Hopp til innhold

Streik i Widerøe - 11.000 passasjerar blir råka

Meklinga i tariffoppgjeret mellom Widerøe og dei kabintilsette førte ikkje fram natt til onsdag.

Widerøe-fly

STREIK: Kring 400 avgangar og 11.000 passasjerar blir råka når dei kabintilsette i Widerøe går ut i streik onsdag.

Dermed er 312 kabintilsette i Widerøe i streik og alle fly blir sett på bakken.

Kongsteien

SKUFFA: Richard Kongsteien.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Meklar Merethe Smith hos riksmeklaren vedgjekk like før klokka 03 at det ikkje var mogelegheit å få semje mellom partane.

– Det er heilt uforståeleg for oss. Eg er sjokkert. Vi har tilbode eit oppgjer som sikrar dei tilsette mot endringar i vilkåra i pensjonen fram til 2017, og det har dei avvist, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe til NTB.

Ikkje høgare løn

Widerøe fraktar dagleg 11.000 passasjerar frå 42 flyplassar i Norge og Europa. Dagleg har dei kring 400 avgangar. Widerøes kabinforeining har ifølgje forhandlingsleiar i Parat, Lars Petter Larsen, ikkje sett fram krav om kortare arbeidstid eller høgare løn.

Lars-Petter Larsen og Kari Onarheim

STREIK: Frohandlingsleiar Lars Petter Larsen i Parat, saman med leiar i Widerøe kabinforeining, Kari Onarheim.

Foto: Parat

Derimot krev dei medavgjerd over eiga pensjonsordning, på lik line med pilotane i selskapet.

– Vi er den einaste fagforeininga for pilotar og kabintilsette i heile SAS-konsernet som ikkje har påverknad på pensjonsordninga vi er omfatta av. Widerøe-leiinga nektar oss forhandlingsrett på lik line med dei andre i same konsern, noko vi ikkje kan godta, seier Larsen til NTB.

Første streik på 20 år

Kongsteien meiner dei tilsette i Widerøe har den beste pensjonsavtalen, lågast pensjonsalder og kortaste arbeidstida blant dei kabintilsette i heile Europa. Han skildrar streiken som meiningslaus.

Det er kring 20 år sidan sist det var streik i flyselskapet.

– Det vi kan tilby dei no er hjelp til å booke om billetten til seinare avgang når konflikten er løyst eller refundere billettane. Ingen skal tape økonomisk på å ha kjøpt billett hos Widerøe. Utanom det kan vi diverre ikkje hjelpe. Dei som skal reise må skaffe seg alternativ transport, seier Kongsteien til NRK.no.

Ingen anna mogelegheit

Leiar i Widerøe kabinforeining, Kari Onarheim, seier at ho er skuffa over selskapet si manglande forhandlingsvilje.

– Krava i årets oppgjer tek omsyn til selskapet sin økonomi og konkurransekraft. Konflikten handlar ikkje om pengar, men om at selskapet ikkje tek oss på alvor og vi har ingen andre saksjonsmogelegheiter enn streik når arbeidsgjevar nektar å forhandle og berre avviser våre krav, seier ho til NTB.