NRK Meny

Widerøe må kutte drastisk

Widerøe må kutte 200 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv. Lønsemda gjekk ned då SAS selde seg ut i fjor haust. Ein stor del av nedgangen skuldast at selskapet i fjor laga ein ny pensjonsmodell for pilotar og kabintilsette. Dei nye eigarane med Torghatten og Fjord1 i spissen har kravd kostnadskutt på 200 millionar kroner. Fagforeiningane til pilotar og kabintilsette har godteke 40 millionar kroner i lønskutt.