Norge vart det registrert vel 20.000 enkeltskadar, og betalt ut erstatningar for 1,3 milliardar kroner.

Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag var fylka som vart hardast råka av ekstremvêret. I Møre og Romsdal var det betalt ut over 700 millionar kroner i erstatning, medan det i Sogn og Fjordane vart betalt ut oppunder 300 millionar kroner. (Sjå faktaboks).

Lodalen, desember 2016: Berit Myren sit med eit hardt grep om rattet i den raude Toyotaen sin. Den har ho kjøpt for deler av forsikringspengane. Ho er på veg oppover Lodalen. Ein veg ho har køyrt tusenvis av gonger. Dei siste fem åra har det gått stadig lenger mellom kvar tur. Av og til slepp ho rattet med eine handa og peikar. På store tre som framleis ligg som fyrstikker, hulter i bulter lang fylkesveg 723.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå spora. Innover her var det masse granskog som stengde vegen, fortel Berit.

Det er lenge sidan ho har vore i Lodalen no. Når vinteren kjem likar ho seg ikkje her lenger. Sidan ho flytta inn her som nygift har ho alltid visst at vinterdagen kunne vere farleg, med snøfonner og uvêr. Men først for fem år sidan tok ho skrekken. Minna etter Dagmar blir sterkare dess lenger opp i dalen ho kjem.

– Det er klart eg tenkjer på det som skjedde. Eg prøver å fortrenge det. Men det ligg baki der.

71-åringen blir stille. Så rundar vi neset og ser bort til Helset. Heim, som Berit framleis kallar det.

– Eg seier alltid det når eg skal opp her. Eg skal heim i Lodalen. Uansett om huset mitt er vekke, så er dette heimen min. No er det 52 år sidan vi gifta oss, og sidan har det vore heimen min.

Berit Myren viser fram restane av grunnmuren

HUSET: Det Berit Myren står stod grunnmuren til huset hennar. No er det lite som viser att av det. Der det i dag er bygd altan, hadde Berit soverom i over 30 år.

Foto: Anna Gytri

Når ho svingar inn på tunet er det som ein gneist er tent i ho. Der den gamle låven stod er det reist eit stort reiskapshus, og dei gamle husa er pussa opp att. Huset hennar ser ein nesten ikkje spor av.

– Men eg veit at det har stått her, seier Berit og peikar på restane etter grunnmuren.

Dei som ikkje veit det vil truleg aldri tenke over at det stod eit bustadhus her for berre fem år sidan. Utan å sjå på bilete frå korleis det var kan ein vanskeleg førestille seg at Berit hadde soverom der det i dag står ein altan. Bit for bit vart restane av bustadhuset plukka frå kvarandre. Då grunnmuren vart riven stod Berit i glaset på gamlestova og gret.

– Det er fint laga til att. Det er i grunn ikkje noko sår som er skjemmande lenger …

Berit Myren med tomta der huset stod før bak seg

BORTE VEKK: Bak Berit Myren stod huset hennar før. No er den gamle vedomnen sett opp på ein nybygd altan. Elles er det lite som minnar om det som var.

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE

Leikanger i Sogn, desember 2016: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane har for lengst skrive rapportane om ekstremvêret Dagmar. Om korleis det alt i alt gjekk veldig bra, sjølv om det var dramatiske timar både då Dagmar herja som verst og etterpå.

– Det er ikkje snakk om viss kjem det eit nytt ekstremvêr, men om når. Det må vi vere bevisste på.

Jula 2011 blir noko han tek med seg for alltid, både som privatperson og beredskapssjef.

– Bank i bordet, det gjekk bra. Men det skulle så utruleg lite til for at det kunne gått ille.

Meteorologisk institutt vedgjekk seinare at mykje større område vart råka av ekstremvêret Dagmar enn det prognosane tilsa. Seinare har det vore jobba mykje med å finne endå meir presise måtar å varsle uvêr på.

Helset i Lodalen, desember 2016: I kjøkkenet på gamlestova på garden er datamaskina komen på bordet. Eldstesonen Per Bjarte og Berit Myren klikkar seg gjennom eit album med bilete teke 2. juledag for fem år sidan. Berit er blank i auga, hendene tviheld i kaffikoppen. Det er år og dag sidan ho såg på bileta sist. På bileta ser ein den raserte heimen. Ein ser korleis glasbrota frå vindauga har flerra opp tapetet på stoveveggane. Alt dette er bilete som stadig blir spelte for netthinna på Berit.

Per Bjarte og Berit Myren ser på bileta frå Dagmar sine herjingar

BILETE: Det er år og dag sidan Berit Myren har sett på bileta av det raserte huset sitt. Sjølv kan ho mest ikkje hugse at det såg så ille ut som det gjorde.

Foto: Anna Gytri

– Eg har slike bilete inni meg på ein måte. Men eg kan ikkje hugse at det var heilt slik. Det er på ein måte mykje verre enn eg klarar å hugse det …

Berit veit at ho var heldig. Men tankane som ikkje vil gje slepp er dei som handlar om kva som hadde skjedd om marginane ikkje var på hennar side.

Kva om ho hadde funne bilnøkkelen på kjøkkenet. Lagt ut på vegen i ein liten personbil i vindkast som sopte med seg alt dei kom over. Kva om telefonnettet hadde ramla ned før ho hadde fått ringt etter hjelp … Det aller verste er tanken på korleis historia kunne ha enda om ho hadde vore oppe då stoveglaset knuste.

– Mange gonger har eg mareritt og tenker på om eg hadde gått ned trappa akkurat i det glasruta i stova sprakk. Då hadde eg ikkje vore her ... Det er eg sikker på. Då hadde glasbrota gått rett gjennom meg …

Ho knip leppene saman, seier ikkje meir. Har snakka om dei dramatiske timane om kvelden første juledag 2011 så mange gonger før. Sjølv om det er vondt, klarar ho ikkje å sitte inne med alle tankane.

Dag for dag, år for år, prøvar ho litt etter litt å akseptere det som skjedde. Ho berre må det.

– Eg hadde aldri drøymt om at det kunne bli så fint her etter det som skjedde. Det er veldig viktig for meg at det har blitt slik. Eg veit at Osvald ville ha det ryddig og fint rundt seg … Og slik er det her no.