Arve Wergeland ved målestasjonen på Brekke i 1997
Foto: Meteorologisk institutt

Den våte arven

GULEN (NRK): Arve Wergeland sa ja som 14-åring. No må han helst seie ja igjen. Ja til å stå opp før klokka 7, helst i uoverskodeleg framtid, for å finne ut kor mykje regn det har ausa ned over heimplassen.

– Det er meir unormalt om det går lenge mellom kvar gong det regnar enn om det regnar mykje her hos oss, humrar ytresogningen.

35-åringen smiler nesten skøyaraktig. Og det sjølv om han snakkar om at plassen han bur på er den våtaste i landet. På Brekke i Gulen er det så vått at sjølv klissblaute bergensarar bør halde godt stilt.

– Vi har den stasjonen som måler mest nedbør i heile landet, utan at det er noko å skryte av då.

Dette ante også Meteorologisk institutt då dei for snart 80 år sidan overtydde folk på Brekke om å bli med i ein av verdas største dugnadsgjengar – vêrobservatørane. Vanlege folk som tek på seg arbeidet med å observere og registrere vêret kvar dag året rundt.

Tradisjonen har stått støtt i Norge i over 150 år, men i 2017 har teknologien teke over for mange i dugnadskorpset. Sakte, men sikkert, stasjon for stasjon, har menneska blitt erstatta av automatiske vêrmålarar.

Meteorologisk institutt vil helst ikkje miste sine trufaste og erfarne vêrobservatørar. Utfordringa er derimot å få dagens unge kvinner og menn til å ta over jobben.

Jobben som gjer dei til brikker i eit kjempestort puslespel – eit puslespel der kunnskapen om vêret i dag gjer det mogleg å seie noko om vêret som ventar i morgon.

Jo dårligere kunnskap vi har om nåtilstanden, desto dårligere blir forutsetningene for å regne på værsituasjonen framover i tid.

Meteorologisk institutt.
Teknologien tek over for stadig fleire av vêrobservatørane her til lands. Men framleis er det trufaste menneske som vil halde fram med den litt spesielle jobben.

SIDAN 1938: På Brekke i Gulen har det vore gjort nedbørsmålingar i snart 80 år. Gerd Wergeland håpar no at sonen vil ta over, slik at tradisjonen kan leve vidare. Foto/redigering: Lote/Horvei/Mildestveit/Gytri.

Tidleg morgon, 1. juli 1996: Eldstesonen på Verkland i Gulen trippar nervøst rundt på kjøkkenet. Blikket vekslar mellom armbandsuret på handa og stolpen med den litt spesielle innretninga ute på bøen. For aller første gong skal Arve Wergeland måle nedbør på oppdrag for Meteorologisk institutt. Familien på nabogarden har gitt seg og no er det han som har fått stafettpinnen. Så er klokka der. Med støvlar på føtene går 14-åringen andaktsfull gjennom det våte graset. Ved målestasjonen klistrar fuktig mold seg under føtene når han forsiktig plukkar opp metallbøtta.

– 5,3 millimeter med nedbør var det den dagen, seier Arve om måndagen for over 20 år sidan.

Arve Wergeland

REDNINGSMANNEN: Arve Wergeland kan få ein litt spesiell plass i historia. Som redningsmann for den våtaste målestasjonen i Norge.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Sidan det regna følte eg at det var viktig at eg ikkje målte verken før klokka var der eller etterpå. Kvar ein drope skulle få kome med, fortel han vidare.

Det er eit halvt liv sidan han som tenåring fekk si første lønn som vêrobservatør. Før skulebussen kom hadde han kvar morgon eit viktig ærend.

Uansett vêr og vind måtte han hente inn den sølvgrå kanna på målestasjonen, måle det opp i måleglaset og notere med sirleg skrift på meldekortet. Var det snø skulle det stå kor djup han var og notere kor mykje av bakken som var dekka. I tillegg ville Meteorologisk institutt vite kor tid på døgnet det hadde kome nedbør og om det kom som regn, snø, sludd eller hagl.

På fredagane vart meldekortet frå stasjonen på Brekke sendt i posten, med adresse Meteorologisk institutt.

– Eg hugsar at eg alltid gjekk veldig forsiktig, eg var jo redd for å ramle med kanna i hendene. Det kan vere foreldra mine målte nokre dagar i helgane, men elles var det eg som gjorde det.

At han vart trøytt av å stå opp så tidleg kvar dag nektar han for. To gongar i året kom lønninga frå Meteorologisk institutt. 10.000 kroner til saman.

– Eg hugsar ikkje kva eg gjorde for den første lønninga, men eg trur nok eg sparte pengane, seier han.

Ekteparet Hatling fekk i 1962 besøk av eit fjernsynsteam frå NRK. Ekteparet hadde då hatt ansvar for målestasjonen i Overhalla i Nord-Trøndelag i 40 år.

SOM I DAG: Dette TV-klippet er frå målestasjonen i Overhalla i Nord-Trøndelag, og er filma i januar 1962. Ekteparet Hatling hadde då hatt ansvar for målestasjonen i 40 år. Som ein ser av bileta er dåtidas nedbørsstasjon meir eller mindre identiske dei vi har i dag. OBS: Det er ikkje lyd på klippet.

Norge, 1895: Meteorologisk institutt får i oppdrag av Stortinget å opprette nær 300 nedbørsstasjonar rundt omkring i landet. Til same tid kvar morgon skal ivrige sjeler rapportere kor mykje det har regna, snødd eller hagla. I Skjåk i Ottadalen, i Botnen i Førde, på Selseng i Sogndal og på Risnes i Vest-Agder får bøndene sett opp det same utstyret. Ein stolpe med ei kanne på til å samle opp regndropane i, og eit måleglas til å måle med.

– Vi har framleis att rundt 55 stasjonar av dei som vart oppretta i 1895. Nokre er kanskje flytta litt, medan vel 40 av dei har stått på same plassen sidan dag ein. Så lange seriar gir oss uvurderlege data for klimastatistikken og klimaforskinga, fortel Ted Torfoss.

Ted Torfoss

IMPONERT: Ted Torfoss har besøkt over 200 av målestasjonane i Norge.

Foto: Magne Velle/Meteorologisk Institutt

I sju år har Torfoss jobba med å følgje opp dei vel 350 menneska som framleis gjer observasjonar på dei manuelle målestasjonane i Norge. Han har vore på besøk på over 250 stasjonar og har for lengst late seg imponere over kor pliktoppfyllande og engasjerte vêrobservatørane er og har vore opp gjennom åra.

– Hos mange ligg dette i ryggmergen, det har blitt gjort på garden i alle år. Nokre stader er det tredje, fjerde og femte generasjon som gjer jobben. Dei seier det berre er noko dei gjer på garden, og det har aldri vore spørsmål om dei skal gjere det eller ikkje, seier Torfoss.

Allereie på 1860-talet kom dei første vêrstasjonane opp langs norskekysten. Då Det norske meteorologiske institutt vart oppretta i 1866, var telegrafnettet så godt utbygd at det allereie vart gjort observasjonar av vêret i Kristiansund, Ålesund, Skudenes, Mandal, Sandøsund og Dombås.

Etter kvart kom fleire stasjonar til, og i 1895 vart altså nesten 300 nedbørsstasjonar sett i drift. Den gryande kraftindustrien hadde pressa på og dei måtte vite kor mykje regn og snø det faktisk kom.

Land og strand rundt vart bønder og andre sett i arbeid, nedbøren skulle registrerast og informasjonen sendast inn til instituttet ein gong i månaden. Kriteria for å få jobben var relativt enkle. Dei måtte vere villige til å ta på seg jobben, og dei måtte kunne lese og skrive.

– Dei tenkte nok ikkje då kor viktig dette ville bli, seier Torfoss.

Et værvarsel er i bunn og grunn ikkje annet enn et enormt regnestykke (eller nesten uendelig mange utregninger) hvor geofysiske lover og værdata tygges og eltes av svære formler i de største datamaskinene som kan skaffes.

Frå boka Værfolk, skrive av Hugo Lauritz Jenssen
Martin Granerød

I VÊRET SI TENESTE: Martin Granerød (29) har jobba som meteorolog i fem år. Også han er ein del av dugnadskorpset av vêrobservatørar. Her er han oppe på taket på Vêrvarslinga på Vestlandet, der dei gjer observasjonar kvar tredje time.

Foto: Solveig Horvei / NRK

Florida i Bergen, januar 2017: På Vêrvarslinga på Vestlandet sitt hovudkontor sit statsmeteorolog Martin Granerød på vakt. Han er også ein vêrobservatør. Kvar tredje time går nemleg ein av meteorologane opp på taket for å gjere observasjonar av vêret. Dei blir mata inn i det same systemet som dei andre vêrobservatørane i Norge brukar. Verda rundt er det tusenvis av menneske som gjer jobben, og Granerød veit at han er heilt avhengig av dei.

– For å vite korleis vêret blir framover, så må vi vite korleis vêret er akkurat no. Og for å vite det, så må vi ha observasjonar, seier han.

I dag er det 346 stasjonar i Norge der det er menneske som framleis gjer observasjonane av vêret. Meteorologisk institutt får også inn data frå vel 900 automatiske stasjonar.

I tillegg blir det samla inn observasjonar ved hjelp av satellitt- og radarbilete og radiosondar, populært kalla vêrballongar.

– Alle observasjonane går inn i datamaskina, og så brukar maskina matematiske og fysiske likningar for å rekne ut korleis vêret blir fram i tid. Resultata av dette er det vi meteorologar tolkar før vi går ut med eit vêrvarsel, forklarar Granerød.

Olav Wergeland med familie med målestasjon på Verkland i Brekke, 1948

MÅLESTASJON PÅ BREKKE: Olav Wergeland og familien tok i 1938 på seg arbeidet med ein nedbørsstasjon på Verkland i Brekke. Dette biletet er teke i 1948. I bakgrunnen ser du huset der familien som i dag driv nedbørsstasjonen bur.

Foto: Arkivbilete frå Meteorologisk institutt

Verkland i Gulen, 1938: Norges komande konge, prins Harald, fyller året. I Bergen går folk knapt tørrskodd, og Meteorologisk institutt veit at det er liknande vêrforhold litt lenger nord på Vestlandet. Difor har dei fått opp ein nedbørsmålar på Verkland i Gulen der stasjonen får namn etter kommunen, Brekke. Olav Wergeland og familien tek på seg jobben, ein jobb dei skal få 60 kroner i året for. Ingen veit det då, men stasjonen skal bli den våtaste i landet.

– Eg var jo klar over det då eg vaks opp at det regna mykje her, seier Arve Wergeland (35).

Gerd og Arve Wergeland ser i gamle bøker

FULL OVERSIKT: Det hender ofte at dei gamle bøkene med nedbørsmålingane blir tekne fram. – Her målte vi 751 millimeter i november månad i 2005, seier Gerd Wergeland og held fram boka.

Foto: Steinar Lote / NRK

Praten går ivrig rundt bordet i hovudhuset på Verkland. Som så mange gonger før er det dei edle dropane som kjem frå himmelen som er tema. Ute er det framleis så mørkt at ein ikkje kan sjå målestasjonen. Men der ute står han. Stolpen med den grå metalbøtta, innretninga som skreiv Brekke inn i historiebøkene.

Året var 1990. Målestasjonen stod då framleis på nabogarden, 100 meter unna der stasjonen står i dag. I april døydde 159 menneske då det byrja brenne på ferja Scandinavian Star. I desember fekk russiske Mikhail Gorbatsjov fredsprisen. Då året bikka til 1991 var norgesrekorden eit faktum.

I løpet av årets 365 dagar hadde det kome 5595,9 millimeter nedbør på Brekke. Til samanlikning kom det 2992 millimeter i Bergen dette året.

På Verkland vaktar dei seg godt for å skryte over det dårlege vêret dei har hatt opp gjennom åra, men du høyrer dei ikkje klage heller.

– Det er ikkje så mykje å snakke om. Men når det først skal vere så mykje nedbør, så er det jo litt moro, seier Arne Wergeland (74), far til Arve.

Gerd Wergeland måler opp kor mykje nedbør det har kome det siste døgnet

MÅLER OPP: Gerd Wergeland tek med seg den sølvgrå kanna inn på kjøkkenet kvar morgon. Over vasken heller ho vatnet opp i måleglaset, les av kor mykje nedbør det har kome, så heller ho vatnet ut i vasken. – Det er ikkje noko å samle på, for det kjem meir, smiler ho.

Foto: Anna Gytri / NRK

Verkland i Gulen, hausten 1998: Det er blitt litt tommare i huset. Eldstesonen Arve (16) har flytta på hybel – no ventar fire år på jordbruksskulen på Mo i Førde. Det er umogleg for Arve å kombinere nedbørsmålinga på garden med skulegang nesten 100 kilometer unna. Men foreldra tenker aldri tanken på å seie frå seg arbeidet. Då dei fekk spørsmålet om å ta over etter naboane i 1996, stod heile familien bak avgjerda om å seie ja.

– Noko av grunnen til at Meteorologisk institutt bad oss ta over var at stasjonen var så gamal. Om vi ikkje tok det på oss, ville han bli nedlagt, minnast Gerd.

Arne Wergeland

SAMARBEID: Heile familien sa ja til oppgåva, understrekar Arne Wergeland (74).

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi tenkte vi hadde ei plikt til å gjere det. Vi vart bundne av det, men vi var no heime uansett, seier Arne og viser til at dei aldri kunne reise frå dyra og arbeidet med garden.

Dermed merka ikkje Meteorologisk institutt noko til at den unge observatøren mellombels vart erstatta av foreldra. Gerd og Arne kom fort inn i rutinane. Dei hadde jo allereie vore vikarar for sonen. No vart det litt den andre vegen, at Arve målte då han var heime.

I finvêr og styggevêr, på 17. mai og julaftan. Kvar dag har ekteparet henta inn stålbøtta med vatn i.

– Det skal ikkje meir motivasjon til for å gjere dette enn å gå i fjøsen kvar dag. Ein veit at det skal gjerast, og meir er det ikkje med det, seier Arne (74).

– Ja, har ein teke på seg jobben, så må ein sjå å få det gjort, legg Gerd til.

Så må ho ta seg litt i det. Sjølv for vestlendingar som etter år med regnvêr nærast har blitt vasstette, så er det dagar der det ikkje freistar å gå utomhus.

– Viss det er veldig djup snø for eksempel, så er det ofte Arne som går ut, vedgår ho.

– Det er jo det same kven som gjer det. Men eg måler det ikkje, eg berre ber det inn for døra til ho. Noko meir gjer eg ikkje, ler mannen.

På den våtaste plassen i landet, var det nærast tørke vinteren i 2010. Denne Tv-reportasjen er frå slutten av februar dette året.

TØRR VINTER: På den våtaste plassen i landet, Brekke, var det nærast tørke vinteren i 2010. Denne TV-reportasjen er frå slutten av februar det året.

Slik har det altså gått seg til kvar dag dei siste 18 åra. I 2011 var det slutt på å sende inn målingane med vekekort. No er det iPaden som står på kjøkkenbordet kvar morgon. Klokka 7 om vinteren og klokka 8 om sommaren loggar Gerd seg inn på Meteorologisk institutt si rapporteringsside. Då har ho allereie notert alle viktige data i årboka som har fast plass oppå kjøkkenvifta.

Gerd Wergeland sit med bordet og loggfører nedbøren

DOBBEL LOGGFØRING: Dei siste åra har Gerd Wergeland brukt iPaden for å levere inn målingane til Meteorologisk institutt. Men først blir alt skrive ned i boka, slik dei har gjort sidan dei tok over målingane i 1996.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det er same prosedyre i dag som i morgon og dagen etter, seier ho og viser fram loggsystemet på nettet.

Spørsmålet no er berre kor mange dagar etter i morgon det skal bli for Gerd. Ho nærmar seg 67 og ser optimistisk på sonen når spørsmålet om kor lenge ho kan halde på kjem.

– Det spørst kor tid ungdomen vil ta over det då.

Vêrstasjonen på Takle, arkivbilete frå Meteorologisk institutt

GOD SIKT: Vêrstasjonen på Takle vart sett i drift i 1950. Herifrå hadde dei god sikt både mot nordvest, nord og nordaust.

Foto: Meteorologisk institutt

Takle i Gulen, 1950: Det er elleve år sidan Johannes J. Takle første gong sa seg villig til å vere vêrobservatør. No er den kvitmåla hytta med måleinstrumenta endeleg på plass. På fire bein balanserer vidunderet ute på bøen, med nedbørsmålaren på eit kvitmåla stativ knapt ein meter unna. Johannes og familien har ikkje telefon sjølv, men dei har avtale om å låne telefon med naboen. Slik skal dei få ringt inn observasjonar tre gonger om dagen. I tillegg til nedbør skal det også lesast av høgste og lågaste temperatur, kor fuktig lufta er og vind. Med kilometer utsikt både i den eine og den andre retninga skal Johannes også rapportere om skydekke, skyhøgde og skytype.

– Flytrafikken nord-sør var grunnen til at dei la stasjonen her den gongen. Stasjonen ligg ope til, med god sikt i alle retningar, seier Jon Takle.

Slik registrerte dei vêret på Takle i over 60 år

99 ALTERNATIV: Tre gonger om dagen observerte Jon og Karin Takle vêret på garden på Takle. Det var 99 alternativ å velje mellom når dei skulle definere korleis vêret var akkurat då observasjonen vart gjort.

Foto: Anna Gytri / NRK

Den 78 år gamle mannen står i stoveglaset på Takle og ser ut. Det blir sagt at dei på finevêrsdagar kan sjå heilt inn til fjella på austsida av Høyangerfjorden. I dag ser han knapt nokre hundre meter ut på Sognefjorden. Det er grått og vått, og i huset høyrer dei korleis vinden av og til tek tak.

Det å stå slik og sjå på vêret har Jon gjort mykje. Uendeleg mykje. Då faren tok på seg jobben som vêrobservatør var Jon 12 år. Som 15-åring vart han registrert hos Meteorologisk institutt som fast vikar.

– Dette med å vurdere skyene var det vanskelegaste med heile jobben. Det er låge skyer, middels høge og høge skyer, så vi brukte eit skyatlas som rettesnor. Men det var ikkje så enkelt dette med å bestemme skyene, kor høge dei var og kva type det var, minnast Jon.

I 1963 hadde Jon lokka med seg strilejenta Karin til Takle, og dei to etablerte seg på heimgarden til Jon sine foreldre. Til liks med garden, gjekk også arbeidet som vêrobservatør i arv, og i 1968 tok Jon og Karin over. Då inspektøren frå Meteorologisk institutt var på inspeksjonsbesøk i 1970, hadde dei ingenting å utsetje på arbeidet:

«Utmerkede og fornuftige mennesker, som synes innstilt på å levere skikkelig arbeid», stod det å lese i rapporten.

Jon og Karin Takle

STOLTE OG TRUFASTE: Karin og Jon Takle stod for manuelle observasjonar av vêret i 46 år. Dei har aldri kvidd seg for å gjere jobben og sit att med ei stolt kjensle over jobben dei har lagt ned.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ekteparet fekk etter kvart fire barn, så med gard og vêrstasjon i tillegg vart det travle dagar på Takle. Arbeidet med å observere vêret vart gjort samvitsfullt og nøye tre gonger kvar dag heile året. Om vinteren skulle observasjonane sendast inn seinast klokka 06.55 om morgonen og om sommaren seinast klokka 07.55. I tillegg gjorde dei observasjonar om ettermiddagen og kvelden.

Med eit så tett forhold til vêret hugsar dei godt dei gongane det har vore skikkeleg ekstremt.

– Mange seier det regnar så forferdeleg no, men ser ein på statistikkane så har det jo regna mykje meir før. Som i januar i 1989, då målte vi 1017 millimeter. I februar i 1990 var det 735 millimeter og i mars 1990 var det 832 millimeter, seier Karin og peikar ned på eit gulna ark.

Men så er ho snar å legge til at det i juni i 1982 berre kom ein millimeter med nedbør. For det er jo ein rekord det også.

– Det meste vi har hatt på eit døgn var 27. oktober 1995. Då kom det 184,6 millimeter på eit døgn. Då ausa det ned i eitt heile dagen. Til vanleg er det som regel ei stund på dagen det er opplett, men den dagen var det heilt forferdeleg, minnast ho.

Vêrobservatørane på Takle i Gulen har fleire gonger hatt besøk av TV-team frå NRK. Dette klippet er frå mai 1999.

VÅT VÅR I 1999: Vêrobservatør Jon Takle på Takle i Gulen har fleire gonger hatt besøk av ivrige journalistar. Her kan du sjå TV-reportasjen frå mai 1999.

Av og til har ekteparet teke ferie, og då stilte ein nabo og etter kvart ungane opp. Men kanskje meir enn andre har dei nok vore heime. Iallfall ein av dei. På dei flottaste sommardagane kunne dei ikkje reise på tur og vere vekke heile dagen. Ofte reiste dei på tilstellingar i lag, for så å reise heim åleine. Då hadde den andre reist i førevegen for å få gjort målingane.

– Det har gått stort sett bra. Merkeleg nok, ler Jon og vekslar eit blikk med kona.

Dei siste åra det vart gjort manuelle observasjonar på Takle, var betalinga frå Meteorologisk institutt på mellom 80.000 og 90.000 kroner i året før skatt. Sjølv om pengane kom godt med, var det også andre krefter som motiverte ekteparet.

– Vi hadde ei interesse for det også. Og så hadde vi lyst til at målingane skulle halde fram å vere på garden. Når vi hadde drive med det så lenge, så kjente vi på ei plikt til å føre det vidare, seier Jon.

– Det vart ein vane, ein jobb vi gjorde. Vi kvidde oss ikkje til det. Av og til måtte vi kle oss litt ekstra, snøre hetta godt att, men elles gjekk det greitt, legg Karin til.

På Takle har dei også fått merksemd for at det har vore tørt. Denne TV-reportasjen er frå juli 2000.

TØRR SOMMAR: På Takle har dei også fått merksemd fordi det har vore tørt. Sjå reportasjen frå juli i 2000.

Automatisk vêrstasjon på Takle i Gulen

NY TEKNOLOGI: Denne automatiske vêrstasjonen kom opp på Takle i mai 2014.

Foto: Anna Gytri / NRK

Takle i Gulen, 8. mai 2014: Det er kome opp ei innretning framfor huset til Jon og Karin Takle som nesten kan minne om framtidas fugleskremsel. Dette er den nye automatiske vêrmålaren. No blir det målt nedbør og snødjupne, kor fuktig lufta er og temperatur. Den kvite hytta med måleinstrumenta er vekke. Med det er endå ein av dei tradisjonelle vêrstasjonane i Norge er bytta ut med automatiske målingar.

– Då vart vi automatisert, Karin og eg, seier Jon Takle.

Det er slik han snakkar om det. Dei vart automatisert, han og kona. Dei to som i 46 år hadde sendt inn all slags observasjonar tre gonger om dagen. Ingen hadde nokon sinne hatt noko å utsetje på vêrstasjonen på Takle, men etter 64 år vart menneska erstatta av maskiner.

– På ein måte var det litt vemodig. Stasjonen hadde vore der så lenge, så det var spesielt å slutte med det. Men litt godt var det også, seier Jon som gav seg etter 61 år som vêrobservatør.

For det var ingen som kunne eller ville ta over arbeidet. Ekteparet er for lengst innforstått med at arbeidet dei hadde drive på med ikkje er lett å få til for dei neste generasjonane.

– Eg forstår at unge folk i dag ikkje vil ta over. Dei er gjerne i arbeid utanom, og dette går ikkje an å tilpasse med ein vanleg arbeidssituasjon, seier Jon.

Bilete teke på inspeksjonsbesøk på Takle i 1959

INSPEKSJONSBESØK: Med jamne mellomrom er folk frå Meteorologisk institutt på inspeksjon på målestasjonane rundt om kring i landet. Desse bileta er teke på besøket på Takle i 1959.

Foto: Arkivmateriale frå Meteorologisk Institutt

Blindern i Oslo, januar 2017: Ted Torfoss sit på kontoret sitt på Meteorologisk institutt. Her held han oversikt over nettverket av vêrobservatørar i Norge. Manglar det data frå ein nedbørsstasjon, slår Ted på tråden for å finne ut kva som har skjedd. Denne veka er han litt oppglødd. Han har akkurat klart å få på plass ein observatør som vil gjere visuelle observasjonar på stasjonen i Karasjok.

– Det er vanskelegare å få nokon til å vere «vêrfast» i dag. Dei må vere litt spesielt interesserte i vêret eller sjå at historia til stasjonen er viktig å ta vare på, seier Torfoss.

Han og kollegaene har opp gjennom åra strekt seg langt for å finne arvtakarar når vêrobservatørar etter lang og tru teneste vil pensjonere seg. Mange stader går jobben i arv, medan det andre stader er ein nabo som vil halde liv i stasjonen. Men nokre stasjonar har dei måtte legge ned. Andre igjen har blitt automatisert fordi Meteorologisk institutt meiner informasjonen om vêret i området er viktig å få kunnskap om også inn i framtida.

På sikt vil truleg dei fleste av vêrobservatørane i landet møte same skjebne som Jon og Karin Takle. Dei vil bli automatisert. I nabolandet vårt, Sverige, ligg dei litt føre oss. Der er det i dag knapt ein einaste vêrobservatør igjen.

Forklaringane på kvifor det ikkje allereie har skjedd i Norge er fleire: Økonomi, det at teknologien ikkje klarar alt og ønsket om lange, urørte seriar med målingar (sjå faktaboks).

– Det høyrest gamaldags ut når vi framleis har observatørar som er ute og målar ein gong i døgnet eller tek observasjonar fleire gonger om dagen. Men dei er ein liten brikke i eit større puslespel av data som kjem inn til Meteorologisk institutt, seier Torfoss og held fram:

– Vi er langt framme når det gjeld utnytting av ny teknologi. Automatstasjonar, satellittar og radarar er dei viktigaste arbeidsverktøya for meteorologane, men observatørane har framleis ei viktig rolle i den jobben dei gjer. Vi kan for eksempel ikkje ringe ein automatstasjon dersom det skjer ei feilmåling eller vi manglar data. Dette gjer data frå ein manuell stasjon meir robuste, sjølv om vi ikkje får data så ofte.

Arve Wergeland i sauefjøsen på Brekke

FRAMTIDA: Arve Wergeland veit at det er meir enn dyra han må stelle med, no når han har teke over garden på Verkland.

Foto: Anna Gytri / NRK

Verkland i Gulen, januar 2017: Odelsguten Arve Wergeland har nevane fulle av kraftfor og kastar det med vande bevegelsar langs båsane til dei utolmodige sauene. Det er tre år sidan han flytta heim att, og for eitt år sidan tok han formelt over gardsdrifta. No bur han i huset etter onkelen og ser ned på nedbørsstasjonen som han for 20 år sidan var med å få til gards. Det store spørsmålet no er om stasjonen på Brekke rekk å bli 100 år. Då må stasjonen stå i minst 21 år til.

– Stasjonen har jo eksistert ei god stund, og det er den stasjonen som har målt mest nedbør i landet. Slik sett er det litt greitt å prøve å halde på han. Hadde stasjonen målt middels med nedbør, hadde det ikkje vore så ille om han vart nedlagt, humrar Arve.

Sauene er ikkje dei einaste som har fått stell av han i dag. Det har også ein stor flokk med grisar som står i ein annan fjøs. Rundt gardsbygningane ligg fleire mål med dyrka mark. På våte somrar, som det jo er mange av på Verkland, er det ofte trøblete å få gjort unna slåtten. Som så mange andre bønder saumfer han då Yr.no i håp om at vêrvarselet kan love ein godvêrsdag eller helst fem.

Då 35-åringen tok over gardsdrifta etter faren visste han kva han gjekk til. Og det har aldri vore hemmeleg at det følgjer med noko meir – den sølvgrå kanna på stolpen utanfor kjøkkenglaset i barndomsheimen.

Det blir ikkje sagt noko om kor tid mora kan få pensjonere seg frå arbeidet, men noko nei til oppgåva finst ikkje i Arve sin munn.

– Eg las ein gong om ein annan kar som starta som observatør då han var 14 år. Han hadde halde på til han var 80–90 år gamal. Eg veit ikkje om eg greier å tangere han altså, men blir eg så gamal, så har eg iallfall tid til det.