For Eirik Bakke blir årets oppstart av fotballsesongen svært spesiell. Før jul mista han far, mentor og Sogndal-legende, Svein.

SJÅ VIDEO: – Det er klart at det pregar meg, men det pregar heile klubben også, seier ein openhjartig Eirik Bakke om dødsfallet til pappa, mentor og Sogndal-legende, Svein Bakke. (FOTO/REDIGERING: KJELL JØRAN HANSEN/NRK)

Bakke: – Det blir ein veldig spesiell sesong

Fotballsesongen 2016 blir ein heilt spesiell sesong for Eirik Bakke. Det blir debutsesongen som eliteserietrenar. Og den første utan pappa og mentor, Sogndal-legenda Svein Bakke.

– Eg vil merke det meir når sesongen startar. Vi diskuterte mykje fotball. Som far og mentor, så trengde han ikkje alltid seie kva han meinte. For eg visste kva han meinte. Men vi må gå vidare på vår måte, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

16. desember 2015. Nyhenda kjem som lyn frå klår himmel. Tidlegare spelar, og leiar i Sogndal, Svein Bakke, er død . 62 år gamal. Bakke var sentral på det legendariske cupfinale laget frå 1976. 19 år som aktiv spelar gav han 321 mål på 514 kampar. Han fekk også landskampar.

Bakke får mykje av æra for at vesle Sogndal utvikla seg til ein moderne toppklubb .

– Utan kvalitetane til fotballspelaren Svein Bakke hadde Sogndal aldri vore der dei er i dag. Han har betydd alt for fotballen i Sogndal, fortalde Rolf Navarsete.

Februar 2016. Sogndal er på La Manga og førebur comebacket til eliteserien. I sitt siste leveår fekk Svein Bakke oppleve at sonen, Eirik, førte Sogndal-skuta tilbake til det gode selskap i Norsk Toppfotball. Og det i sin debutsesong som trenar.

Kaptein Rune Bolseth vedgår at også spelarane merkar at det er ei spesiell sesongoppkøyring. Han kom til klubben, og Bakke, allereie i 1999.

– Svein likte alltid å snakke om kampen, neste kamp og om korleis stoda var. Han var veldig engasjert, og brydde seg om både kampar og korleis det er i garderoben og stemninga, seier Bolseth.

Svein Bakke, Sogndal, i kamp om ballen med Egil Austbø, Brann under cupfinalen i 1976.

SENTRAL: Svein Bakke, er i kamp om ballen med Egil Austbø under cupfinalen mot Brann i 1976, var ein sentral skapnad i fotballfamilien i Sogndal.

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

På eitt vis er likevel Svein Bakke med. Både på treningsleir og inn mot seriestart. Og inn i framtida. Ideane og filosofiane lev vidare med dei som styrer klubben i dag.

– Eirik og Svein var veldig tette og prata mykje fotball. Måten Sogndal vart driven på under Svein si tid, vil halde fram, seier Bolseth.

– Vi må byggje vidare på kulturen vi har bygt, og må gjere det på vår måte. Det var han oppteken av, og det er dei andre i Sogndal opptekne av, held Eirik Bakke fram.

Og den 38-årige Sogndal-trenar er ikkje redd for å gjere feil på vegen. Det har også andre gjort før han. Og andre vil gjere etter han.

Eirik Bakke og Bjørn Inge Utvik

SER FRAMOVER: Eirik Bakke har gjort ein solid jobb med spelargruppa i Sogndal. Her i samtale med midtstoppar Bjørn Inge Utvik under treningsopphaldet på La Manga.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Ein må våge å stå i det, om ein gjer feil eller ikkje. Det har dei gjort, og det kjem eg til å gjere. Det viktige er å ha ein klar filosofi om at slik skal vi vere. Men det blir eit spesielt år.

– Og Bakke-namnet held fram som kontinuitetsberar i Sogndal?

– Ja, men eg trur nok ikkje at eg blir her i 40 år, slik som pappa. Han var også ein mykje større spelar i Sogndal enn meg. Men eg har nokre søner eg også som kjem etter meg. Vi får sjå om det dukkar opp litt der også.

Fosshaugane, 6. februar 2015. Sogndal spelar sin første kamp på nest høgaste nivå sidan 2010. Laget har siste fire åra kjempa med nebb og klør for å halde seg i eliteserien. Bærum blir for små. Bakke sin første kamp som hovudtrenar for Sogndal endar i siger og tre poeng.

Den tidlegare englandsproffen set i ei rolle han eigentleg aldri hadde planlagt å sitje i .

– Eg er ikkje ein som planlegg for langt fram i tid. Det er meg. På godt og vondt, humrar han.

– Eg lever i nuet. Ein har alltid ein draum langt vekke, men det er så langt å komme dit. Det er så mykje ein må gjere før ein er der. Men plutseleg er ein der, held Bakke fram.

– Kva styrke finn du i å ikkje alltid tenkje langt fram, til ein stad der graset er grønare?

– Det er nuet, den dagen, ein må ta vare på. Det er i kvardagen du gjer den viktigaste jobben. Ein skal vere audmjuk, lære av andre og stå ved din eigen filosofi. No har eg berre vore trenar i eitt år, så vi får sjå kva eg seier om vi byrjar å tape nokre kampar.

25. mai 1999. Hardt arbeid i kvardagen dag gjer at Bakke får oppfylt draumen om å spele i ein av verdas beste fotballigaer. Engelske Leeds United legg 45 millionar på bordet, og sikrar seg midtbanespelaren frå Sogndal.

Eirik Bakke for Leeds mot Valencia i Champions League (2001)

KJENT STIL: Eirik Bakke scora 16 mål på 159 serie- og cupkampar for Leeds. Her frå semifinale-oppgjeret mot Valencia i meisterligaen 2001.

Foto: JEFF J MITCHELL / REUTERS

Yorkshire-klubben er etablert i toppen av Premier League og imponerer stort når dei med Bakke på laget tok seg til semifinalen i meisterligaen. Nokre sesongar seinare smell bomba. Klubben har satsa over evne og smuldrar opp. 2004 endar i nedrykk frå Premier League. Tre år seinare ventar ei ny degradering i det engelske fotballsystemet. Klubben er i fritt fall.

Då er Bakke allereie tilbake i Norge. Etter åtte sesongar i England, heiter arbeidsgjevaren Brann.

Gjennom nær 20 år som aktiv spelar i fire klubbar, har Bakke hausta mykje lærdom som han tek med seg i si eiga trenarrolle. Positive, men også negative erfaringar.

– For eg har hatt mange dårlege trenarar også, utan å nemne namn. Men eg trur det er viktig å ta med det beste eg har lært frå andre, feila eg sjølv har gjort og dei gode tinga eg har opplevd, seier han.

– Er det trenarar du har hatt som du ser litt opp til, og som du tek ting frå?

– Det er så mange trenarar og ulike epokar, men eg hadde Øyvind Nilsen frå 1994 til 1997. Han var fantastisk med unge spelarar og gav dei ein moglegheit. Eddie Gray var ein tøff og tydeleg assistenttrenar i Leeds, som kvar dag sette krav til gutane.

– Det er mange av dei eg prøvar å ta ting frå, men eg må ta det inn til gruppa på min måte. Uansett om eg er spelar eller trenar, held han fram.

Aspmyra, 13. mars 2016. Sogndal sin opningskamp i årets eliteserie. Eirik Bakke har vore her fleire gonger før både som Sogndal- og Brann-spelar. I år er det her han opnar eit nytt kapittel i livet, med debut som eliteserietrenar.

To veker i førevegen er ikkje spenninga der. Ikkje heilt enno.

– Eg har ikkje gnisten heilt enno, men den kjem nok når Tippeligaen kjem. Det er då vi må vere klare. Då har vi hatt oppkøyringa, og vi har inga unnskyldning. Eg gler meg til spenninga kjem i magen, seier han.

– Er du like spent som trenar, som du var som spelar?

– Eg var nok mykje meir spent som spelar, og litt på ein annan måte. Eg har litt meir ro no, sjølv om eg kan kveike til på sidelinja av og til.

Spelarane, og trenar Bakke, er budde på at 2016 kan bli ein tøff sesong i eliteserien. Som i 2011, 2012, 2013 og 2014.

– Men eg plar seie det til gutane, vi har ingenting å tape. Taper vi, så får vi reise oss att, avsluttar Bakke.