Hopp til innhold

Wyatt var raskaste mann Skåla Opp

Jonathan Wyatt frå New Zealand gjekk til topps i motbakkeløpet Skåla Opp, laurdag.

Wyatt kom inn på tida 1.09.39, og var to minutt bak rekorden som vart teken i fjor av tidlegare europameister i motbakkeløp, tyrkiske Ahmet Arslan.

Arslan sa før løpet at målet var siger, men 1.11.49 i år heldt berre til andreplass.

Nordmann på tredjeplass

Beste norske i herreklassen blei Thorbjørn Ludvigsen med tida 1.11.55. Det heldt til ein tredjeplass.

LES OGSÅ: «Dette er det klart beste av alle motbakkeløpa eg har vore med på»

(Artikkelen held fram under videoen)

Resten av løpet kan du sjå på NRK1 klokka 20:15 i morgon!

Sjå starten på Skåla opp!

Ingen rekord på damene

Ny rekord vart det heller ikkje i kvinneklassen i år. Inger Liv Bjerkrem Nilsen blei best i kvinneklassen med tida 1.23.40. Med den tida enda ho om lag tre minutt bak rekorden til Anita Håkenstad Evertsen.

Andreplassen gjekk til May Britt Buer som nådde toppen med tida 1.24.58, medan 1.26.54 heldt til tredjeplass for Kirsten Marathon Melkevik.

Folkefest til fjells

Det var litt av ein gjeng som for oppover bakkane på fellesstart klokka 10.00, og før konkurranseklassen var det 1050 mosjonistar som gjekk fortel leiar for Skåla Opp, Erik Brendefur.


– Det har gått veldig fint. Vi har ikkje nøyaktig antall på deltakarar endå, men det er enormt mykje folk. Dei melde om fine forhold, eg har ikkje høyrt noko anna enn skryt av deltakarane, fortel Brendefur nøgd.

Etter premieutdelinga trassar sprekingane regnveret, då er det duka for ei grillfest i Loen.

– Det kjem nesten tusen personar til grillfesten her inne no. Det er like triveleg kvart år, så eg gler meg stort, seier Brendefur.


Sjå fleire resultat frå motbakkeløpet her

Sjå resten av løpet på NRK1 sundag klokka 20:15.