Hopp til innhold

Her kjem sju meter lang, plystrande hand fram til Skjolden

Etter fire års arbeid kunne eit enormt monument over filosofen Ludwig Wittgenstein få sin plass nær staden han hadde hytte i Skjolden.

Wittgenstein-monument i Skjolden

PLYSTRAR OG SNAKKAR: Ved hjelp av innebygde høgtalarar kan munnhanda både snakke og plystre.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det er fire års jobb. No er den plassert, seier Marianne Bredesen fornøgd.

Ho har saman med to andre kunstnarar, Sebastian Kjølaas og Siri Hjorth, utvikla monumentet som i dag kom til på Vassbakken i Skjolden. Den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein oppheldt seg Skjolden i lange periodar.

– Han fekk bygd ei hytte her ved Eidsvatnet, kor han rømte litt vekk og kom for å få ro til å skrive og tenkje, fortel Bredesen.

Marianne Bredesen og Sebastian Kjølaas

KUNSTNARANE: Marianne Bredesen og Sebastian Kjølaas har saman med Siri Hjorth utvikla monumentet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Hytta hans i Skjolden skal setjast opp att i originalstand.

– At monumentet blir ein «teaser» opp til hytta vil eg absolutt tru, seier ho.

Av furu

Monumentet er ei sju meter lang «munnhand» som er laga av furu frå Nordmøre.

– Vi vil gi han eit monument som kanskje seier noko om måten han tenkte på og korleis han snakka om språk, seier Bredesen.

Dei tre kunstnarane har gjennom fire år fordjupa seg i tankane til Wittgenstein. Ved hjelp av innebygde høgtalarar kan munnhanda både snakke og plystre.

Wittgenstein-monument blir frakta til Skjolden

FRÅ DOVRE: Monumentet er laga i Dovre, og blei frakta til Skjolden derfrå.

Foto: Falkeblikk AS

– Kunsten er språk utan grammatikk, gjennom kunsten kan ein vise ting. Wittgenstein sa at det ein ikkje har språk for, må ein vise.

– Skapar meining

Kjølaas seier munnen og handa i lag dannar meining.

– Munnen bruker ein til å snakke med, handa til å skrive med. Saman skapar dei meining. Wittgenstein seier at språket først får meining når ein handlar med det, bruker det i kvardagen, seier han.

At handa kan plystre, har også si naturlege forklaring. Bredesen fortel at filosofen hadde rykte for å vere ein god plystrar.

– Han brukt mykje tid på fjellet for å kunne gå i eigne tankar. Og då plystra han. Så då valde vi å ha med det. Det eine sporet med plystring er basert på eit stykke av hans einarma bror, som var ein verdskjend pianist.

Har brukt hundrevis av timar

Før det kom til Skjolden, har monumentet teke ein lang veg frå Dovre. Monumentet er nemleg forma ut ved Hjerleid handverkssenter. Treskjerar Njål Andreassen har vore sentral i arbeidet.

– Eg trur eg har brukt cirka 350 til 400 timar på det. Det er kjekt å gjere nok som ikkje er gjort før, seier han.

Treskjerar Njål Andreassen

HUNDREVIS AV TIMAR: Treskjerar Njål Andreassen har brukt hundrevis av timar på monumentet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Nabo til monumentet, Kristin Lunde, meiner det vil smykke ut plassen det står på.

– Det blir veldig dekorativt. Og så er det ei meining med det, fordi det er Wittgenstein, seier ho.

Avdukinga skjer laurdag om ei veke. Bredesen håpar monumentet kan bidra til å gjere filosofien til Wittgenstein meir tilgjengeleg.

– Det er både litt humoristisk, men har også ein litt lettare innfallsvinkel til ganske tung filosofi. Det kan kanskje skape ei interesse hos folk, seier ho.