NRK Meny
Normal

Widerøe utvidar Florø-tilbodet

Frå 1. mai opnar Widerøe ei ny flyrute mellom Florø og Ålesund og utvidar tilbodet på fleire av dei eksisterande rutene.

Florø lufthamn

FLEIRE AVGANGAR: Widerøe gir folk i Florø-området betre flytilbod.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i selskapet seier at dei har fått fleire innspel, både frå Florø lufthamn, frå næringslivet i Flora og oljeselskapa.

– Det har vi valt å ta omsyn til, og difor har vi sett opp dette tilbodet. Vi håpar at marknaden tek godt imot det, og at folk nyttar seg av tilbodet. Vi har god tru på at det vil fungere.

Her er dei nye tilboda som gjeld frå 1. mai:

  • Ny rute Florø-Ålesund-Bergen på ettermiddag, alle dagar unnateke laurdag
  • Ekstra rute Bergen-Florø på ettermiddag, alle dagar unnateke laurdag
  • Ruta Florø-Kristiansund-Stavanger blir utvida frå to til fem dagar i veka
  • Ruta Florø-Molde blir utvida frå to til fem dagar i veka
  • Justering som gjer at laurdagsflyet frå og til Oslo korresponderer med båten til Måløy.
    Silje Brandvoll

    HAR GOD TRU: Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe.

    Foto: Ola Helness / NRK

– God prosess

Den 1. april i fjor vart Florø lufthamn kommersialisert. Etter det har trafikken gått ned, og det har vore sterk misnøye med rutetilbodet. No trur lufthamnsjef Siv Merete Stadheim at Widerøe har teke grep som kan auke trafikken og dempe misnøya.

– Widerøe har hatt ein god prosess, dei har snakka med politikarar og folk i næringslivet. Dette er eit ruteprogram som tek omsyn til lokale ynskje.

– Liten revolusjon

Ola Teigen

– SPENNANDE: Ordførar Ola Teigen (Ap).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Og ordførar Ola Teigen (Ap) seier han er positivt overraska.

– Widerøe har høyrt på innspela som har kome frå Flora og kjem med eit vesentleg betre ruteprogram. Dei skal ha all mogeleg skryt for det. Det er einskilde avgangar vi kunne tenkt oss litt annleis, men stort sett tek tilbodet til å bli bra.

Teigen seier det er spennande at Widerøe satsar så mykje på ruter sørover og nordover langs kysten.

– Der skjer det ein liten revolusjon ved at vi får daglege flygingar frå Stavanger i sør til Kristiansund i nord. Det er veldig positivt.

– Må få ned prisane

Bjørn Hollevik (H), som er mellom dei som har vore svært kritisk til det tilbodet Widerøe gir næringslivet i Florø, seier at han er nøgd med at selskapet no gjer noko med rutene.

– Det er bra at dei tek omsyn til våre innspel om rutetabellane. Det eg ikkje er nøgd med er at dei ikkje gjer noko med prisane. I fjor auka prisane med 70 prosent, og det kan vi rett og slett ikkje leve med.

Ordførar Teigen håpar også at Widerøe gjer noko med prisane.

– På rabatterte billettar har vi sett at Florø-billettane no er like rimelege som på naboflyplassane. Men fullflex-billettane heng etter. Widerøe har sagt at dei skal sjå på prisregimet framover, så eg håpar dei endrar på det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.