Knut Skaar Norske Redningshunder

KNUT OG ANAKIN: Knut Skår og redningshunden Anakin er blant dei ekvipasjane som er klare til å hjelpe dersom behovet er der no i påsken, eller seinare.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bak kvar redning av eit liv ligg tusenvis av treningstimar

FILEFJELL (NRK): Kvart år legg Knut Skår ned tusenvis av timar og tusenvis av kroner for å kunne vere i beredskap med hunden sin, heilt frivilleg.

– Kvar hundeførar i Norge er i snitt 100 timar på aksjon, og det er ein liten brøkdel av alle dei mange tusen timane ein legg ned. Så det er mange tusen timar i løpet av eit år for kvar hund, fortel styreleiar i Norske redningshunder, Knut Skår.

Denne veka har det vore samling for dei nye hundane som skal testast om dei er gode nok til å kunne bli brukt til den viktige, og livreddande jobben dei er tenkt ut til. For behovet for redningshundar er aukande.

– Det er ei viktig brikke i beredskapen og i den frivillige redningstenesta i Norge, i lag med Røde Kors, Norsk Folkehjelp og alle dei andre organisasjonane. Det syner seg ved at Norske redningshunder er kalla ut på over 500 aksjonar i året, fortel Skår.

Sjølv har han og hundane hans vore med og berga liv, og han har ingen planar om å gje seg, uansett kor mange timar han må bruke på å halde sin og hunden sin kunnskap og evne ved like.

– For nokon av oss så har dette blitt ein livsstil. Det tek tre år å godkjenne ein redningshund, i alle fall om ein startar frå scratch. Dei som har drive med dette nokre år og har ein del erfaring kan nok klare det på kortare tid. Men uansett må hunden vere to år gamal før ein får den godkjend hos oss.

Blei tekne av snøras

I 2011 blei Knut Skår kalla ut då det gjekk eit stort snøras i Aurlandsdalen. To ungdomar på snowboard blei tekne av raset.

– Eg gravde fritt ansiktet, og ropte etter kompisen min. Du står der og du har eit gigantisk hav av snø og anar ikkje kvar du skal byrje å leite. Livet mitt ville vore eit heilt anna i dag dersom eg hadde mista kameraten min, fortel Henning Hamnes.

Både han og den tyske kameraten hans overlevde takka vere dei frivillige redningsfolka, og hunden til Knut Skår. Den erfarne hundeføraren fortel om dramatiske stunder i dalen.

– Det var så bratt at eg måtte dytte hunden oppover. Brått blei hunden vekke og eg ropte at dei måtte lyse bortover, og då såg eg at den stod og grov. Så kom det fram ein fot, og så brått trakk han foten til seg. Då gjekk det eit kaldt gufs nedover ryggen på meg då vi forstod at han er i live.

Tatt av ras i Aurlandsdalen

FUNNEN I LIVE: Ein tysk statsborgar blei funnen i live av hunden til Knut Skår etter eit stort snøras i Aurlandsdalen.

Foto: Lars Fossdal

Sterk auke i bruken

På Filefjell tek Knut Skår kommandoen. Han rettleiar gode vener og kameratar mot målet om å få godkjenning på hundane sine som redningshundar. Og behovet for fleire nye hundar er stort. Det er om lag 100 lavinehundar i Norge i dag. Dessutan er det om lag 230 ettersøkshundar og 30 katastrofesøkshundar i organisasjonen.

– Om vi ser inn på regionar i landet så er det nok alt for lite. Totalt sett så vil nok nokon seie at 100 lavinehundar er bra, men problemet er at vi mange i nokre regionar og nesten ingen i andre regionar. Då er det viktig at vi klarer å rekruttere, slik at vi får ei god spreiing rundt om kring i landet.

Dei siste 10 åra har talet på aksjonar der Norske redningshunder har blitt brukt auka med 40 prosent, og kvart år blir fleire titals personar berga av hundane og dei frivillige hundeførarane.

– Ein av grunnane er at politiet har sett meir kor viktig dei frivillige er, generelt sett. Vi blir kalla ut stadig tidlegare. Hundane har ei fantastisk nase som ingen andre har. For å samanlikne, så har mennesket ein luktesans på storleik med eit frimerke, medan ein hund har luktesans på storleik med ei fotballbane, fortel Knut Skår.

Norske redningshunder inngår i dag som ein del av den frivillige redningsberedskapen i Norge, saman med blant andre Røde Kors og Norsk Folkehjelp. No i påsken er dei sjølvsagt klare til å trø til dersom behovet skulle oppstå.

Norske redningshunder på Filefjell

UT PÅ TUR: Denne veka har mange av ekvipasjane til Norske redninghunder vore samla på Filefjell.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Får ikkje betalt for jobben

Men ingen av dei som jobbar i den frivillege beredskapen tener så mykje som ei krone på det dei gjer for å berge liv og helse til overivrige turgåarar eller andre som blir råka av uhelle og ulukker.

– Vi tener absolutt ingenting på dette, tvert imot så er det ei ganske stor utgift for oss alle. Eg trur heller ikkje at den norsk frivillige redningstenesta skal bli profesjonell. Engasjementet og idealismen som mange har, får ein ikkje kjøpt for pengar, meiner styreleiaren i Norske redningshunder.

Knut syner stolt fram sin eigen redningshund, Anakin. Ein hund som kan lokalisere folk på fleire hundre meter avstand om dei ligg i overflata i eit snøras.

– Vi kan også finne dei om dei ligg ned på 8-10 meter under snøen. På store vidder og i fjellsøk så kan vi faktisk finne folk på fleire kilometer avstand. For dei personane vi finn som er i live, og som kanskje ikkje hadde overlevd på andre måtar, så er vi ein veldig viktig del av redningstenesta.