NRK Meny
Normal

Knuste løyperekorden med over fem minutt

Langrennsløpar Heidi Weng knuste løyperekorden under motbakkeløpet Storehesten Opp, og meiner løpet kan gi viktig lærdom fram mot langrennssesongen.

Heidi Weng på veg opp Storehesten under motbakkeløpet 2014

FOTO: Per Ivar Birkeland. VIDEO: Tone Merete Lillesvangstu.

Med tida 1.11.52 knuste Weng den gamle løyperekorden på 1.17.14. Den løyperekorden var sette ho sjølv i 2011. Ho vart faktisk nummer fire i herreklassen.

– Det gjekk utruleg lett i dag. Eg har aldri kome så høgt opp i herreklassen. Eg er svært overraska over forma, seier Weng til NRK.

Lenger nede kan du sjå fleire bilete av Weng, og kanskje deg sjølv?

– Det fysiske er i orden

Weng, som har individuell VM-medalje i langrenn og stafettmedaljar frå både VM og OL, uttalte til NRK for nokre veker sidan at ho har vore misnøgd med utviklinga det siste året.

Til tass for sterke resultat, meiner langrennsesset at ho ikkje har tatt det siste steget for å konkurrere med Bjørgen og Johaug.

– Det er ikkje at resultata var veldig dårlege sist vinter, men eg sakna det å vere med i teten. Dei to sesongane før klarte eg å halde betre følge i mange fleire løp, seier Weng etter motbakkeløpet.

Dagens resultat tyder på god form etter starten på sesongoppkøyringa.

– Ja, det fysiske er i orden. Motbakkeløp er noko anna enn ski. Du må vere meir forsiktig i motbakkeløp, for går du på ein smell er det umogleg å hente deg inn att. Det har kanskje vore problemet mitt i motbakkeløp, at eg vert for forsiktig, seier ho.

– Kanskje eg skal tore meir

Heidi Weng

TØRRE MEIR: Laurdag held Heidi Weng følge med dei beste i herreklassen, og vart nummer fire i herreklassen!

Foto: Per Ivar Birkeland

Men laurdag heldt ho følge med ein av dei beste motbakkeløparane i landet, Sindre Hoff, oppover fjellsida. Og på slutten sprang ho frå han.

– Eg bestemte meg tidleg for at eg skulle følge han guten, og tenkte: no skal eg jammen med vere med. Eg kjente eg var heilt på grensa.

Weng seier fleire ting spelar inn i langrenn; teknikk er openbart mykje viktigare og meir avgjerande i langrenn.

Likevel trur ho det er noko å lære frå laurdagens rekordløp, som ho kan ta med seg inn mot langrennssesongen i vinter.

– Kanskje eg skal tore meir og vere meir på grensa, for å klare å følge dei beste heile vegen.

Weng «braut» timesgrensa

I herreklassen var det knytt store forventningar til tyrkiske Ahmet Arslan, som har vorte europameister kvart år sidan 2007. Noverande løyperekord er på 1.03.15, og mange har spekulert i om Arslan kunne bryte timesgrensa. Det gjorde han slett ikkje. Han vann herreklassen, men kom i mål på tida 1.06.22.

Til avisa Firda sa Aslan etter løpet at han tok det litt med ro då han skjønte at han ikkje kunne ta rekorden, og at han også fall mot slutten av løpet.

Ei motbakkedronning som derimot braut timesgrensa, var Heidi Weng. Dermed vann ho 175.000 kroner. Den store jackpoten skulle gå til ein herreløpar som kom under timen eller ei kvinne som kom under 1.13, noko som tilsvara under timen i herreklassen.

– Dei grensene er rekna ut av folk på idrettshøgskulen, basert på fysiologiske skilnader mellom kjønna. Så under 1.12 er rett og slett heilt fantastisk, seier løpsleiar Helge Kårstad til NRK.

Weng sjølv, hadde ikkje venta ei så god tid.

– Eg er veldig overraska over tida. Så mykje betre enn persen hadde eg ikkje venta i det heile tatt. Faktisk kjem eg nett frå ei treningssamling på Hemsedal, der vi hadde turar på tre timar kvar dag, og mykje intervalltrening. Eg hadde forventa tunge bein, men det vart heilt motsett.

(Artikkelen held fram med biletgalleri lenger nede)

Ahmet Arslan på veg opp Storehesten under motbakkeløpet 2014

FOTO: Per Ivar Birkeland. VIDEO: Tone Merete Lillesvangstu.

Ny deltakarrekord

Motbakkeløpet Storehesten Opp vart arrangert for første gong i 2006. Arrangementet skjer i samarbeid mellom Gaular Idrettslag, grunneigarar, kommunen, organisasjonar og frivillige.

Løpet har både konkurranse- og mosjonsklasse.

Heidi Weng

OVERRASKA: Weng trudde på tunge bein, men fekk lette bein, løyperekord og 175.000 kroner.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– I år var vi rundt 1000 deltakarar, og det er der målet vårt ligg. Økonomisk vert dette eit veldig godt resultat for Gaular idrettslag, seier løpsleiar Kårstad.

Enno meir nøgd er han med forholda og stemninga.

– Det har aldri vore så gode forhold, og stemninga på toppen var heilt fantastisk. Det har knapt vore så mykje folk på toppen, situasjonen var unik.

SJÅ BILETA FRÅ STOREHESTEN OPP:

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.