Anniken Gjørøy bloggar om sine eigne psykiske lidingar.

OPEN: Anniken sleit med ulike psykiske utfordringar, men valde å vere open om det. Foto: Ole André Rekkedal / redigering: Geir Bjarte Hjetland.

«Eg lovar deg, det blir betre»»

Blogginga hjalp Anniken (19) ut av anoreksien. No vil ho vere eit førebilete for andre unge jenter.

– Det var veldig til hjelp for meg sjølv å blogge. Eg trur alle menneske heile tida søkjer etter ei stadfesting, så det å kunne leggje ut noko å få stadfesta at andre følte det same som meg. Berre det å skrive ting ned og analysere, det hjalp veldig.

Vi møter Anniken Gjørøy på ein kafé i Førde. Ho ser sunn og frisk ut, smiler og ler, og ingenting tyder på at denne jenta frå Askvoll i Sogn og Fjordane for kort tid sidan var hardt råka av anoreksi, angst og depresjonar.

– Eg byrja å blogge då deg gjekk eg var 15 år gamal og gjekk i 9. klasse. Den gongen hadde eg anoreksi og hadde eit dårleg sosialt liv. Eg sat mykje aleine på rommet, og då var internett ein moglegheit for meg til å snakke med folk og vere sosial på.

Heilt frå ho blei psykisk sjuk som 15-åring til ho no er ein frisk 19-åring, har ho brukt sosiale medier og bloggplattformer til å fortelje om korleis ho har det. Openheit rundt si eiga psykiske liding blei naturleg for ho, og etterkvart også rein terapi.

– Det var eigentleg at det var ingen som forstod meg, og eg aldri hadde nokon å snakke med. På nettet såg eg at det var andre som delte litt av seg sjølv. Eg såg då at det var ein moglegheit for meg til å snakke om problema mine, samtidig som eg kunne hjelpe andre med deira problem. Eg ville at eg sjølv og andre skulle føle at dei var ein del av noko større, seier Anniken.

Kjære 15 år gamle meg. Ikkje ta livet så seriøst. Du treng faktisk ikkje tenke gjennom handlingane dine ti gongar før du utfører dei. Ver spontan, ha det kjekt. Ta sjansar, du er framleis ung.

Frå videobloggen til Anniken Gjørøy

Mykje fokus på psykisk helse

Ho er slett ikkje aleine om å vere ung og open om psykisk sjukdom. Noko ikkje minst NRK-serien Jeg mot meg har synt dei siste månadane. Der møter vi åtte unge menneske som ope snakkar om problema sine, og deltek i gruppeterapi saman med psykolog Peder Kjøs.

– Folk er ikkje berre merkelappane helsepersonell set på dei. Gjennom denne serien bidreg vi til å synleggjere heilskapen, seier Kjøs til Psykologforeningen sine heimesider.

Søk i sosiale medier syner også at det er mange andre som heilt eller delvis brukar nettet til å snakke om problema sine - og snakke seg seg ut av dei. Noko nøyaktig tal på kor mange som bloggar om psykisk sjukdom er vanskeleg å finne. Norges største bloggportal, blogg.no, fører ikkje statistikk, men stadfestar at det er svært mange.

For Anniken er det videonettstaden YouTube som er staden å vere. Ho har publisert ei rekkje videoar, særleg om det å leve med psykiske problem, men også om andre ting unge jenter er opptekne av. I den førebels siste videoen ho har publisert fekk ho kameraten og fotografen Emil Rasmussen til å filme og redigere. Sjølv er han imponert over openheita til Anniken.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg tykkjer det blir noko heilt anna når ein får eit visuelt preg på det. Du kan sjå og forstå kjenslene betre enn om ein berre les det. Eg tok kontakt med ho og spurte om vi skulle gjere denne filmen, sidan ho har så god framgang med det ho driv med, fortel Rasmussen.

Fotografkameraten meiner også at fokus på psykisk helse viktig, og han støttar Anniken sin måte å gjere det på, opent og ærleg.

– Det eg føler vi vi har treft best med her er at det syner mykje av det ein profesjonell kampanje ville gjort, men at dette er upolert og ekte. Ho snakkar for seg sjølv og det er ingen innleigd skodespelar som fortel.

Slutt å angre på val du har teke, og menneske du har brukt tid på. Du lærer av alle feila du gjer. Du er god ven med midlertidige løysingar, men prøv å finn noko som funkar i lengda også.

Frå videobloggen til Anniken Gjørøy

Ser få problem med openheit

Anniken Gjørøy tykkjer ikkje det gjer noko at stadig fleire unge veit kven ho er, og ho fryktar heller ikkje at blogginga hennar skal føre til problem for ho seinare i livet. Snarare tvert imot. Ho trur det vil opne seg moglegheiter ho ikkje før kunne fått når ingen visste kven ho er.

Anniken Gjørøy og Emil Rasmussen

GODE VENER: Fotograf Emil Rasmussen har den siste tida følgd Anniken Gjørøy med kameraet sitt. No har dei publisert sin første video saman.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg trur det er ekstremt viktig at nokon tør å vise den sida av verden. Det er så mange som syner fram det dei hevdar er det perfekte livet og at det er ingenting som er gale. Då er det veldig lett å tru at det er slik det er. Det er viktig å syne fram at alt ikkje er så perfekt, og at vi alle har dårlege dagar.

– Men kan det ikkje vere tungt å vere eit førebilete også?

– Eg passar jo litt ekstra på kva eg gjer, fordi det kan påverke andre, og det kan vere tungt. Det er også viktig at eg ikkje kjem med for mykje.

Laster innhold, vennligst vent..

Får støtte frå psykolog

Toril Taklo er avdelingsleiar for psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde. Medan andre av hennar psykologkolleger har synt skepsis til eksponering på nett, rosar ho Anniken Gjørøy for det ho har gjort. Særleg for den siste videoen hennar, der ho snakkar til seg sjølv som 15-åring.

Toril Taklo Helse Førde

FÅR SKRYT: Toril Taklo i Helse Førde er psykolog, og meiner at det å blogge er bra.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er først og fremst veldig imponert. Eg tykkjer Anniken set ord på veldig viktige ting med det å vere ungdom og det å ha dei problema. Eg tenkjer at det ho fortel i videoen er nettopp slike ting som vi som terapeutar legg vekt på for å hjelpe folk ut av problem, seier Taklo.

Ho trur at Anniken og andre bloggarar kan formidle til andre ungdomar kor viktig det er å ha eit håp, ikkje gje opp og å prøve å gjere noko sjølv med dei negative tankane.

– Eg trur at slik vi har sett Anniken gjere det, så er det bra. Det er bra for ungdom som føler seg heilt aleine. Det har alltid vore slik at ungdom tenkjer at det er berre eg som har det slik, at alle andre er så vellukka, har meir kontroll og den og den er finare enn meg. Men det å sjå via nett at slik er det vanleg å ha det og at det går an å kome ut av det, kan vere det som endrar ein vanskeleg situasjon til å bli betre.

Anniken Gjørøy

SÅG LYSET: For Anniken blei openheit i sosiale medier eit vendepunkt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Set grensene sjølv

For Anniken Gjørøy handlar no det meste om eit liv på nettet - og eit godt liv utanom. Om nokre veker går turen frå vesle Askvoll på kysten av Sogn og Fjordane til full satsing som youtuber i hovudstaden. Ho har fått plass i stallen til produksjonsselskapet Nordic Screens, og vil ikkje lenger berre blogge om si psykisk sjuke fortid.

– Eg set ei grense ved å fortelje korleis ting har blitt slik. Eg tykkjer det er greitt å fortelje korleis eg har det og at eg har slitt med anoreksi og depresjonar. Men eg set ei grense med å fortelje kvifor det har blitt slik. Det tykkjer eg ikkje er relevant for andre å vite. Eg tykkjer det er viktig å fokusere på vegen vidare og at det faktisk blir betre, seier Anniken og smiler.

Ho er vel vitande om at alt ho seier og alt ho gjer kan bli lagt merke til av mange. Ikkje minst av unge jenter som slit med det same ho sleit med, tunge tankar og angst. I den førebels siste videoen sin vil ho uansett gje folk eit håp.

Eg er stolt over å fortelje deg at alle nettene du grein deg sjølv i søvn, vil bli bytta ut med latterfulle kveldar der du gler deg til kva morgondagen vil bringe. Det du trudde var slutten, var ikkje ein gang starten.

Frå videobloggen til Anniken Gjørøy

Anniken sine gode råd

– Eg vil jo skildre videoen som veldig personleg, og som eit personleg svar til meg sjølv som 15-åring. Grunnen til at eg ville lage videoen var kanskje ikkje mest for meg sjølv. Men fordi eg ser så mange undomar som slit med seg sjølv, og ikkje ser nokon utveg. Eg har vore der sjølv, her er eg no og her er mine svar til dei som er 15 og at eg kanskje kan hjelpe dei.

– Men kva er dine råd til dei som er den situasjonen du var i?

– Kom deg ut, gjer ting som er utanfor komfortsona di, ikkje sit inne og tenk heile dagen. Det andre er å sjå moglegheiter og ikkje avgrensingar. Så til slutt er det å finne noko som driv deg og får deg til å ville gå vidare i livet. Det blir betre, eg lovar deg, det blir betre.

Anniken tek ein liten pause, ler mot kamera og syner ingen teikn til at ho sleit seg gjennom tenåra.

– No har eg det betre enn nokon gong, og eg trur det er mykje takka vere dei vala eg har teke om å vere åpen. Om eg ikkje hadde vore open, då hadde eg nok sete mykje djupare i problema framleis.