«Professoren» sin kamp for å reinvaska seg
I ti år har Vest Tank-dømde Karl-Jan Erstad jakta intenst på årsaka til ei av Noregs største kjemikalieulukker.
8. mars 2013: Det kom heilt uventa på han. Karl-Jan Erstad hadde ført eit omfattande forsvar i ankesaka, og advokaten hans hadde ei kjensle av at det skulle enda godt. Også han sjølv rekna med at han skulle bli frikjent.
Men denne fredagen sat han berre inne i loftskontoret sitt – lamslått.
Advokaten hadde nettopp ringt og fortalt om dommen som var komen frå Gulating lagmannsrett. Erstad såg e-posten med den rettslege sluttavgjerda dukka opp i innboksen. På side 43 fann han domsslutninga:
«Karl-Jan Erstad, født 25.5.1958, dømmes for overtredelse av forurensningsloven § 78 første ledd a og e, jf. andre ledd andre straffealternativ til fengsel i 90 – nitti – dager.»
Erstad var sjokkert, ein mann som vanlegvis var styrt meir av fagleg, rasjonell tenking enn av slike brå og sterke kjensler.
Den doktorgrads-utdanna kjemikaren som hadde bygd opp eit rådgivingsfirma på eiga hand i Korssundet, der Sunnfjord sluttar og Nordsjøen byrjar, seig no kraftlaust bakover mot ryggstøa på kontorstolen.
Erstad hadde lagt fram ei stor mengd bevis for retten og kalla inn eit tjuetals fagvitne for å visa at han var utan skuld. Men det hadde ikkje gjort avgjerande inntrykk på dei tre lagdommarane og fire meddommarane. Dei kritiserte derimot Erstad for å ha forsvart seg for mykje, og at denne «omfattende vidløftiggjøring» hadde gjort rettsforhandlingane unødvendig langdryge og kostbare:
Erstad skulle straffast, meinte dommarane, fordi han sju år tidlegare hadde «utvist uaktsomhet» i det som skulle bli ei av Noregs største kjemikalieulukker.
Eksplosjonen
24. mai 2007: Litt før klokka 10 skjedde det. Inne mellom dei 17 oljetankane på Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen stod Ørjan Haaland. Den då 24 år gamle askøyværingen og ein kollega hadde den siste månaden sikra fjellveggen rundt tankane, slik at ikkje steinar skulle ramla ned.
Dette var den siste arbeidsdagen, og Haaland stod som vanleg i liften i arbeidsbukse, mørkeblå genser og med ein kvit hjelm på hovudet, ei utrusting som på ingen måte var dimensjonert for å verja for det som skulle koma:
Brått tok det til å pipa frå opninga av tank 3 like ved der Haaland arbeidde. Den store tanken byrja å vri seg, og så kom eksplosjonen:
Toppen på tanken skaut til himmels saman med ei kvit gassky. Så kom eldsøyla og ein tjukk, svart røyk. Det var som om ein romrakett tok av. Kort tid etterpå eksploderte ein tank til, og den intense varmen punkterte tre mellomlagringstankar like ved. Det bensinliknande innhaldet brann opp medan illeluktande svovelhaldig ureining blei spreidd over eit stort område. Ringmuren i tankgarden fall delvis saman, og to tankbilar og kontorbygningen til Vest Tank brann opp.
Rundt Ørjan Haaland regna splintar og metallrestar medan liften han stod på, senka seg sakte mot bakken – uendeleg sakte, tykte Haaland, medan han kjende eit veldig trykk frå eksplosjonen.
Omsider nede på bakken hoppa Haaland og kollegaen over rekkverket på liften og sprang for livet – vekk frå tankane. Bak dei stod flammane 60-70 meter opp i lufta, og tankområdet blei raskt tetta av den svarte røyken.
I desse minuttane stod tida stille for Haaland. Han tenkte ikkje; han berre sprang. Alt gjekk så fort, og det heile var uverkeleg, surrealistisk.
Folk i Gulen og Masfjorden hadde vanskar med å skjøna kva som hadde skjedd. Gjert Rune Daae i nabobygda Hosteland samanlikna infernoet med åtaket på Pearl Harbor, og operasjonsleiar Asbjørn Andersen i dåverande Hordaland politidistrikt forstod ikkje at Haaland og dei andre på området hadde kome unna eksplosjonen utan alvorlege skader.
Folk som såg det utbrende krateret på tankanlegget denne dagen, må ha spurd seg: Kva var eigentleg i tankane som fekk dei til å eksplodera?
Svaret på det måtte dei venta lenge på, men avsløringane som etter kvart skulle koma, var nesten like oppsiktsvekkjande som sjølve eksplosjonen.
- Sjå dokumentaren til NRK Brennpunkt:
«Afrika-bensin»
8. mars 2013: Då Karl-Jan Erstad hadde lese dommen den marsfredagen for fire år sidan, reiste han seg frå den blå kontorstolen, gjekk langs hyllene som dekka to av kontorveggane, forbi dei sirlege rekkjene av ringpermar, ut gjennom den lyse lange gangen, der han sette frå seg dei kvite kloggene, før han steig ned trappa og svinga seg dei åtte kilometerane heim til familien.
Der «deppa» han. Heile tida kverna dommen rundt i hovudet.
Erstad hadde allereie brukt mykje krefter på å finna eksplosjonsårsaka, men så viste det seg at det var ikkje «det som var interessant for lagmannsretten ved vurderinga av skuldspørsmålet», som dommar Haakon Meyer sjølv formulerte det.
Lagmannsretten dømde Erstad utan å ta stilling til samanhengen mellom eksplosjonsårsak og skuld for eksplosjonen. Det opprørte Erstad, fordi han meinte opphavet til den dramatiske kjemikalieulukka var å finna i det som hadde skjedd før eksplosjonsdagen 24. mai 2007:
Vest Tank var på den tida Noregs største private tankanlegg, eigd av forretningsmannen Trond Emblem og drive av dagleg leiar Jostein Berland. Vest Tank hadde statleg løyve til å lagra og behandla oljehaldig spyle- og slamvatn frå skip og offshore. Hausten 2006 innleia Vest Tank derimot eit samarbeid med Trafigura, verdas tredje største uavhengige oljehandelselskap.
Trafigura hadde lenge drive med omstridd reinsing av bensin med lågt oktantal og høgt svovelinnhald – såkalla «koksbensin». Ei av svovelsambindingane i koksbensinen er merkaptan. Dette svovelstoffet stinkar og er særs giftig. Dei fleste industrialiserte landa krev difor at det skal vera lite slike svovelsambindingar i drivstoffet. Bensin med mykje merkaptan kan såleis berre seljast i land som ikkje har slike krav. Det forklarar namnet koksbensinen går under: «Afrika-bensin».
Trafigura hadde fått tak i koksbensinen billeg i Mexico. Dei reinsa det svovelhaldige drivstoffet i ope hav utanfor Gibraltar ved at skipa M/T «Probo Koala» og M/T «Probo Emu» fekk pumpa om bord bensin frå andre tankskip. Bensinen blei så pumpa tilbake i oljetankaren han kom frå. Det særs giftige avfallet etter reinsinga blei liggjande att om bord i dei to «Probo»-båtane.
Trafigura leverte fyrst dette illeluktande og svovelhaldige lutavfallet i Elfenbenskysten. Der enda det opp på opne fyllingar, og ein mistenkjer at avfallet førte til at 100 000 menneske blei sjuke, og at fleire døydde.
Etter denne miljøtragedien ved Guineabukta måtte Trafigura finna andre måtar å kvitta seg med avfallet på, men ingen hamner ville ta imot og behandla desse stoffa.
- Trafigura blei desperate:
Då blei Noreg redninga: Trafigura spurde Vest Tank, som svara ja og tok imot 310 kubikkmeter koksbensinavfall frå «Probo Emu» hausten 2006. Samarbeidet mellom Vest Tank og Trafigura blei deretter utvida: Også sjølve reinseprosessen, som før hadde skjedd om bord i «Probo Koala» og «Probo Emu», blei flytta til tankanlegget i Sløvåg.
Frå november 2006 til april 2007 tok Vest Tank imot seks skipslaster med til saman 180 000 kubikkmeter koksbensin. I Sløvåg blei bensinen reinsa og pumpa om bord i skipa att. Med ein kubikkpris på 400 dollar var dette god business for Vest Tank.
Men etter kvart blei det liggjande att mykje avfall etter bensinreinsinga i botn på tank 3 og tank 4. Det danna seg ei kake av kaustisk soda, bensinrestar og store mengder svovel. Vest Tank fekk difor utover i 2007 problem med å levera reinsa bensin med den kvaliteten som var avtalt med Trafigura.
Vest Tank sette i februar 2007 ned ei arbeidsgruppe som skulle løysa avfallsproblemet. Ein ekstern konsulent blei hyra inn, og det var Karl-Jan Erstad.
Erstad var forskar med doktorgrad innan jord- og vasskjemi og dreiv rådgiving innan industrimineral, vatn og kjemi gjennom firmaet Rådgivande Agronomar. Han var såleis kjemieksperten i gruppa og gjekk under namnet «professoren».
Arbeidsgruppa forkasta fleire metodar for å reinsa avfallet. Erstad føreslo då å nøytralisera det sterkt basiske avfallet med saltsyre for å skilja vatn og olje. Etter utprøving i laboratorium og andre testar starta Vest Tank om ettermiddagen 23. mai 2007 syretilsetjinga.
Det skulle altså få ulykksalige følgjer dagen etter, og koma til å gripa hardt inn i livet til ein kjemisk rådgivar ute i havgapet.
«Krenkande»
Karl-Jan Erstad gjekk ut på soverommet for å leggja seg den marsdagen i 2013 då lagmannsrettsdommen hadde kome. Han, som alltid sov godt, blei liggjande i senga og vri seg, utan å få blund på augo. Han fekk ikkje dommen ut av tankane.
Lagmannsretten dømde Erstad mellom anna for å ha gjort for lite grundige analysar av bensinavfallet i tankane på førehand, og for å ha gitt råd til Vest Tank om å tilsetja saltsyre i tankane for å nøytralisera og bli kvitt det giftige botnfallet. Gjennom slik «uaktsomhet», slo dommen fast, medverka Erstad til ei ureinande kjemikalieulukke som sette mange liv i fare.
Erstad opplevde dommen som «krenkande», også fordi han som renommert kjemikar blei dømt for det kjemi-faglege arbeidet han hadde gjort for Vest Tank, han som hadde fått tilkjent professorkompetanse då han seinare blei oppmoda om å søkja på eit ledig professorat ved landbruksuniversitetet i Uppsala, og han som alltid sette si ære i å utføra oppdraga si grundig og etter høge faglege standardar.
Slik Erstad oppfatta dommen, kunne ein rett no dømma kven som helst for kva som helst. Det var ikkje naudsynt å ha brote forureiningslova med vitande og vilje eller med grov aktløyse; det var nok med simpel aktløyse. Erstad blei dømt for å ha medverka ved å ha levert konsulenttenester, 12 timar rådgiving til arbeidsgruppa til Vest Tank.
– Retten kom til ei avgjerd som står seg, og som eg ikkje skal rokka ved, ved å prosedera saka på nytt, seier fyrstestatsadvokat Tarjei Istad i Økokrim, som var aktor saman med Hans Tore Høviskeland i alle Vest Tank-rettssakene.
– Dessutan kan eg streka under det dommen seier, at Erstad var aktlaus på fleire punkt: Erstad medverka til at Vest Tank hadde gjort noko ulovleg i ei sak som gjekk fullstendig gale, legg Istad til.
Alt det som hadde skjedd på Vest Tank-anlegget hausten 2006 og våren 2007, visste sjølvsagt Ørjan Haaland og kollegaen ingenting om, der dei den 24. mai 2007 – etter å ha sprunge for livet vekk frå eksplosjonen – kom seg i sikkerheit på kaien like ved.
Eksplosjonen sette mange liv i fare, men Haaland fekk verken mein eller helseplager. Det var det derimot mange andre som gjorde.
Stanken gjorde folk sjuke
Eksplosjonsdagen bles vinden frå sørvest og dreiv den forureinande røyken innover cirka 1000 innbyggjarar i Gulen og Masfjorden kommunar. Nedfallet og den vedvarande stanken frå tankanlegget gav cirka 200 menneske akutte og meir langvarige helseplager, som hoste, hovudverk, søvnvanskar, sår hals, augeplager og kvalme. Men det skulle ta tid før styresmaktene tok dei på alvor.
Fyrst halvtanna år etter den dramatiske eksplosjonsulukka blei helsa til innbyggjarane systematisk granska, på oppdrag frå Helsedirektoratet. Ytterlegare to helseundersøkingar blei gjennomførte i 2010 og 2012. Dei viste at ingen hadde blitt alvorleg sjuke.
Men oppryddinga etter Vest Tank-eksplosjonen drog ut og var ikkje ferdig før i februar 2010, nesten tre år etter ulukka. Den vedvarande stanken gjorde folk sjukare, og sjølv i den siste granskinga over fem år etter ulukka fann forskarane innbyggjarar med luftvegsplager. Faren for kreft og andre langtidsverknader var det enno for tidleg å seia noko om.
Folk i Gulen og Masfjorden var redde. Då NRK Brennpunkt i 2008 dokumenterte at avfallet som eksploderte, var det same som hadde skapt ei ureiningskatastrofe i Elfenbeinskysten, var det som bensin på bålet og gjorde folk endå meir engstelege.
Folk visste no meir om kva det var som forpesta bygdene og kvifor dei blei dårlege. Men ingen kjende til kva som var den eksakte grunnen til eksplosjonen.
Fem mil nord om Sløvåg – i Korssundet ytst i sunnfjordkommunen Fjaler – arbeidde derimot ein mann intenst for å finna den utløysande årsaka til kjemikalieulukka 24. mai 2007.
For han stod ettermælet på spel.
Sunnmørsk og tysk arbeidskultur
9. mars 2013: Då Karl-Jan Erstad stod opp dagen etter at dommen frå lagmannsretten var komen, og etter ei søvnlaus natt, venta arbeid ute på pyntegrøntfeltet som familien hadde. Erstad og kona skulle hausta og reinsa grønt bar i buntar og senda 300 kilo til Nord-Noreg.
Det kan ha vore eit arbeidsraseri som greip Erstad denne laurdagen. Han var van med å jobba hardt. Han hadde vakse opp med ein arbeidskultur på Åsestranda i Ålesund, der du måtte setja deg mål og stå på for å nå desse. Oppveksten prega Erstad: Sette han seg noko føre, gjennomførte han det.
Firmaet var eitt bevis: Ute i havgapet i Sunnfjord – og langt frå allmannveg – hadde han bygd opp ein internasjonalt retta kjemisk rådgivingsbusiness med ei rekkje oppdragsgivarar i Noreg, EU og Europa elles. Det hadde han kanskje ikkje fått til utan det sunnmørske arbeidsuthaldet, ein god slant staheit, og det at han treivst i sitt eige selskap.
Erstad hadde endeleg kontakt med yrkesbrør, men dei sat gjerne på kontora sine på kontinentet. Og kanskje var det den nesten daglege omgangen med tyske kollegaer på telefon, Skype og e-post, som gjorde at Erstad kjende seg heime i den germanske arbeidskulturen, som han meinte var kjenneteikna av evna til å arbeida langsiktig og ikkje gi opp sjølv om det kunne ta både fem og ti år før dei fekk levert eit ferdig produkt.
Medan Erstad stod der med saksa og klipte pyntegrønt, bestemte han seg for to ting: Han skulle anka lagmannsrettsdommen, og han skulle finna den endelege eksplosjonsårsaka. Men det arbeidet skulle bli langt meir langdrygt og flokete enn jobben med å leggja dei sirleg knytte buntane med bar i den sendeklare pallekassen.
Nei frå Høgsterett
Det lakka mot påska 2013, og Karl-Jan Erstad, kona og to av dei tre vaksne borna hadde gleda seg til å reisa på ferie til Australia, for å vitja den tredje og eldste sonen som studerte der. Medan resten av familien sette seg på flyet, blei Erstad heime.
Om han hadde for vane å jobba 50-60 timar i veka, hadde ikkje arbeidsmengda blitt mindre etter at dommen kom. I tillegg til å halda gåande dei oppdraga han hadde teke på seg gjennom Rådgivande Agronomar, hadde han ein høgsterettsanke å førebu.
Saka hadde allereie vore i Høgsterett i 2012, men den øvste rettsinstansen i landet oppheva dommen frå lagmannsretten i 2011, som hadde frifunne Erstad. Om den rådgivaren var skuldig eller ikkje, måtte difor prøvast på nytt i lagmannsretten, og no hadde altså lagmannsrettsdommarane avgjort at Erstad var skuldig og skulle fengslast i 90 dagar.
Med dommen frå Gulating lagmannsrett hadde Økokrim oppnådd noko historisk, nemleg å dømma ein rådgivar for å ha brote forureiningslova. Det hadde ikkje skjedd før, og Erstad meinte det måtte ha prinsipiell interesse, fordi dommen blei ei rettesnor for seinare avgjerder i liknande saker.
Men i september 2013 kom avslaget: Ankeutvalet i Høgsterett ville ikkje sleppa anken gjennom og meinte at det ikkje hadde allmenn interesse at Erstad var blitt dømd etter forureiningslova.
Erstad var sterkt usamd og meinte at dette ville bety at terskelen for å dømma rådgivarar blei seinka.
For Økokrim var det viktig å senda ut eit signal om at du tek på deg eit stort ansvar når du gir råd, ikkje minst i ein bransje som avfall og olje og gass, der det blir handtert farefullt materiale:
– Sjølv om du berre er inne ei kort tid, og det er mange andre faktorar som spelar inn, kan det ein rådgivar gjer, like fullt vera avgjerande, og då er det særs viktig å vita kva ein gir råd om, og heller avstår frå det viss du ikkje er fullt ut kompetent. Det gjeld anten du gir råd om kjemi, økonomi, juss eller anna, seier fyrstestatsadvokat Istad.
Istad si hinting om kompetansen til Erstad stod med reine ord i lagmannsrettsdommen: «hans manglende kunnskap om prosesskjemi/-operasjoner og anvendt kjemi i stor skala, var medvirkende til resultatet.»
– Eg har brei kjemisk fagbakgrunn og lang erfaring innan kjemi og industriprosess. Sjølv om Økokrim og retten kom til ein annan konklusjon, er ikkje det korrekt, svarar Erstad.
Etter fire rettssaker over vel fire år – i tingrett, lagmannsrett, høgsterett og lagmannsrett igjen – blei dommen altså ståande. Det fekk Erstad til å intensivera jakta på den eigentlege grunnen til at Vest Tank-anlegget i Sløvåg gjekk i lufta.
Erstad var oppsett på å reinvaska seg, for slik han såg det, kunne eksplosjonsårsaka visa at han var uskuldig dømd.
På sporet av «ein daud hund»
For å finna årsaka til kjemikalieulukka måtte Erstad vita kva skipa som kom til Sløvåg, eigentleg var lasta med.
Allereie i 2009 kom det fram at det var mykje meir i koksbensinen og avfallet som Vest Tank tok imot, enn kva Trafigura opplyste i papira som følgde med skipslastene: Analysar som Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) gjorde på oppdrag frå Økokrim, viste at der var avfall i koksbensinen, som ikkje høyrde heime der. Spesielt dei store mengdene metanol skulle visa seg å bli farlege i Sløvåg.
Funnet av metanolavfall blei viktig for Erstad og arbeidet hans med å finna eksplosjonsårsaka. Verknaden av metanol for dei kjemiske reaksjonane som skjedde i tanken, brukte han også mykje krefter på i lagmannsretten, men utan å koma i mål.
Det næraste Økokrim i si etterforsking hadde kome eksplosjonsårsaka, var at idet Vest Tank blanda saltsyra i tanken, blei merkaptanar frigjorde. Desse svovelhaldige og brennbare kjemiske sambindingane blanda seg med luft og skapte ei eksplosiv atmosfære i tanken, meinte Økokrim:
Den eksakte årsaka til at merkaptanen hadde vore med på å setja fyr på kolfilteret, hadde ikkje Økokrim funne ut. At denne svovelsambindinga hadde i reagert, var nemleg overraskande i fagmiljøet. Den tyske kjemiske fageksperten Gerd Göbel hadde – illustrerande nok – skildra dette svovelstoffet som «ein daud hund»: Han stinkar forferdeleg, men han bit ikkje lenger.
Men så skulle Erstad og forskarhjelparar koma til å oppdaga ein kjemisk reaksjon som verken Økokrim, prosesskjemiindustrien, det vitskaplege miljøet eller den tyske sakkunnige innan brann- og eksplosjonsvern Göbel visste om: Under visse, spesielle omstende kan den daude hunden likevel bita, og det var det som skjedde i Sløvåg.
Gjennombrotet
5. desember 2013 kom det fyrste gjennombrotet. Då var det gått ni månader sidan Erstad låg søvnlaus i senga etter å ha lese lagmannsrettsdommen, og det var tre månader sidan Høgsterett hadde avvist anken.
Erstad hadde tidleg innleia samarbeid med forskarkollega Michiel Makkee ved Delft tekniske universitet i Nederland og seinare med Jürgen Franke ved det anerkjente laboratoriet Consilab i Frankfurt. Saman drøfta dei seg fram til nye eksperiment, som Makkee og Franke gjennomførte i dei avanserte laboratoria sine.
Dei hadde vore på sporet ei stund, men like fullt kom e-posten frå Franke 5. desember 2013 overraskande:
Erstad opna mailen. Franke hadde lagt ved ein graf etter forsøket som han hadde utført på oppdrag frå Erstad. På grafen steig ei raud linje svakt frå venstre mot høgre. Linja viste reaksjonstemperaturen under det éin-times-lange eksperimentet. Plutseleg la Erstad merke til at linja fekk ein knekk og brått gjekk bratt oppover. Grafen viste at noko måtte ha skjedd 46 minuttar uti forsøket, for heilt uventa steig temperaturen dramatisk.
– Eg tenkte at her har det skjedd ein reaksjon som dei færraste veit om. Det var spesielt og spennande. Eg forstod me var på sporet av den vesle forklaringsdelen som me hadde mangla i lagmannsretten.
Eksperimentet forklarte langt på veg kva som faktisk skjedde i tankane under eksplosjonen:
Metanolen som var blanda inn i koksbensinen, reagerte med saltsyra som Vest Tank hadde tilført. Reaksjonen gav mellom anna mindre mengder av stoffet dimetyleter (DME). DME er spesielt farleg fordi det sjølvtenner ved 235 grader. DME førte altså til at kolfilteret kunne ta fyr ved lågare temperatur enn det stoffet som filteret elles skulle fanga opp, den stinkande merkaptanen, som hadde mykje høgare sjølvtenningstemperatur (360 grader).
Men Erstad, Makkee og Franke mangla framleis ein bit i puslespelet: Dei måtte finna ut kva som hadde fått temperaturen til å stiga over dei kritiske 235 gradene, der DME sjølvtente, sette fyr på kolfilteret og fekk heile tanken i Sløvåg til å gå i lufta.
Siste brikke
For å finna svaret, måtte Erstad gjenoppdaga ein lite kjent kjemisk reaksjon.
Han starta omfattande søk i vitskaplege databasar. Men det han leitte etter, var så tungt tilgjengeleg at Erstad streva.
Etter tallause søk kom han omsider over ein artikkel i det smale amerikanske kjemitidsskriftet «American Chemical Society Division of Fuel Chemistry».
På dei tre artikkelsidene fann han det han leitte etter:
Artikkelen dokumenterte at merkaptanen – «den daude hunden» – kunne reagera med kolfilteret i tanken viss han fekk hjelp av ein hjelpar som kunne setja fart på den kjemiske reaksjonen. Denne hjelparen var truleg jernet i kolet. Denne uventa reaksjonen gav frå seg varme, så mykje varme at temperaturen i lommer i kolfilteret kunne stiga til over den kritiske sjølvtenningstemperaturen til DME på 235 grader.
Dermed sjølvtente DME og sette fyr på det 500 liter store kolfilteret, som igjen fekk tanken til å eksplodera.
– Eg kjente på ei frigjerande kjensle: Det som hadde skjedd, var ikkje mi skuld. Men gleda var avgrensa, fordi eg hadde ein dom som eg ikkje kunne kjempa mot.
Lagmannsretten la nemleg aldri vekt på å finna den eksakte eksplosjonsårsaka, fordi det ikkje var interessant for retten når dei skulle finna ut kven som var skuldig: «Årsaken er heller ikke nå funnet, og også lagmannsretten finner at denne ikke har betydning for skyldspørsmålet», slo dommen fast.
Medan eksplosjonsårsaka blei forska fram i Korssundet, Delft og Frankfurt, hadde det altså eigentleg ingenting å seia for Vest Tank-dommen.
– Det var svært forstemmande. Då retten stod i beit for eksplosjonsårsaka, hoppa dei heller over gjerdet, der det var lågast. I staden for å koma fram til årsaka til eksplosjonen og seia at der var ei direkte skuld knytt til personane som var tiltalte, gjekk Økokrim og lagmannsretten inn på den delen av forureiningslova som opnar opp for å dømma på generelt faregrunnlag. Mot ein slik tiltale er du eigentleg forsvarslaus, seier Erstad.
Trongt nålauge
Det endeleg målet for Karl-Jan Erstad si jakt etter eksplosjonsårsaka står enno att: Å få den vitskaplege artikkelen, som dokumenterer årsaka til at tankane i Sløvåg eksploderte, på trykk.
Erstad og medforfattar Michiel Makkee har sendt artikkelen til to anerkjente internasjonale tidsskrift, men har så langt ikkje kome gjennom det tronge nålauget.
– Du vil reinvaska deg; kan me då stola på dette forskingsresultatet når det førebels ikkje er kome på trykk?
– Ja, i slike høgt rangerte amerikanske tidsskrift er konkurransen hard. 90 prosent av dei innsende publikasjonane blir avvist, og dei som kjem på trykk, har gått gjennom grundige vurderingar av ekspertar, som går god for det faglege innhaldet, seier Erstad.
For tida er artikkelen inne til vurdering i eit tredje spesialtidsskrift «Journal of Hazardious Materials».
Erstad seier at han «nærmar seg 100 prosent sikker» på å ha funne den eksakte årsaka til Vest Tank-eksplosjonen og meiner det kastar nytt lys over skuldspørsmålet.
Det er ikkje fyrstestatsadvokat Istad samd i. Økokrim kjem ikkje til å sjå på Vest Tank-saka på nytt.
– Nei, dommen gjeld. Me vil ikkje føreta oss noko og har heller ikkje fått nokon førespurnad om dette gjennom formell kanal, seier Istad.
Økokrim og Gulating lagmannsrett meinte at Erstad burde ha undersøkt grundigare avfallet og koksbensinen som Vest Tank tok imot, og gjennom slike analysar funne til dømes metanolen, som truleg førte til eksplosjonen.
– Med Vest Tank sin kjennskap til Trafigura; burde du ikkje ha sjekka koksbensinavfallet betre før de tilsette saltsyra?
– Nei, det er urimeleg, svarar Erstad.
– Det skal vera ein mistanke for at ein skal byrja å gjera slike spesialanalysar.
Slik Erstad ser det, var det ingen grunn til mistanke. For koksbensin var eit råoljeprodukt, og der skal det ikkje finnast metanol eller andre alkoholar. Når det heller ikkje var opplyst i skipslastdeklarasjonane frå Trafigura, meinte Erstad at han ikkje hadde nokon grunn til å leita etter det:
– Det blei gjort vanlege oljeavfallsanalysar. Me kunne òg ha gjort breie standardanalysar. Dei hadde avdekt 100-150 sambindingar, men ikkje dei som var hemmeleg tilførte, og som skulle visa seg å vera farlege i tankane i Sløvåg.
«Dei store fiskane slapp unna»
– Det blei retta bakar for smed, slår Erstad fast.
For kven var det som hadde tilført metanolen i koksbensin, metanolen som Erstad meiner starta reaksjonane og førte til eksplosjonen?
Metanolen kunne ikkje ha kome inn på Vest Tank-anlegget med andre enn dei som leverte koksbensinen, altså Trafigura, slik Erstad ser det.
Både rapporten frå Forsvarets forskingsinstitutt frå 2009 og eit notat frå rådgivingsselskapet Aquateam frå 2011, begge bestilt av Økokrim, slo fast at der var mykje metanol i avfallet og koksbensinen som var komen til Vest Tank-anlegget med Trafigura-skipa.
Men kunne det tenkjast at det var Vest Tank, og ikkje Trafigura, som hadde blanda dette inn? Det er heilt usannsynleg av mange grunnar, seier Erstad, mellom annan fordi Vest Tank ikkje var teknisk i stand til å ta imot avfallsmetanol, og fordi det ikkje fanst metanol på anlegget. Erstad meiner Vest Tank ikkje kunne ha hatt noko motiv til å forureina prøvelageret av dette avfallsmaterialet.
I tillegg hadde Vest Tank åtte månader før eksplosjonen blitt spurd av Trafigura om anlegget i Sløvåg kunne reinsa 2800 tonn vasshaldig avfallsmetanol. Det viser e-postar NRK har fått tilgang til. Men dagleg leiar Jostein Berland svara nei, forklarte han i retten.
– Så fekk ein det truleg likevel, konstaterer Erstad i dag:
– Trafigura bedrog Vest Tank. Dokumenta som følgde med Trafigura sine skipslaster med koksbensin var falske. Dei fortalde ikkje alt som var i bensinen.
NRK har bede om intervju med Trafigura-leiinga og har lagt fram det Erstad meiner er eksplosjonsårsaka der metanolavfallet var utløysande, påstandane om at Trafigura blanda inn metanolen i koksbensinen utan å opplysa Vest Tank om dette, og at oljehandlarselskapet difor hadde skuld i eksplosjonsulukka.
Kommunikasjonssjef Victoria Dix svarar i ein e-post til NRK at Trafigura «ikkje har nokon kommentar».
Økokrim prøvde lenge å få avhøyra dei ansvarlege i Trafigura, som dei hadde sikta for å frakta ulovleg avfall til Sløvåg, men verdas tredje største oljehandelsselskap nekta å møta norsk politi.
Alternativet var å reisa til London og operera under britisk lov, men der venta Trafigura sitt koppel av advokatar og eit britisk lovverk.
I Nederland, der Trafigura har eit av hovudkontora sine, hadde politiet straffeforfølgd Trafigura på grunn av «Probo Koala» og ureiningskatastrofen i Elfenbeinskysten. Der blei Trafigura fyrst dømt, men så anka dei, og då gjekk det nederlandske innanriksdepartementet inn i eit forlik i ei straffesak med Trafigura. Nye rundar i retten stod fram som for omfattande, og innanriksdepartementet sa at dette hadde dei ikkje ressursar til. Uhøyrt, tordna miljøorganisasjonane.
I Noreg gav Økokrim opp Trafigura i 2010.
Men opinionen her heime var sterk. Vest Tank-eksplosjonen fekk stor nasjonal merksemd, og kravet om å få nokon dømt for den dramatiske kjemikalieulukka var høglydt.
Istad seier Økokrim brukte mykje tid og ressursar også på Trafigura – og etterforska over landegrensene:
– Me la vekk saka av lovmessige årsaker, og ikkje på grunn av bevismangel: Så lenge Trafigura kom til Noreg med eit avfall som hadde oppstått i internasjonalt farvatn, og ikkje frå eit anna land, så gjaldt ikkje regelverket om grensekryssande avfall.
Erstad meiner Økokrim hadde grunnlag for å gå etter Trafigura:
– Det kunne dei absolutt. Økokrim kunne ha teke Trafigura, for det var snakk om ulovleg import og falske dokument. Men dei valde å ikkje gjera det. For Økokrim var det viktigast å få nokon dømde, og det var det mykje enklare å få gjort med styreleiar Trond Emblem, dagleg leiar Jostein Berland og meg.
– Det er ikkje rett. Økokrim har vel vist i ein del andre saker at det ikkje er storleiken på motparten som avgjer. Me etterforskar og behandlar alle likt, svarar Istad.
NRK har lagt fram Erstad sin påstand om at Trafigura blanda inn metanolen i koksbensinen utan å opplysa Vest Tank om dette. Trafigura ønskjer ikkje å kommentera dette.
Måtte selja hytte og bil
Etter ti år med rettssaker, dommar og fengselsstraff er det like fullt ingen nedbroten Karl-Jan Erstad du ser, bak stablane med forskingsartiklar, rapportar og oppdragsdokument på loftskontoret i Korssundet – bøygd framover over tastaturet, og med augo festa på pc-skjermen.
Kanskje var det Brattholmen, Krakhellesundet eller Skorpeknappen som berga han gjennom Vest Tank-etterspelet? Å liggja der i dønningane og pilka etter småsei, lyr og torsk om bord i den 14 fot lange Askeladden.
Eller kan hende var det Langesjøen, Bergsvatnet eller Gåsvatnet som gav avkopling når påkjenningane blei store? Erstad, sekken og fiskestonga vandrande gjennom lyng, kystfuruskog og knubbete åsar opp til desse vatna, der fjellauren vaka.
I dette landskapet gjekk han ofte saman med kona eller dei tre vaksne borna. Og nettopp familien var ei uvurderleg støtte i denne tida, ikkje så mykje i form av å vera ei skulder å gråta på – familien Erstad er relativt sakleg og fornuftsstyrt – men meir som ein sparringspartnar i ei kompleks sak. Dei følgde rettssakene tett, drøfta utviklinga, vurderte nye argument og var nyttige for Erstad for å få prøvd ut standpunkt.
Men den beste terapien var sjølve arbeidet, det å halda kontakt med fagmiljøet, det å etter kvart få nye oppdrag trass i dommen. Og alt dette medan han arbeidde med å finna årsaka til eksplosjonen. Nettopp den iherdig forskingsjakta på eksplosjonsårsaka verka forløysande på Erstad:
– Det var ein mykje betre måte å arbeida det ferdig enn å sitja og tenkja på dei store følgjene dommen fekk, seier Erstad.
Dommen førte til at Erstad innleiingsvis mista oppdrag og inntekt. Han måtte selja hytte, bil og sin eigarhalvdel av kjemirådgivingsselskapet til andre i familien for å skaffa pengar til å betala 500.000 kroner til fagvitna i rettssaka, som dommar Mayer påla han å gjera. Meyer meinte Erstad sitt forsvar med mellom andre 20 fagvitne hadde vore for omfattande og unødvendig, fordi eksplosjonsårsaka ikkje var det sentrale i skuldspørsmålet.
At Erstad og forskarkollegaene i Nederland og Tyskland kan sjå ut til å ha makta det verken Økokrim eller retten greidde, nemleg å finna det som truleg er eksplosjonsårsaka, har òg hatt ein pris: 750.000 kroner. Det har Erstad betalt av eiga lomme.
– Den drivande krafta for å finna årsaka har å gjera med ettermælet mitt, seier Erstad:
– Eg vil gjerne at folk skal vita at eg er blitt dømt under ganske spesielle forhold, og at eg oppfattar meg uskuldig.