TV-program om Førde frå 1965
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Der er postmannen på Klopstad!

I 1966 laga NRK eit program om Førde som eit komande vekstsenter, med tittelen «Førde - et sentrum for Sogn og Fjordane». Snart 50 år seinare er det mange kjende fjes å sjå for dei som budde der den gongen.

– Karen med hjelm var Emil Bruland. Han budde på Klopstad og køyrde posten med moped, seier Knut Grimeland.

– Bussjåføren som hjelper passasjerane med bagasjen heitte Bjarne Vattekar og køyrde Vadheim-ruta, slår Ludvig Birkeland fast.

  • Her kan du sjå ei litt nedredigert utgåve av TV-programmet frå 1966:
    I 1965 laga NRK TV-program om at Førde skulle bli vekstsenter.

    OPPLEV FØRDE FOR 50 ÅR SIDAN: NRK-teamet med programleiar Thor Arnljot Udvang og fotograf Erik Karlsen fann eit noko annleis Førde-samfunn enn det er i dag. Her ser vi det som då var riksveg 5/14 med gamle Huus bokhandel i bakgrunnen.

Saman med Einar Indrebø er dei inviterte til NRK for å sjå programmet som vart sendt 23. august1966.

I alt ni stader i landet vart i 1965 peikte ut til å vere såkalla vekstsenter. Det innebar at det vart ytt statlege pengar til å byggje ut næringsliv og til å betre kommunikasjonane. Sunnfjord var på den tida det området i Sogn og Fjordane som hadde størst fråflytting, og Førde vart ein av dei ni kommunane som skulle få slik statleg drahjelp.

Bussjåfør Vattekar i 1965

UT MED BAGASJEN: Sjåfør Bjarne Vattekar hjelper passasjerane med bagasjen ved rutebilstasjonen i Førde.

Foto: NRK

– Veldig kjekt å sjå

Og det gjorde at eit team frå NRK Fjernsynet tok turen til Førde for å lage eit vel halvtimes langt program. På den tida var det mange som enno ikkje hadde fått seg fjernsyn. Difor er det ikkje mange som har fått med seg denne unike dokumentasjonen over korleis det såg ut i Førde for 50 år sidan.

– Vi fekk oss fjernsyn i 1965, men eg kan ikkje hugse att dette programmet. Det var veldig kjekt å sjå, eg hugsar mykje av det vi ser her, seier Ludvig Birkeland, som flytta til Førde i 1962.

Einar Indrebø og Knut Grimeland er begge fødde og oppvaksne i Førde. Og alle tre kjenner att mange av personane.

Ludvig Birkeland, Knut Grimeland og Einar Indrebø

– INTERESSANT: Frå v. Ludvig Birkeland, Knut Grimeland og Einar Indrebø fekk oppfriska minna om heimstaden slik han var for 50 år sidan.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Førde er dramatisk forandra

Grimeland tykte det var flott med eit slikt tilbakeblikk.

– Det eg tykte var best var å kjenne att folk som er borte for mange år sidan, mellom andre Johannes Skei, som var ein original her i Førde. Det var veldig kjekt å sjå dette programmet. Eg trur nok det er mange som vil finne interesse i det, men no er vel vi tre over gjennomsnittet interesserte i lokalhistorie.

Einar Indrebø seier det er flott at det er teke vare på eit slikt program.

– Dette er viktig for lokalhistoria. Her ser vi kor mykje som har skjedd på desse 50 åra, korleis Førde har forandra seg. Heile Førde er dramatisk forandra.

Langebrua i Førde 1965

LANGEBRUA 1966: På andre sida av brua ser vi gamle posthuset til venstre. Til høgre ser vi bygningen til Sunnfjord Sparebank, reist i 1965, riven i 1990.

Foto: NRK

Langebrua i Førde

LANGEBRUA 2015: I dag er det annleis enn i 1966. til venstre det tidlegare postbygget, som no hyser m.a. Gjensidige, i midten kunstmuseet. Til høgre Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etableringar det ikkje vart noko av

I programmet opptrer mellom andre dåverande Aker-sjef Onar Onarheim. Han snakkar om ein motordelfabrikk som Aker vil etablere på Øyrane i Førde alt same hausten. Men denne fabrikken vart det aldri noko av. Heller ikkje elbilfabrikk, som og var på tale.

I staden bygde Ankerløkken skipsverft, der dei i nokre år bygde forskip til tankarar som vart slepa til Florø og monterte saman med akterskipa, som dei bygde der. Men no er det nokre år sidan siste skipssida var sveisa saman på Øyrane.

Som Ludvig Birkeland kommenterer: – Det har gått noko opp og ned.

Slakteri i sentrum

Det som fanst av industri i Førde i 1966 var knytt til landbruket, det var meieri og slakteri. Vestlandske Salslag bygde slakteri i 1963, det er i den bygningen Handelshus I held til i dag. Slakteriet vart flytta til Reset, der det framleis held til, medan meieriet er historie og er jamna med jorda.

Knut Grimeland arbeidde i si tid på slakteriet som fekk ei kort levetid i sentrum.

– Det var ikkje liv laga der det vart bygt. Var vi uheldige og miste dyra lause så fôr dei gjennom sentrum. Vi var der berre i 20 år. Det er store endringar for min del. Når eg går i Handelshuset i dag så kjenner eg meg att der apoteket er. Der var det veterinærkontor.

Ludvig Birkeland, Einar Indrebø og Knut Grimeland

SOM I 1966: Sjølve rutebilstasjonen er ikkje endra så mykje på 50 år, sjølv om godsdelen til noverande Transferd tek langt større plass.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Flott juleutstilling i 1961

Knut Grimeland er oppvaksen på Halbrend og er oppteken av korleis dette området er endra.

– I min ungdom var det ti gardbrukarar på Halbrend, og no er det ikkje noko. Det er utbygt alt saman.

Han hugsar godt korleis det kunne vere i sentrum om haustane.

– Ved Klakegg-huset gjekk elva ofte over vegen, så då kunne vi snu og gå heimatt i staden for å gå på skulen.

Einar Indrebø peikar på at det hadde vore ei utvikling i Førde frå 1950 til 1965.

– Som det vart sagt i filmen så var dei gamle landhandlane vekk og erstatta med meir moderne forretningar. Og vi såg rekkehusa på Vaskarvollen, dei var nybygde i 1966.

– Eg meiner eg hugsar at det nye samvirkelaget hadde opning til jul i 1961, supplerer Birkeland. Det var eit fint bygg med fine utstillingsvindauge. Eg hugsar at ho eg seinare vart gift med og eg var og såg på juleutstillinga.

Torbjørn Reikvam i 1965

12 ÅR GAMAL OG BT-BOD: Torbjørn Reikvam sykla rundt med Bergens Tidende i 1966.

Foto: NRK

12 år og avisbod

Alle tre slit med å kjenne att ein del unge ansikt på gata i Førde og på ein kafé.

– Dette må vere utanbygds skuleungdom, truleg frå yrkesskulen, meiner Einar Indrebø.

Men ein person kjenner alle att, ein unggut som syklar rundt med Bergens Tidende.

– Det der er iallfall Torbjørn Reikvam!

Reikvam sjølv hugsar godt at han vart filma i 1966. Då var han 12 år.

– Du veit, det var ikkje spesielt vanleg med TV-opptak den gongen. Eg hugsar at eg måtte inn og hente avisa og så kaste ho ein gong til.

Han hhugsar at han såg programmet, familien fekk seg fjernsyn til VM på ski i Oslo vinteren 1966.

– Saknar å kjenne att folk

I 1966 budde det rundt 2000 menneske i Førde, og alle kjende meir eller mindre alle. Slik er det naturleg ikkje i dag med eit seksdobla innbyggjartal.

– Når eg ser dette programmet så saknar eg det å kunne gå i Førde og kjenne att folk. Eg kjende kolossalt mykje folk som eg ikkje ser att i dag. I dag er det veldig mykje framande folk, både innflyttarar og folk frå nabokommunane, seier Ludvig Birkeland

Rutebilstasjonen i Førde 1965

FIRDA BILLAG 1966: Slik var utsynet frå rutebilstasjonen i 1966. Hjortestatuen finst framleis, men er flytta og er lite synleg om ein ikkje veit om den. I bakgrunnen ser vi meieriet.

Foto: NRK

I programmet er det filma ein del frå området rundt rutebilstasjonen, som var nybygd i 1966. På andre sida av vegen ser vi meieriet og ullsentralen. Begge desse er borte no, erstatta av nye og moderne bygningar.

Sunnfjord Hotell vart ikkje bygd før i 1968, men programskaparane har filma arkitekt Connie Henden i arbeid med å teikne hotellet. Ludvig Birkeland hugsar godt bygginga.

– Eg arbeidde på Firda Billag i den tida og fylgde godt med. Den nye direktøren hadde kontor på Firda ei tid, og det var eit flott bygg dei sette opp.

Førde sett frå rutebilstatsjonen

FIRDA BILLAG 2015: Slik er utsynet frå rutebilstasjonen i dag. Meieriet er rive og er erstatta av kunstmuseet og store kontorbygningar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I programmet møter vi mellom andre dåverande disponent Rolv Henden i Firda Billag. Han snakka om kor vanskeleg det var kommunikasjonsmessig, og ynskte seg mellom anna heilårsveg over Strynefjellet. Det gjekk endå nokre år før den kom.

Grunneigar Paul Bergum fortel korleis han vart kontakta av ordføraren i Førde og gjekk med på å selje 40 mål jord til bustadføremål.

Eitt av dei siste bileta i programmet er teke frå Hundvebakke mot Førde kyrkje. Einar Indrebø er oppteken av at dette er det einaste området i Førde sentrum som framleis ser ut som det gjorde i 1966.

– Indre Øyrane, Sjøabrua og Løken er vel det einaste som er att av det gamle Førde. Det må vi ta vare på. Vi ser på desse bileta at det meste av det andre er vekk.

Hest og kjerre i Førde 1965

HESTEN I SENTRUM: I 1966 var det ikkje uvanleg at bønder brukte hest og kjerre når dei hadde eit ærend til Førde sentrum. I dag ser vi det stort sett berre på opptoget til Førdefestivalen.

Foto: NRK

TV-programmet frå 1966 er på 34 minutt. Også TV-fagleg har det skjedd mykje på desse 50 åra. Det startar med ein einetale i to og eit halvt minutt frå ein byråkrat i Kommunaldepartementet.

Seinare får dåverande plan- og utbbyggingssjef Ragnar Høgelid dosere i nesten fire minutt om føresetnadene til Førde. Vi har valt å redigere vekk det meste av desse lange monologane i den versjonen som er tilgjengeleg her.

Førde sentrum 1965

STORE ENDRINGAR: Slik såg det ut i 1966 i området der seinare Sunnfjord Hotell og Domus vart bygde. Seinare har ei rekkje nye bygningar kome til. Sparebankbygningen midt i biletet er erstatta av ein ny bygning, og meieriet er borte. Heilt til høgre litt av rutebilstasjonen, som framleis står.

Foto: NRK