WTO prøver å leggje restriksjonar på kor mykje støtte kvart einskild land kan gje til landbruket. Bondelaget fryktar for retten til å produsere mat i fylket.
- Alle land bør ha rett til å sikre eigen matproduksjon, seier Elias Bolstad, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
U-landa tapar også
Bolstad trur ikkje eit vedtak frå WTO vil gjere høva betre for u-landa. Han trur u-landa vil tape på same måten som jordbruket i Sogn og Fjordane.
– Dei som tener på frihandel, er dei store eksportørane som USA og EU. U-landa blir utkonkurrerte, seier Bolstad.
Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer at vi bør importere mat frå fattige u-land i staden for frå USA og EU som vi kjøper det meste frå i dag.