Ragna og Odd Borlaug

GIFTE I 70 ÅR: Å ha folk i livet, spesielt i eldre år, har mykje å seia for levealderen, viser forsking: – Å ha kvarandre betyr alt, seier ekteparet Ragna og Odd Borlaug.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

100 år – og i lag

VIK (NRK): Odd Borlaug (100) er éin av mange på Vestlandet som blir godt gamle. Det takkar han bratte bakkar, hardt arbeid – og eit langt samliv med Ragna (91) for.

– Odd, me får vel halda rundt kvarandre, skrattar Ragna Borlaug og smett venstrearmen bakom ryggen til mannen ho har levd eit langt liv saman med:

– Er ikkje dette kjekt då?

Odd seier ingenting, men i andletet hans breier det seg eit vidt smil, og han legg neven om skuldrene til kona.

Ekteparet er klare for bursdagsfotografering i sofaen i leilegheita på omsorgssenteret i Vik i Sogn – og det er ikkje kva som helst slags fødselsdag: 31. mars blei nemleg Odd Borlaug 100 år.

– Det er nett som om han er 25! seier Ragna. Odd humrar og ser ned.

– Og det hugset! Det er ikkje mykje som går han forbi. Der eg har to høyreapparat, kan han høyra det knesta. Det er nesten ufatteleg.

Odd Borlaug er berre éin av mange som blir gamle på Vestlandet. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er blant dei tre fylka i landet med flest kvinner og menn over 90 år i forhold til innbyggjartalet (sjå kart og tabell under).

Handlar maten sjølv

Sjølv om synet har byrja å tapa seg, må Odd Borlaug trygt kunna seiast å vera ein sprek hundreåring, der han stig med lette steg rundt i leilegheita. Om ein liten time skal han til tannlegen, og dei par hundre meterane dit har han tenkt å gå. Ja, han må på lengre utflukter enn det, fortel Ragna:

Odd Borlaug

LETT PÅ FOTEN: – Eg røykte ei stund som ein svamp, men det er 40 år sidan, seier Odd Borlaug, som sjølv går til butikken for å handla.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg jagar han av garde på Øyri (sentrum i Vik), for handla må han, ler ho.

Og då går Odd den knappe kilometeren ned på butikken med trillebagen sin, fyller han med varer og dreg veska opp att til leilegheita.

– Han er så lett på foten. Det er uvandt å ha så god helse når ein blir så gamal; det er flott, seier Ragna.

«Vestlandseffekten»

Sogn og Fjordane er det fylket i landet med forholdsmessig flest eldre kvinner og menn, viser SSB-tala: 12,5 personar per 1000 innbyggjar er over 90 år. I Møre og Romsdal er talet 10,6.

90+-åringar i Norge

– På Vestlandet finn me ei opphoping av gunstige levevanar samanlikna med andre fylke, seier seniorforskar Astri Syse i SSB og forklarar «vestlandseffekten» slik:

  • Relativt få i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har berre grunnskuleutdanning.
  • Få sluttar på vidaregåande skule.
  • Dei to fylka har færre røykjarar enn andre.
  • Det fysiske aktivitetsnivået er relativt høgt.
  • Relativt få er overvektige.
Astri Syse SSB

GUNSTIG PÅ VESTLANDET: Seniorforskar Astri Syse ved Statistisk sentralbyrå har i mange år granska dødelegheit og aldring i Noreg.

Fråhald

Det er ikkje berre i dei to nordlegaste vestlandsfylka at folkehelsa er god. Skil du mellom by (Bergen) og bygd i Hordaland, kjem også bygdene i det fylket godt ut.

Ei historisk forklaring kan vera at fråhaldsrørsla i vest har stått sterkt. Måtehald blir trekt fram som ei årsak til at vestlandsfylka har hatt færre alkoholrelaterte dødsfall, som trafikkulukker og sjølvmord.

– Slik ulukker skjer ofte i ung alder. Men vestlandsfylka kjem også godt når ut me ser på forventa levealder etter fylte 65 år. Det betyr at færre døyr av hjarte- og karsjukdomar og av kreft enn i landet elles, seier Syse.

Vestlandets motstykke

Finnmark står som eit motstykke til Vestlandet. Det har fylket gjort sidan samfunnsforskar Eilert Sundt (1817–1875) sine fyrste folkehelsegranskingar på 1800-talet: Allereie i perioden 1831–50 døydde det flest i Finnmark (saman med Christiania) i forhold til innbyggjartalet, og den posisjonen har fylket hatt fram til i dag.

– I Finnmark har mange berre grunnskuleutdanning, talet på røykjarar er framleis forholdsmessig høgt. Det er òg talet på overvektige og dei som rapporterer at dei aldri trenar, fortel Syse.

Laster innhold, vennligst vent..

Like fullt kan det verka som om finnmarkingen er meir nøgd helsa si enn kva ein skulle tru. I granskingar rapporterer folk i Finnmark nemleg å ha like bra helse som folk elles i landet gjer.

– Spør du ein finnmarking kva helse han har, svarar han at ho er heilt fin, seier Syse.

I Østfold derimot – der folk rett nok har høgare forventa levealder enn i Finnmark, men elles har temmeleg lik utdanning og røykjer omtrent like mykje – rapporterer innbyggjarane at dei har dårlegare helse enn landssnittet.

Ragna og barnebarna

MYKJE Å GLEDA SEG OVER: Ragna Borlaug ser ofte på bileta av borna, barneborna og oldeborna.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ei forklaring kan vera at folk i Østfold bur nærare andre fylke, som dei kan samanlikna seg med. I Finnmark samanliknar dei seg truleg i større grad med kvarandre, forklarar Syse.

Gamal som Metusalem

Kvifor lever folk i nokre område så mykje lenger enn i andre? Det er eit spørsmål om har oppteke filosofar, dokterar og forskarar sidan Metusalem, ein av urtidas stamfedrar som ifølgje Bibelen blei 969 år.

I jakta på hemmelegheita bak eit langt og helsig liv har vitskapsfolk reist til til dømes greske Ikaria i Egearhavet og japanske Okinawa i Det austkinesiske havet, øyer det blir sagt at «folk gløymde å døy», og der det er uvanleg mange hundreåringar.

Desse og andre område med sjeldsynt høg levealder blir gjerne kalla «blue zones» på fagspråket, og dei har nokre fellestrekk, fortel Astri Syse:

Feios

BRATTLENDT «BLUE ZONE»: Feios og fjordbygdene på Vestlandet har fleire av kjenneteikna på område der folk lever lenge.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • Terrenget er ulendt: Sjølv om folk ikkje trenar, må dei bevega seg mykje på grunn av dei fysiske omgjevnadene.
  • Folk bur isolert: Plassane har vore krevjande å koma seg til og frå. Det kan ha ført til at folk over generasjonar har tilpassa seg å bu nettopp der. I og med at inn- og utflyttinga har vore liten, spekulerer forskarane på om det òg kan vera genetiske forklaringar den høge alderen. Dette blir det forska mykje på.
  • Næringsrikt kosthald: Folk har levd av den maten som er blitt dyrka naturleg i området. Såleis kan næringsstoffa ha blitt betre bevart enn i område folk har hatt større tilgang på importert mat.

Bratte bakkar

Kjenneteikna for slike «blue zone»-område – ulendt terreng og lite mobilitet – kan passa godt på fjordbygdene på Vestlandet, og på livet til Odd Borlaug:

Etter krigen fekk han etter kvart kjøpa småbruket Bakkane i heimbygda Feios på sørsida av Sognefjorden. Som gardsnamnet fortel, var det eit brattlendt bruk å driva.

Garden Bakkane i Feios

BAKKANE: I tillegg til å driva dette småbruket, køyrde Odd Borlaug drosje i fleire tiår.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Odd trur dei skrånande liene i Sogn kan forklara den gode helsa og den høge alderen hans.

– Ein fekk god kondis, ler han.

– Ein måtte berre arbeida heile tida og vera i bevegelse. På den måten fekk ein brukt heile kroppen.

Laksefiskar

Marssola har klive fjella i sør, kjem inn stovevindauga i leilegheita og kastar blenk på eit innramma fotografi på veggen. På biletet sit Odd på ein trebenk ein klarvêrsdag nede ved elveosen til Vikja med fiskestonga i hendene. Odd fiskar laks. Det har han håp om å få gjera i sommar òg.

Odd Borlaug

ODD I OSEN: Odd Borlaug har likt å fiska sidan han var gutunge, her ved eit bilete av seg sjølv fiskande i lakseelva Vikja.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg har likt meg godt der.

I elveosen sit han saman med ungar og vaksne som kastar «Møre-silda» over elva, dreg sluken gjennom straumen, og håpar at storlaksen skal hogga til i det ongelen glir ut av dei kraftigaste elvedraga. Nettopp det gjorde ein fin, blank rugg for to år sidan.

– Det var vel ikkje den fyrste laksen eg hadde fått på land, så det var no greitt å få han opp. Og så var det mykje god hjelp å få, minnest Odd, som er æresmedlem i Vik jakt- og fiskelag.

Odd Borlaug (98) med laks

98 ÅR GAMAL FISKELUKKE: 27. juli 2015 fekk Odd Borlaug denne laksen på 6,2 kilo.

Foto: Audun Holen

Men sjølv for ein garva laksefiskar får blodpumpa fart på seg når fisken bit, stonga spenner seg opp, og du veit det ventar kamp for å få fisken opp.

– Ja, eg merkar det godt på alle måtar. Det er ein fin hobby, seier Odd.

Langt liv saman

Men eit hundre år langt – og aktivt – liv byr sjeldan berre på søtmjølk: Odd voks opp i dei krevjande 1920- og 30-åra i Feios. Skule blei det smått med, og tidleg måtte han byrja å arbeida.

Og så kom Den andre verdskrigen: Dit blei den då 23 år gamle mannen kommandert ut. Odd var med i kampane i Valdres, og det sette varige spor i eit ungt sinn:

Marta Finden Halset deler ut krigsmedalje til Odd Borlaug

KRIGSVETERANAR: 17. mai 2015, på dagen 75 år etter at han kom heim etter kampane i Valdres, blei Odd Borlaug (midten) heidra med regjeringas minnemedalje «Takk for din innsats 1939–45», delt ut av dåverande ordførar Marta Finden Halset (t.v.) i Vik. Også Ragnar Hornes (t.h. for Borlaug) og Ragnvald Viktun (representert ved kvinna t.h.) fekk minnemedaljen.

Foto: Darek Hauderowicz

Etter krigen gifta Odd og Ragna seg, og sidan har dei halde i hop. Og det å ha folk i livet, spesielt i eldre år, har mykje å seia for levealderen, fortel Astri Syse:

– Og nettopp på Vestlandet bur det færre åleine enn i resten av landet.

Til hausten har Odd og Ragna vore gifte i 71 år. Å få leva saman, også når dei blir gamle, er dei begge takksame for:

– Det betyr alt, det, seier Ragna.

– Korleis møttest du og Odd?

– Nei, nei, det trur eg ikkje at eg hugsar, ertar Ragna og vil liksom ikkje svara på det. Odd ler godt.

– Det var vel på fest, det. Me gjekk på fest, veit du, seier Ragna lurt.

– Det var ikkje så mykje ein kunne festa under krigen. Ein måtte berre lura seg til ein svingom, legg Odd til og ser bort på Ragna, som smiler:

– Du og du, det var koseleg. Det var moro då, og me har det no godt enno.

Ragna og Odd Borlaug

GIFTE I 70 ÅR: Å ha folk i livet, spesielt i eldre år, har mykje å seia for levealderen, viser forsking: – Å ha kvarandre betyr alt, seier ekteparet Ragna og Odd Borlaug.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • Sjå «Evig ung» på NRK1 torsdag: Programmet prøver å finna svar på kvifor nokre blir over 100 år medan dei fleste takkar for seg rundt 80. Hemmelegheita kan liggja i genane våre:
    Hvorfor blir noen over 100 år, mens de fleste takker for seg rundt 80? Hemmeligheten kan ligge i genene våre. Med aldring øker risikoen for sykdommene som tar livet av oss. Ny kunnskap om vårt DNA og ny teknologi kan gi oss uante muligheter for et langt liv. Programleder er Solveig Hareide. (3:5)