eidsvåg5
Foto: Tommy Jansen Bredesen

– Ingen terroristar skulle få stoppe oss

Det utenkelege hadde skjedd på Utøya. Frå scenen på Malakoff på Nordfjordeid fekk Bjørn Eidsvåg i oppgåve å sette ord på sorga.

Denne artikkelen blei første gong publisert 22. juli 2016, men er framleis like aktuell.

Morgonen, laurdag 23. juli 2011. Då sola stod opp over Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, byrja det å røre seg i telta på festivalcampen. Det var den årlege Malakoff-festivalen – det største ungdomsarrangementet i landet denne helga, saman med AUF sin sommarleir på Utøya.

Her var det fuglekvitter. Der jobba kriminalteknikarar med å få oversikt over den verste åstaden dei nokon gong hadde sett.

Nesten ingen i Noreg visste omfanget av katastrofen før dei stod opp denne morgonen. Med utlada telefonar, var det mange på Malakoff som heller ikkje hadde aning om omfanget av massakren berre 50 mil unna.

Det var særs krevjande å vere festivalsjef den helga. Det er ei helg eg aldri vil gløyme.

Arnt-Ivar Naustdal

Dei visste heller ikkje at festivalleiinga var nær å avlyse heile festivalen i løpet av natta. Men Bjørn Eidsvåg gjekk likevel på scena den føremiddagen.

For mange, var det han som uttalte orda som forma augeblinken dei aldri vil gløyme: 69 ungdommar var drepne på Utøya.

– Det blei ei svært sterk og gripande festivalopning, seier Eidsvåg.

– Eit mareritt

15 timar tidlegare, 50 mil unna, hadde ungdomar sprunge i panikk på Utøya. 69 av dei fekk aldri kome heim. Mange av dei som var på øya hadde bestemt seg i siste liten for å vere med.

Valet hadde stått mellom Malakoff-festivalen og AUF sin sommarleir. For ungdomane på Malakoff var det mange som hadde vurdert å reise til Utøya. Men dei valte festival, sjølv om mange av venene drog på sommarleir.

Video Pressekonferanse fra Utøya

UTØYA: 69 ungdomar mista livet på AUF sin sommarleir på Utøya 22. juli i 2011.

Foto: Nyhetsspiller

For festivalsjefen på Malakoff blei festivalhelga han hadde gleda seg til heile året, eit mareritt.

– 30 minuttar før første band skulle på scenen på fredagen såg eg plutseleg at alle i publikum stod med hovudet ned i telefonane sine. Ingen såg opp. Eg skjøna at noko var alvorleg gale, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Etter kvart fekk han vete at det var gått av ei bombe i Oslo. Men festivalopninga gjekk som planlagt. Naustdal visste ingenting om omfanget av katastrofen på Utøya.

Hadde elevar på Utøya

– Så kom beskjeden om skyting på øya. Etter kvart utover kvelden skjøna vi at dette var noko som kom til å påverke heile Norge.

Minnemarkering, Malakoff Rockfestival

MANTE TIL SAMHALD: Prost Rolf Schanke Eikum og festivalsjef Arnt Ivar Naustdal på festivalscena laurdag føremiddag.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Den natta sov ikkje festivalsjefen. Klokka 04 stod han opp. Han blei sitjande å lese nyheiter på nettet. Det han las var ekstremt dystert. Då gjekk det opp for han at festivalen ikkje kunne halde fram som normalt. Han kunne ikkje late som ingenting.

Den natta rasa mange spørsmål gjennom hovudet hans. Malakoff var det største ungdomsarrangementet som gjekk føre seg denne helga. Var det fare for at noko liknande kunne skje her? Var det rett å halde fram med festivalen, eller burde han avlyse?

– Det viste seg kjapt den morgonen at vi hadde folk frå festivalen som hadde valt å reise til Utøya. Og mange hadde droppa Utøya for å vere på festival, men hadde vener som var der. Det var fullstendig kaotisk.

Sjølv hadde festivalsjefen, som jobbar som lærar på vidaregåande, fleire elevar som var på Utøya.

Han kalla inn til krisemøte med kommunen, politi og vaktselskap. Han blei råda til å ikkje avlyse festivalen. På ein liten plass som Nordfjordeid ville tusenvis av ungdomar utan ein plass å reise, skape kaos.

– Det var særs krevjande å vere festivalsjef den helga. Det er ei helg eg aldri kjem til å gløyme.

Publikum

- STERKT: Magnus Christensen og Trine Hamre under Bjørn Eidsvåg sin konsert på Malakoff. – Det var veldig fint. Vi kom på ei måte i lag i sorga, seier Christensen.

Foto: Øystein Torheim

Alvorstyngd festival

Han visste at det var Bjørn Eidsvåg som skulle først på scena morgonen etter. For Eidsvåg var tanken på å skulle formidle det grufulle bodskapet til fleire tusen ungdomar tung. Han var usikker på om det var rett å halde konsert.

Før dei tok kveld blei dei samde omå ta ei endeleg avgjersle dagen etter.

– Eg fekk fullstendig sjokk. Mange av mine beste venner drog frå festivalen med éin gong. Det viste seg at dei hadde miste fleire kjende.

Magnus Christensen

Om morgonen hadde eg kome til at det var nettopp no vi skulle spele.

Saman med festivalleiinga la han ein plan for korleis dei skulle handtere den store folkemengda.

– Musikk har alltid vore viktig i sorg-samanheng. Ingen terroristar skulle få stoppe oss i å prøve å halde motet oppe med musikken.

Klokka 12 gjekk Eidsvåg på scenen. Til publikum snakka han om sjokket. Om sorga. Han prøvde så godt han kunne å setje ord på fortvilinga dei kjende.

– Det blei ei spesielt verdig og alvorstyngd stund, seier Eidsvåg.

– Fekk sjokk

Eidsvåg seier han blei ein slags seremonimeister for folket. At hans bakgrunn som prest kom han til gode var det inga tvil om.

– Både når det gjaldt å setje ord på, og å forstå sorga sin dynamikk, kom min bakgrunn som prest på psykiatrisk sjukehus i åtte år, meg til hjelp.

Mange av ungdomane som stod framfor scenen visste ikkje kva som hadde skjedd. Mange av dei hadde vener som var råka.

Bombekrateret og hullet gjennom Høyblokka like etter eksplosjonen

BOMBEAKSJON: Før skytinga byrja på Utøya, gjekk av bombe av ved høyblokka i Regjeringskvartalet. Åtte personar mista livet.

Foto: Espen Naumann

Magnus Christensen (25) fekk først høyre om tragedien på Utøya då Eidsvåg gjekk på scenen. Han var tom for straum på mobilen sin, det same var vennene hans.

– Eg fekk fullstendig sjokk. Mange av mine beste venner drog frå festivalen med éin gong. Det viste seg at dei hadde mista fleire kjende.

Eidsvåg starta konserten med songen «Evig Hvile» og den rørande førstestrofa «Ingenting blir noen gang som før. Og før kommer aldri mer igjen».

– Det var veldig fint. Vi kom på ein måte i lag i sorga, seier Christensen.

Trine Hamre er samd. Ho stod att med Christensen under konserten. Ho seier ho aldri kjem til å gløyme den spesielle konserten.

– Det var ei veldig trist stemning, men eg er glad det var han som gjekk på scena.

Ho omtalar dagen som ein fest som brått gjekk over i tung sorg.

– Folk viste ikkje heilt kva dei skulle gjere, fortel Hamre, som var 16 år i 2011.

Utøya
Foto: Andersen, Kristoffer Øverli / SCANPIX

– Som ei minnestund

Naustdal seier konserten med Eidsvåg er den sterkaste konserten han har opplevd.

– Reaksjonen publikum hadde under konserten, var sterkt å sjå.

Men under festivalen måtte festivalsjefen takle kritikk frå fleire hald for at han valte å halde fram med festivalen.

– Eg trur vi greidde å tilby ungdomane det dei trong denne helga. Heile festivalen blei til ei minnestund.

Ifølgje prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, har festivalen truleg redda fleire liv.

– Mange av ungdomane hadde valet mellom å reise til Utøya eller på Malakoff den helga.

Han tok sjølv i mot fleire hundre ungdomar på Nordfjordeid den helga.

– Mange av dei sa dei var letta over at dei var der og ikkje på Utøya.

– Eg er veldig glad for at vi tok avgjera om å gjennomføre. Det var veldig mange som takka oss på sundagen. Spesielt folk som var råka. Opp i alt det tragiske var det eigentleg veldig fint, seier Naustdal.