– Dersom dei vel å ta den konkurransen, så trur vi at vi har det beste tilbodet. Dette er ikkje første gongen vi har konkurrert med DAT, seier kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Silje Brandvoll.
Torsdag vart det kjend at det danske flyselskapet DAT har lagt sitt tilbod på bordet. Kveldsavgangen som Widerøe fjerna, er mellom anna inne i dette tilbodet. I tillegg lovar dei lågare prisar, dersom næringslivet forpliktar seg.
- Les også:
Åtvarar mot DAT-monopol
Brandvoll i Widerøe meiner erfaring syner at sjølv om DAT vil tilby låge prisar i starten, så blir det ikkje det same når konkurransen er over. Ho seier også at danskane ikkje vil kunne gi den same tilknytinga til resten av verda.
– Det er viktig for oss at næringslivet er klar over kva dei mister med å knyte seg opp til DAT. Det er openbert at det ikkje er rom for to. I ein priskrig blir det nok mykje gode prisar i Florø, men på sikt kan dei risikere å få ein monopolsituasjon med heilt andre prisar, og der dei mister ei rekkje gode fordelar.
Leiar Bjørn Hollevik i Flora Industri- og næringsforening, som DAT-direktør Jesper Rungholm i går var i møte med, heiar derimot på DAT. Og fredag er danskane i møte med ulike bedrifter i regionen for å forhandle fram eventuelle avtalar.
– Det er næringslivet sjølv som no må avgjere framtida. Er dei ikkje lojale, så er vi tilbake til det prisregimet vi har hatt sidan 1. april, seier Hollevik.
– Kjem ikkje til å skru opp prisane
Adm. dir. Jesper Rungholm i DAT seier at dei har avtalar med SAS og Finnair om vidare tilknyting til andre reisemål.
– Det kan hende at Widerøe har litt fleire samarbeidspartnerar, men det er liten skilnad, og vi kan få bolk vidare til største delen av verda.
Til påstanden frå Widerøe om at DAT kjem til å skru opp prisane dersom dei blir åleine om å fly til Florø, seier Rungholm dette:
– Eg garanterer at det kjem vi ikkje til å gjere.
- Les også:
- Les også:
Går i dialog med næringslivet
Brandvoll i Widerøe vil førebels ikkje seie noko om dei vil endre tilbod og prisar viss DAT etablerer seg.
– No skal vi vente og sjå, og så skal vi gå i dialog med næringslivet så vi er heilt sikker på at dei samanliknar eple med eple.
– Trur de at de vil vinne ein konkurranse med DAT?
– Sjølvsagt. Elles hadde vi ikkje drive med dette. Vi har konkurrert med DAT tidlegare.