Harald J. Stavang

BYEN I OPPRØR: Harald J. Stavang med biletet han tok under sjukehusdemonstrasjonen i 1990.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

50 år med aksjonar, sjikane og drapstrugsmål

«Partibøkene flagra gjennom lufta og la seg i ein haug framfor Ronald Bye», fortel journalistveteranen Harald J. Stavang om sjukehusopprøret i Florø. Også i Lærdal, Høyanger og i Nordfjord har sinna tidvis vore i kok.

Stavang tok til som journalist i Firdaposten i Florø i 1965 og har fylgt den langvarige striden som no har enda med at sjukehuset i kystbyen er lagt ned. Bygningane for tida eit tomt skal.

Han hugsar spesielt eit møte i Flora Arbeidarparti i 1971. Då hadde regjeringa Bratteli annullert eit fylkestingsvedtak om å byggje ut dei fire lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane. Regjeringa ville heller byggje eit sentralsjukehus i Førde.

På den tida var Firdaposten eit Arbeidarparti-organ, og Stavang hadde sjølv verv i partiet. Heile byen, inkludert Ap-medlemmene, var i opprør over diktatet frå Trygve Bratteli og regjeringa hans. Mange melde seg ut av partiet.

Firdaposten 27.7.1971

– OVER STREKEN: Framsida på Firdaposten 27. juli 1971. Dåverande Ap-politikar Mons Monsen refsar sitt eige parti.

Bratteli: «Ikkje akkurat Dodge City»

Dette var før kommunevalet i 1971. Flora Arbeidarparti vart bortimot ribba for folk. Først tok Bratteli sjølv turen til Florø for å prøve å forklare kvifor regjeringa ville byggje sentralsjukehus.

– Det var svart av folk i gatene rundt Victoria Hotell, der møtet vart halde. Det var tre politifolk som skulle halde orden. Dei skalv som ospelauv, for hadde det gått gale hadde dei ingenting å stille opp med.

Men det gjekk nokolunde sømeleg for seg, og Stavang hugsar at Bratteli seinare vart spurt om han var uroleg.

– Bratteli hadde sete i tysk fangenskap under krigen og var vel ikkje lettskremd. Han hadde tørt kommentert: «Nei, eg trur ikkje at Florø er som Dodge City».

– Stint av røyk og sinne/angstsveitte

Seinare kom den mektige partisekretæren Ronald Bye til Florø for å prøve å roe gemytta og samle troppane før valet. Det var heilt fånyttes, minnest Stavang.

– Det var på den tida det var lov å røyke på møte, så møtelokalet var stint av røyk, og sveittelukta dreiv stramt langs veggene, ein slags sinne/angstsveitte. Eg sat framme og skulle vere sekretær. Eg hugsar at partibøkene kom som kasteballar over borda og hauga seg opp framfor Ronald Bye.

Seinare vart Bye spurt om denne opplevinga.

– Han måtte vedgå at trass i at han hadde vore lenge i politikken, så hadde han aldri vore med på eit tøffare møte, korkje før eller seinare.

Og valet i 1971 vart ein katastrofe for Arbeidarpartiet i Flora. Talet på bystyremedlemmer vart redusert frå 19 til fem.

  • Les også om sjukehusstriden i Allkunne:
Kåre Ness

FOR SENTRALSJUKEHUS: Tidlegare fylkespolitikar Kåre Ness (Sp).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«Slaget ved Fimreite 2»

Og det var ikkje berre i Florø stridsøksene vart kvesste. Folk som sokna til sjukehusa i Lærdal, Høyanger og på Nordfjordeid samla seg i ein massiv motstand. For i alt fire fylkestingsvedtak hadde konkludert med at Sogn og Fjordane skulle byggje ut sjukehuset i Florø og modernisere dei tre andre.

Mellom fylkespolitikarane var frontane steile, minnest Kåre Ness (88). Han var nett komen inn i fylkestinget i 1972 for Senterpartiet, og vart straks vald inn i ei sjukehusnemnd. Han var mellom dei som ville ha sentralsjukehus.

– Eg hugsar at dåverande fylkesordførar Leif Iversen kalla fylkestinget i Olden det året for «Slaget ved Fimreite 2».

Helseplan 1972

SAMRØYSTES: Denne planen vart vedteken i 1972.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fekk i pose og sekk

Men trass all usemja enda det med at helseplanen som Ness var med på å utarbeide vart samrøystes vedteken på fylkestinget i Olden i april 1972. For motstandarane av eit sentralsjukehus måtte bøye seg for den Kongelege resolusjonen frå Bratteli-regjeringa.

Men planen omfatta også utbygging og modernisering av alle dei fire lokalsjukehusa. Og slik vart det etter kvart.

For i 1973 gav statsminister Trygve Bratteli og regjeringa hans grønt lys til å modernisere alle dei fire lokalsjukehusa, i tillegg til å byggje sentralsjukehus i Førde.

I 1977 var arbeidet med å byggje ut sjukehusa i Lærdal, Florø, Høyanger og Nordfjordeid fullført, og i 1979 vart Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane sett i drift i Førde. Med andre ord: Innbyggjarane i Sogn og Fjordane fekk både i pose og sekk.

Folk i Høyanger mobiliserte då "firarbanden" frå fylkeskommunen kom til bygda for å førebu nedlegging av sjukehuset.

Aksjonist mot eigen arbeidsgjevar

Men då melde eit nytt problem seg temmeleg fort. For med fem sjukehus i eit fylke med vel 100.000 innbyggjarar var det ein stor overkapasitet. I tillegg vart driftsutgiftene til sjukehusa så store at det gjekk ut over alt fylkeskommunen hadde ansvar for.

Alt i 1979 vart det lagt fram ein plan for å legge ned sjukehuset i Høyanger og gjere det om til sjukeheim. Og då var spetakkelet i gang att. Den 21. november skulle fylkesordførar Ola M. Hestenes (Sp) og tre toppbyråkratar ha møte med Høyanger kommune og sjukehusleiinga om desse planane.

Men før dei kom så langt var det folk i Høyanger som sette seg føre å syte for at dei fire, som vart kalla firarbanden, skulle hugse turen til industristaden for resten av livet.

Finn Trædal

AKSJONIST I 1979: Finn Trædal aksjonerte mot sin eigen arbeidsgjevar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«Firarbanden» gjekk spissrotgang

I full fart vart det tromma saman ein aksjonskomité med Finn Trædal som leiar. Han var den gongen avdelingssjukepleiar på sjukehuset i Høyanger.

– Vi fekk til ein aksjon der alle butikkane var stengde i to timar, skuleelevane fekk fri, alle var ute på gata. Det var om lag 1500 personar mellom rådhuset og sjukehuset den dagen.

Etter eit møte med kommunen som varte i fleire timar kom Ola M. Hestenes, fylkesrådmann Svein Lundevall, dåverande kontorsjef Knut Henning Grepstad og fylkeshelsesjef Harald Myrseth ut til eit folkehav som bar plakatar med klar tale, og det hagla med ukvemsord.

– Dei vi kalla firarbanden hadde vel 150 meter å gå ned til sjukehuset. Folk i gata hadde fått god tid til å hisse seg opp, og dei fire måtte gå ein slags spissrotgang ned til oss som stod klare på sjukehustrappa, minnest Trædal.

Han hadde sytt for at døra til sjukehuset var låst, og dermed måtte fylkestoppane stå der og høyre på appellane til aksjonskomiteen. Men då var dei berre tre, for fylkesordføraren hadde kome seg unna folkemengda og hadde kome seg inn på sjukehuset bakvegen.

Knut Henning Grepstad

HUGSAR GODT 1979: Knut Henning Grepstad, i dag pensjonist, gløymer aldri «canossagangen» i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein slags canossagang

Knut Henning Grepstad hugsar godt denne dagen. Han hadde fått jobb som kontorsjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1978 og vart seinare assisterande fylkesrådmann.

– Vi såg at vi hadde fire flott rusta opp lokalsjukehus, i tillegg til det som på den tida sikkert var landets finaste sentralsjukehus. Vi såg veldig fort at det var veldig tynt grunnlag for å drive sjukehus i Høyanger. Til slutt la det seg ned sjølv. Siste tida var det ein lege som jobba der, og han jobba på deltid frå Bergen.

Nedlegginga skjedde formelt i 1982. Men før det hadde det vore ein opprivande strid som altså toppa seg den 21. november 1979.

– Vi kom med ferje via Nordeide, og før møtet med kommunen merka vi ikkje så mykje. Møtet varte nokre timar, så skulle vi gå ned til sjukehuset, der vi hadde avtalt møte med den administrative leiinga.

Då dei kom ut var heile bygda samla.

– Vi gjekk i ei smal gate nedover i folkemengda, ein slags canossagang. Ein eller annan smarting hadde låst att døra til sjukehuset, slik at vi ikkje kom inn. Så var det appellar og eit veldig sterkt engasjement.

Teikning i Sogn Dagblad 1979

MOT OVERMAKTA: Denne karikaturteikninga i Sogn Dagblad i 1979 viser fylkesordførar Ola M. Hestenes og fylkesrådmann Svein Lundevall i baugen på det store sentralsjukehusskipet som durar fram i full fart mot dei fire mykje mindre lokalsjukehusskutene.

– Ikkje så veldig kjekt

Mor til Grepstad kom frå Høyanger, og faren hadde som fylkespolitikar vore ein varm tilhengar av lokalsjukehusa.

– Der og då var det ikkje så veldig kjekt å tenke tilbake på min barndoms Høyanger, der eg hadde vore mykje på besøk. Det var litt annleis å vere i Høyanger denne dagen og ta imot all kjeften.

Men til slutt fekk dei gjennomført møtet, og Grepstad leia seinare prosessen med dei tilsette på sjukehuset i Høyanger.

– Når eg tenker tilbake på det i dag, var det nok naudsynt med den motstanden som var då. Men eg trur at alt i alt vart det den beste løysinga for å få eit godt sjukehustilbod, også for Høyanger.

Sjukehuset vart bygt om og fungerer i dag som sjukeheim for Høyanger kommune.

Høyanger sjukeheim

SJUKEHEIM: Det tidlegare Høyanger sjukehus er bygt om og er i dag Høyanger sjukeheim.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Rett med sentralisering

Frå 1980-talet og frametter skjedde det ein del innan helsesektoren, samstundes som vegane i Sogn og Fjordane sakte, men sikkert vart bygde ut.

– Sjølv om fylket vårt er grisgrendt, vart det etter kvart rett å ha eit sentralisert, topp kompetent sjukehustilbod samla i større grad i Førde, seier Knut Henning Grepstad.

Og det neste sjukehuset som stod for fall var Florø. Der tok folk til å ane at dette ikkje kom til å gå bra, minnest Harald J. Stavang.

– Mange sa at dette kjem ikkje til å vare lenge, og det gjorde det heller ikkje. Når sjukehuset i Florø vart administrert frå Førde, rekna alle med at dette blir Høyanger om igjen.

Florø sjukehus var seigliva

Men i Florø tok prosessen lengre tid.

– Hugs at sjukehusmiljøet i Florø var bygt opp sidan 1867, då Fiskarsjukehuset kom i gang. Det tok tid, for det var bruk for tenestene, kommunikasjonane var ikkje så gode, og det var før luftambulansen kom i drift, seier Stavang.

Firdaposten 8. juni 1990

STERKE KJENSLER: Firdaposten 8. juni 1990. Medan Ap hadde enorm medlemsflukt i Flora i 1971, var det dei borgarlege partia som fekk svi i 1990.

Den 6. juni 1990 gjekk igjen folk mann av huse i Florø. 5000 menneske deltok i ein generalstreik og demonstrasjon mot eit framlegg om nedskjeringar ved sjukehuset.

Florøværingane og folk elles på kysten såg på Sentralsjukehuset som gaukungen i reiret, eit pengesluk som tok all næring frå dei andre sjukehusa.

«Golanhøgda»

Og heile tida vart det bygt opp eit sinne i Florø, ikkje berre mot fylkespolitikarane og leiinga på Sentralsjukehuset, men også mot Førde som stad og innbyggjarane i den sterkt veksande bygdebyen, som hadde ambisjonar om å bli by.

På den tida gjekk vegen mellom Førde og Florø over Ramsdalsheia, på folkemunne den tida kalla Golanhøgda.

– Sinnet var irrasjonelt, etter mi oppfatning. Det vart gjort gode forsøk på å byggje opp eit nærsjukehus i Florø, men dei greidde ikkje å få økonomi i det, seier Stavang.

I 1994 vart sjukehuset i Florø omgjort til ei avdeling under Sentralsjukehuset. Slik fungerte det resten av 1990-talet.

Skilt mot sjukehus i Florø

SKILT MOT EIT TOMT SKAL: I 2017 heng framleis eit skilt som viser veg til sjukehuset i Florø. Men der finst det ikkje lenger nokon som kan hjelpe deg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Over til Helse Førde

Men så i 2001 kom den store helsereforma som flytta ansvaret for sjukehusa over frå fylkeskommunane til Staten. Det vart oppretta statlege helseføretak. At føretaket som dekker Sogn og Fjordane fekk namnet Helse Førde var ikkje akkurat eigna til å dempe gemytta.

Og Helse Førde heldt fram det fylkeskommunen hadde sett i gang, med å omorganisere helsetenestene. Ved sjukehuset i Florø var det i nokre år ein del poliklinisk aktivitet, men det dabba gradvis av, og i 2011 var det heilt slutt. I dag er sjukehusbygningane selde til Flora kommune, førebels er dei utan innhald.

Bente Øien Hauge

MED PIONEREN: Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus ved bysten av Rolf Christophersen, som var føregangsmann då sjukehuset vart reist.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eit sterkt engasjement vart vekt

I mellomtida hadde sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid kome i skotlinja. Det første som stod for hogg var fødeavdelingane. Det vekte engasjementet til Bente Øien Hauge i Lærdal. Ho hadde nett vore gjennom ein operasjon på Lærdal sjukehus og var veldig godt nøgd med måten ho vart teke vare på.

– Eigentleg var det NRK Sogn og Fjordane si skuld at eg engasjerte meg. Først høyrde eg om ei utgreiing som konkluderte med at Lærdal sjukehus skulle bestå. Men veka etter høyrde eg at ei prosjektgruppe i Helse Vest føreslo å legge ned sjukehuset.

På den tida visste ho lite om korleis sjukehusa var organiserte.

– Dermed var det mykje å sette seg inn i. Men eg tenkte at dette må ikkje skje, og eg tok initiativet til å starte ein aksjon for sjukehuset. Og det var slett ikkje vanskeleg å få med folk.

14.000 underskrifter til Høybråten

Dei la ein slagplan for ein aksjon som skulle vare i tre månader våren 2003. Dei fekk inn 14.000 underskrifter og hadde ein demonstrasjon med stor oppslutnad.

– Vi var veldig stolte over det. Vi fylte tre bussar og drog til Oslo for å overlevere underskriftene til dåverande helseminister Dagfinn Høybråten.

Dei trudde det skulle halde med det. Det skulle vise seg å vere naivt. I 2017 held ho framleis på, sjølv om Lærdal og Nordfjordeid har mist både fødetilbod og akuttfunksjon.

– Etter at styremøta i helseføretaka vart opne tok vi til å reise dit for å sitte på tilhøyrarplass. Eg gjorde det både for å få innsikt og for å vise at vi fylgde med. Og då sakspapira vart lagde ut på nettet kunne vi sette oss inn i sakene på førehand.

– Sit att med ei stor sorg

Men desse 14 åra som sjukehusaksjonist har ikkje akkurat gitt Bente Øien Hauge trua på at alt som skjer er til beste for pasientane og folk elles.

– Det har gjort meg veldig desillusjonert. Eg sit att med ei stor sorg. Eg var veldig naiv og hadde stor tiltru til norske styresmakter og media. Eigentleg har eg mista trua på demokratiet, og på at sentrale avgjerder blir tekne på grunnlag av fakta.

Har aksjonert i snart 15 år

For dei nakne fakta fortel at sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid mista akuttkirurgien i 2005 og fødetilbodet i 2011. Medan Bente Øien Hauge har leia Forsvar Lærdal sjukehus, har Sjukehusaksjon Nordfjord kjempa ein like hardnakka, og eigentleg like fånyttes kamp for sjukehuset på Nordfjordeid.

Framleis held dei på. I mars 2017 var dei samla til årsmøte på Nordfjordeid. Svein Hansen var med på å starte aksjonen og er framleis leiar.

– Vi starta i november 2002, så vi har lang fartstid. Vi fekk inn 15.000 underskrifter, og vi var til Oslo og snakka med helseminister Høybråten. Vi har hatt fantastisk oppslutnad, vi har 2000 medlemmer.

Sjukehusaksjon Nordfjord

HELD KOKEN: Sjukehusaksjon Nordfjord har ikkje lagt ned stridsøksene. Frå v. Marit Nore Sørhaug, Svein Hansen og Torill Sørland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Som ein glatt vegg

Marit Nore Sørhaug i aksjonsleiinga seier at det som har skjedd med Nordfjord sjukehus er tragisk, etter at fødetenesta og akuttfunksjonen vart lagd ned.

– Det er nærmare eit medisinsk senter, langt frå eit fullverdig sjukehus. Det har gode tenester som folk kan bruke. Men vi har ikkje akuttkirurgi, og då kan vi ikkje berge liv i kritiske situasjonar.

– Korleis har det vore å kjempe imot Helse Førde og Helse Vest?

– Det har vore som ein glatt vegg som vi aldri kjem gjennom. Dei har prata med oss, og så har dei gjort som dei vil, det har berre gått ein veg.

Likevel kjempar dei framleis. No står kampen for andre sjukehus, mellom anna sjukehuset i Volda, som ligg nærare dei fleste nordfjordingane enn Førde.

Nordfjord sjukehus

MODELLSJUKEHUS: Nordfjord sjukehus er tenkt som modell for framtidas lokalsjukehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Spytta på frontruta

Clara Øberg var styreleiar i Helse Førde frå 2005 til 2012 og vart ei av skyteskivene for sjukehusaksjonistane. Namnet Clara Øberg var lenge eit skjellsord i delar av Sogn og Fjordane.

– Det var det, så det var tøft. Men samstundes var det mange som kom på bana og tykte dette var for gale. Så når eg reiste rundt i fylket møtte eg også mykje omsorg, og eg har aldri i livet fått så mykje blomster som eg fekk dei sju åra.

Ho hugsar ein episode då ho og Kjell Opseth skulle til Nordfjordeid. På ferja mellom Anda og Lote sat dei i bilen.

– Då var det ein person som spytta på frontruta, og det seier litt om korleis det heile var styrt av kjensler. Men Opseth, som var ein stor ressurs i styret, var roleg. Han hadde opplevd mykje i tida som samferdsleminister då striden om hovudflyplass stod på.

– Litt skremd av drapstrugsmål

Både Øberg og Opseth fekk og drapstrugsmål for det dei var med på i Helse Førde.

– Då vart eg litt skremd, og eg ringde eg til Opseth og sa: No vil dei drepe oss og. Han svara: Clara, vi får ta det med ro, eg vil no sjå det først. Ein ting er kva folk skriv i ei tekstmelding nattetid, noko anna er kva dei faktisk gjer.

Men drapstrugsmål er vel eigentleg ei sak for politiet?

– Ja, men då hadde det blitt mange politisaker på den tida. Det vi gjekk til politiet med, var det som vart gjenteke heile tida, og som tok til å bli plagsamt. Då rådførte vi oss med politiet, og dei fekk roa situasjonen.

Clara Øberg

VART DRAPSTRUGA: Clara Øberg angrar ikkje på tida som styreleiar i Helse Førde, trass i trugsmål og utskjelling.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Årdølane herja med statsråden

Clara Øberg hugsar også at dåverande helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen var på folkemøte i Årdal, der Øberg voks opp. Ho sjølv var ikkje med til Årdal, den oppgåva fekk Harry Mowatt.

– Eg kjenner tonen i Årdal. Anne-Grete Strøm-Erichsen er eit godt menneske og trudde dette skulle bra. Men årdølane herja med ho frå salen. Mowatt sa til meg at møtet var heilt som forventa, men sjølv var ho så sjokkert at ho ikkje torde stansa for å ete før ho reiste derifrå. Ho skulle til Nordfjordeid, og først på Skei tok ho sjansen på å ta seg ein matbit.

Ulike signal frå statsrådar

I den tida det stod på som verst hadde Clara Øberg god kontakt med dei som til ei kvar tid var helseministrar.

– Men det var ein periode eg lurte på kven som verkeleg var helse- og omsorgsminister i landet. For eg kunne få ein beskjed frå helse- og omsorgsstatsråden ein dag, og så stikk motsett frå ein annan statsråd dagen etter. I ettertid synest eg det berre er morosamt, og det er noko av politikken.

I det heile er det dei positive og komiske minna som sit att hjå Clara Øberg.

– Det er slik vi menneske er. Vi vil helst hugse det som var bra. Det var ein tøff, men interessant periode, og det er den perioden i livet der eg lærde mest, på alle måtar.

– Ramsdalsheia er ikkje lenger Golanhøgda

Korleis er så situasjonen i 2017? Har folk forsona seg med det som har skjedd med sjukehusa, eller finst det enno ein sjukehusstrid?

Tidlegare journalist Harald J. Stavang meiner dei fleste såra har grodd, iallfall i Florø.

– Ja, det meiner eg, for Flora og Førde har mykje felles. Det er ikkje lenger slik at Ramsdalsheia blir sett på som Golanhøgda. Det har gått seg til, og det har kome til ein ny generasjon som ikkje opplevde den verste striden.

Finn Trædal, som var sjukehusaksjonist i Høyanger i 1979, er i dag avdelingsleiar for Helse Førde si avdeling på Tronvik. Han seier at han ikkje fekk refs eller reprimande for at han aksjonerte mot sin eigen arbeidsgjevar den gongen.

– Vi oppnådde iallfall å utsette nedlegginga av sjukehuset eit par år. Eg skal ikkje sjå bort frå at det sit att litt vonde kjensler framleis, men eg trur at dei fleste i Høyanger no har forsona seg med det som skjedde. Høyanger-folk reiser ofte til Førde, så eg trur ikkje det er noko problem.

– Redd den negative spiralen

Bente Øien Hauge og Lærdal sjukehus

UROLEG FOR FRAMTIDA: Bente Øien Hauge er redd det kjem nye rundar med sentralisering av sjukehustenester.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Lærdal og i Nordfjord er såra ferskare. Begge sjukehusa har fått oppgåver som Helse Førde meiner dei løyser bra. Lærdal fekk ein ortopediklinikk med pasientar frå heile landet, mykje fordi sjukehuset hadde ein kapasitet på feltet, Truls Jellestad.

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus seier at dette har vore viktig.

– Det betyr at vi framleis har ein viss beredskap, mellom anna på anestesi. Det var det som gjorde at det vart mobilisert så sterkt då det brann på Lærdalsøyri. Teoretisk skal ikkje eit lite lokalsjukehus vere i stand til å behandle over 400 menneske for røykskadar.

Men ho er redd for at heller ikkje dette tilbodet vil overleve særleg lenge.

– Ortopediklinikken er personavhengig, og eit sjukehus er skjørt for kvar funksjon som blir plukka vekk. Eg er redd for den negative spiralen. No er hofteoperasjonar flytta til Førde. Så kanskje vi bør mobilisere igjen.