NRK Meny

Widerøe kan få konkurranse

Leitinga etter ein mogleg konkurrent til Widerøe på Florø-rutene kan vere i ferd med å gi resultat. Fredag i neste veke kjem representantar for eit flyselskap til Florø for å ha samtalar med næringslivet i regionen. Det stadfestar leiaren i Florø Industriforening, Bjørn Hollevik, overfor Firda. Samferdsledepartementet har bestemt at flyrutene på Florø lufthamn skal kommersialiserast og flygast utan statleg tilskot frå 1. april.