Juletrefest på Årdalstangen 1957

STØYANDE, MEN KJEKT: Frå ein juletrefest i Folkets Hus på Årdalstangen i 1957.

Foto: Verksposten, foto utlånt av Årdal Sogelag

«Vi klapper i hendene»

Dei gode, gamle juletrefestane er historie mange stader, men i ein del bygder lever tradisjonen i beste velgåande.

Barndommens juletrefestar er eit minne mange ber med seg. Sjølv hadde eg oppveksten min i Naddvik i Årdal kommune, den gongen ei veglaus bygd med rundt 120 innbyggjarar. Juletrefesten i romjula var eitt av dei store høgdepunkta.

Eg kan enno kjenne lukta av det eg har trudd var kakao, som vi fekk servert i dei kvite koppane med namnet til Vikadalen ungdomslag på. Men eg blir korrigert av Sigfrid Hovland, som er jamgammal med meg, og som har ført tradisjonen vidare.

– Her brukar vi ikkje kakaopulver, nei. Vi kallar det sjokolade, det har alltid vore brukt kokesjokolade og heilmjølk og litt til. I vår barndom var det Mathilde Hovland som kokte, så overtok Hjørdis Hovland.

Sigfrid Hovland og Grete Hovland

FØRER TRADISJONEN VIDARE: Sigfrid Hovland (t.v.) og Grete Hovland er mellom dei som syter for at det framleis er juletrefest i Naddvik, og for at sjokoladen smakar som han skal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

No er begge desse for lengst døde. Sigfrid Hovland har sjølv fått barnebarn. Saman med mellom andre Grete Hovland har ho sytt for at både sjokoladeoppskrifta og tradisjonen med juletrefest er ført vidare.

– I vår barndom var det skulen som stod for programmet. Vi øvde på julespel og songar, og vi var så få at alle måtte vere med, om dei hadde songrøyst eller ikkje.

Avslutta med «Fager er jordi»

Men det var mange som stod på for å få i stand festen. Den gongen hadde ungdomshuset berre ei oppvarmingskjelde – ein diger vedomn.

– Det måtte fyrast gjerne i fleire dagar på førehand når det var kaldt ute, og vatnet måtte berast opp til huset.

Folk hadde med seg mat, det var litt prestisje for husmødrene å sette fram fat med smørbrød med ekstra godt pålegg.

– Gangen rundt juletreet var høgdepunktet, og den vart avslutta med at alle stod i ro, heldt kvarandre i hendene og song «Fager er jordi», fortel Sigfrid.

Nisse på juletrefest i Naddvik

NY TRADISJON: I dag kjem nissen til juletrefesten i Naddvik.

Foto: utlånt av Grete Hovland

– Kjempekoseleg tradisjon

Og heile bygda vart samla, gamle som unge, fortel Grete Hovland, som kom til bygda på 1960-talet frå Austlandet.

– Det er ein kjempekoseleg tradisjon. Vi var ikkje så mange her, så juletrefesten var stas. Eg har stort sett vore på alle. I dag er det dessverre ikkje like god oppslutnad om festane, eg saknar dei som ikkje har eigne ungar.

Då skulen i bygda vart lagd ned tidleg på 1980-talet var det eit par år utan skikkeleg juletrefest, men så tok Vikadalen ungdomslag over.

– Og det er berre kjekt å vere med på å arrangere. Vi som er litt eldre og ikkje har ansvar for barn har tid til dette og kan trø til, seier Grete.

Sidan det ikkje er eigen skule i bygda, opptrer ungane med slikt dei har øvd inn i barnehage og skule inne på Årdalstangen. Årets juletrefest skal avviklast fjerde juledag.

– Og i dag kjem det nisse med gåver til ungane, det gjorde det ikkje i vår barndom, seier Sigfrid Hovland.

– Mykje støy og spetakkel

Juletrefest på Årdalstangen 1950-tal

STAPPFULLT: Folk gjekk mann av huse for å vere med på juletrefestane på Folkets Hus på Årdalstangen.

Foto: Verksposten, utlånt av Årdal sogelag

Vi som voks opp i Naddvik visste at dei inne i kommunesenteret, Årdalstangen, hadde sin eigen tradisjon. Der vart juletrefestane i etterkrigstida arrangerte i Folkets Hus, som var ein stor trebygning som den tyske okkupasjonsmakta hadde reist.

På industristaden aula det med ungar på 1950-talet, og Oddgeir Øren, fødd i 1948, hugsar festane som ei nokså bråkete, men veldig kjekk oppleving.

Oddgeir Øren

STØYANDE, MEN MORO: Oddgeir Øren om juletrefestane i Folkets Hus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg hugsar at det var mykje støy og spetakkel, og sjølvsagt nissen som kom med papirposar med gullkjeks og Lohengrin-sjokolade, og av og til ei Cola eller ein appelsin.

Det var fagforeiningane som arrangerte desse juletrefestane, som etter at bygda fekk samfunnshus, vart flytta dit. Men i dag er dei historie. Rett nok blir det arrangert ein juletrefest på bedehuset, men det er ein annan tradisjon.

Folkets Hus vart også brukt som kino, på juletrefestane vart alle klappstolane flytta, slik at det vart plass til å gå rundt juletreet. Oddgeir Øren hugsar lydane når folk reiste seg frå stolane, då slo seta seg opp med eit smell.

– Det var musikkorps i sving, og på scena var det ein pianist som skulle prøve å akkompagnere julesongane. Og så stod det ein kar der som prøvde å dirigere kva ring som skulle gå til venstre og så vidare. Det fanst ikkje høgtalar, så at det stort sett klaffa, var heilt utruleg.

Og på desse juletrefestane var nissen eit sentralt innslag. Med seg hadde nissen to karar som var utkledde som hest, hugsar Oddgeir.

– Det var ikkje akkurat hestelukt av munnen på den hesten, dei hadde truleg hatt mykje moro på bakrommet før dei kom inn. Eg hugsar at vi gutane hadde som sport å sette ein teiknestift i baken på hesten.

– Romjula ein veldig sosial periode

Avdelingsdirektør på Sunnfjord Museum, Gunnhild Systad

- FØRST EIN BYTRADISJON: Folklorist Gunnhild Systad.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tradisjonen med å samlast mellom jul og nyttår oppstod alt i førkristen tid, seier Gunnhild Systad, som er folklorist og avdelingsdirektør på Sunnfjord museum i Førde.

– Det vart kalla juleveitsla, det var ein veldig sosial periode midt på svartaste vinteren.

Men juletrefestane i den forma vi har hatt på 1900-talet hadde opphavet sitt i Oslo, seier Systad.

– Det var eventyrsamlaren Peter Christian Asbjørnsen som på 1840-talet tok til å arrangere festar for fattige i hovudstaden. Så spreidde tradisjonen seg til andre større byar og etter kvart ut til mindre bygder.

Ein annan faktor som spelte inn var at mange bygder på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet fekk eigna forsamlingshus, både ungdomshus og bedehus.

– I mi heimbygd var det skulen som arrangerte juletrefestane, og det var vanleg i mange bygder så lenge dei hadde eigen skule, fortel Gunnhild Systad.

Tradisjonen med å gå rundt juletreet har som juletreet sjølv kome utanfrå.

– Skikken med juletre kom frå Tyskland via Danmark og Sverige, først til dei større byane, seinare til resten av landet.

Juletrefest på Årdalstangen 1950-tal

LITT SKUMMELT: For dei minste var det godt å ha ein far som støtte når nissen kom med papirposane.

Foto: Verksposten, utlånt av Årdal Sogelag

«Andagsfesten»

Medan tradisjonen med juletrefestar på industristadene Årdalstangen, Øvre Årdal og Høyanger har falle bort, lever den i beste velgåande i mange mindre bygder, som til dømes Norddalsfjorden i Flora kommune. Der kallar dei festen for «andagsfesten», fordi den alltid blir arrangert på andre juledag, fortel Jostein Midtbø.

Jostein Midtbø

– ALLE SKULLE PÅ FESTEN: Jostein Midtbø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg trur det starta rundt 1900. Skulehuset på Øyrabakken vart bygt i 1905, og eg har funne referat som fortel at no hadde dei fått ein stad der det var god plass til å ha juletrefest.

På 1920-talet vart festane flytta over til bedehuset, der det var endå romslegare.

– På desse festane var andakt eit fast innslag, så var det opplesing, mellom anna frå julehefte. Det viktigaste var juletregangen, eg hugsar frå min barndom at det var mange ringar rundt juletreet. Vi hadde ikkje leikar.

I den inste ringen gjekk dei minste, så kom ungdommane i ein eigen ring, og dei vaksne gjekk ytst.

– Eg hugsar det var stas når vi vart så store at vi kom ut frå den inste ringen.

– Då var det kanskje stas å halde handa til ei jente?

Det var nok ikkje tilfeldig kven vi gjekk med, det må eg vedgå. Det var mange unge som var på arbeid utanfor bygda. I jula kom dei heim, og alle skulle på «andagsfesten». Det var møteplassen, det, og det var ikkje mykje anna underhaldning.

Bedehus på Midtbø i Norddalsfjorden

HER SKJER DET: «Andagsfesten» har sidan 1920-talet blitt arrangert i bedehuset på Midtbø i Norddalsfjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange hadde lang veg å gå for å kome fram til bedehuset, og vêret var ikkje alltid det beste.

– Eg hugsar ein gong det var så mykje vatn at det gjekk over vegen. Då bar far meg over, så gjekk han tilbake og henta bror min. Det var ikkje noko som hindra folk i å gå på festen. Den skulle folk ha med seg.

Ungdomslaget tok over på Lavikdalen

På Lavikdalen i Høyanger kommune er det som i mi eiga heimbygd, Naddvik. Der har ungdomslaget teke over ansvaret med å arrangere juletrefest etter at skulen i bygda vart lagd ned, fortel Britt Strandos, som er leiar i ungdomslaget.

– Tidlegare var festane over nyttår, men dei siste åra har vi prøvd å få det til i romjula. Då kjem mange utflytte lavikdøler heim frå stader som Førde og Bergen med sine ungar. Utan dei hadde det blitt få på festane.

Juletrefest på Lavikdalen

NISSEN ER MED: Gang rundt juletreet på Lavikdalen.

Foto: Terje Strandos

Sidan det ikkje lenger er skule i bygda er det få programinnslag.

– Men diktlesing er ein tradisjon som går att, og om nokon vil opptre med song eller anna, er dei velkomne til det. Vi går rundt juletreet og syng julesongar, så et vi litt og drikk kaffi, og så kjem nissen.

Ei liknande utvikling har det vore i Undredal i Aurland kommune. Ungdomslaget overtok ansvaret for juletrefestane etter at skulen vart lagd ned, fortel Anna Elise Borlaug, som er leiar i ungdomslaget.

– Det er fast at juletrefesten er på andre juledag. då samlast nesten alle i bygda, i tillegg til alle som er heime til jul. Etter at skulen vart lagd ned er det litt tilfeldig med programinnslag, men opplesing av juleevangeliet og gang rundt juletreet er fast tradisjon.

Juletrefest i Undredal

HEILE BYGDA SAMLA: I Undredal er juletrefesten eit viktig samlingspunkt.

Foto: Anna Karine Marstein

Det starta rundt på gardane

I grendene Gjengedal, Ommedal og Kleivane i Hyen i Gloppen kommune blir også tradisjonen med juletrefest halden i hevd. Medan det i industrikommunane Årdal og Høyanger var mest fokus på det verdslege, var det i desse bygdene den kristelege bodskapen som var viktigast.

82 år gamle Martin Ø. Ommedal fortel at det heile starta før dei fekk eit eige hus å ha festane i.

– Skulehuset var for lite, så festen vart arrangert rundt om på gardane. Men etter at vi fekk ny skule i 1949 har juletrefestane vore der. Og folk gjekk mann av huse. Du veit, det var ikkje mykje underhaldning på den tida, vi hadde korkje radio eller fjernsyn. Juletrefestane var årets høgdepunkt, slik eg hugsar det.

Ein av ungane fekk ansvaret for å lese juleevangeliet.

– Så var det alltid ein festtalar. Så isolerte som vi var den gongen måtte vi stort sett greie oss med talar frå bygda, eller ein lærar frå ei grannebygd. Men eg hugsar godt at Hans Ommedal, som seinare vart stortingsmann, var talar.

Juletrefestane kunne vare lenge. Dei starta gjerne i 15-tida. Dei som skulle i fjøsen måtte gå tidleg, men ungdommen heldt det gjerne gåande til langt på kveld.

– Eg hugsar vi hadde ei handskriven avis, som det vart lese frå, det var både skjemt og alvor. Så kom nissen, og det var gang rundt juletreet.

Juletrefest i Ommedal/Gjengedal/Kleivane i Hyen

TO NISSAR: Frå ein juletrefest i bygdene Ommedal/Gjengedal/Kleivane i Hyen.

Foto: privat

Mange leikar

I tillegg var det ulike former for leikar og konkurransar, fortel Martin.

– Det kunne vere at folk måtte prøve å få opp eple frå ei vassbøtte med berre munnen, dei skulle prøve å ete eple som hengde i ei snor frå taket med hendene på ryggen. Det var veldig populært når ein ungdom fekk ein appelsin under haka og skulle plassere den under haka til ei jente han hadde eit godt auge til.

Ein annan leik han hugsar var menn som fekk i oppgåve å ta på seg kvinnekle, og omvendt. Deretter måtte dei ete tørre havregryn, for så å finne eit salmevers og synge det.

– Det var ikkje alltid like lett når dei var tørre i kjeften etter å ha ete havregryn, og det var iallfall moro for oss andre som såg på, minnest Martin Ø. Ommedal.

Trur tradisjonen vil overleve

I dag blir juletrefestane stort sett arrangerte på tredje juledag på grendehuset. Ansvaret går på omgang mellom dei tre grendene,

– Programmet er mykje det same som før, med juleevangeliet, matøkt, talar og juletregang. Det er litt leikar, men ikkje så mykje som før.

– Greier de å samle dei fleste på desse festane framleis?

– Absolutt. Dei kjem nesten alle som kan krype og gå. Og vi som har flytta ned til Hyen reiser opp for å vere med. Eg har tru på at denne tradisjonen overlever. Det er viktig for folk å ha eit slikt møtepunkt. I kvardagen møtest folk gjerne i kvar sin bil eller på kvar sin traktor, og då er det ikkje så lett å slå av ein prat.