Hopp til innhold

Wara: – Ingen lovheimel gjev grunnlag for narkosøk på elevar

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) slår fast at politiet ikkje kan bruke narkohundar mot elevar utan særleg mistanke.

Narkohunden Odin

IKKJE LOV: Politiet kan bruke narkotikahundar på skulens område, men ikkje mot elevar utan at dei har kvalifisert mistanke, seier justisministeren.

Foto: Marita Aarekol / Bergens Tidende

I samband med det som skulle vere eit informasjonsmøte om narkotika ved Flora vidaregåande skule, vart to elevar arresterte etter at narkohundane hadde markert på dei.

– Politiet kan ikkje bruke politihundar i narkosøk mot enkeltelevar og deira eigedelar utan kvalifisert mistanke, skriv justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) i eit brev til stortingsrepresentant Carl Erik Grimstad, helsepolitisk talsperson i Venstre.

Wara meiner likevel at hundar kan brukast på skulen sitt område med samtykke frå skulen.

Meiner svaret er tydeleg

– Det er ulovleg. Så enkelt er det, seier Grimstad.

Han sende eit skriftleg spørsmål til justisministeren, der han spør om politiet har heimel til å bruke hund ved undersøkingar av elevar eller skuleområdet utan mistanke om straffbare forhold.

Det har ikkje vore mogleg å få ein kommentar frå Wara, fordi han er på reise. Men Grimstad meiner svaret frå justisministeren er glasklart.

– Dette er ein uheimla aksjon frå politiets side. Det er ikkje anledning til å gå inn på elevar sine private eigedelar og eigedom til å undersøke med hundar eller annan måte. Det må eit heimelsgrunnlag til.

Carl-Erik Grimstad

KLART SVAR: Carl Erik Grimstad les svaret frå justisminister Wara som at narkotikaaksjonen på Flora var ulovleg.

Foto: Inger-Marit Knap Sæby / NRK

Les svaret annleis

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, les svaret annleis.

– Justisministeren er klar i svaret på at dersom ein søker i fellesareal etter godkjenning frå skuleleiing, og ikkje mot person eller eigedelar til person, er det heilt innanfor regelverket. Det er slik vi planla og gjennomførte den førebyggjande dagen i Flora.

– Hundar markerte på elevar – er ikkje det søk på person?

– Nei, dette var nokså tilfeldig. Det var ingen søk som var verken planlagt eller gjennomført mot person. Som sagt, eleven kom gåande på fellesareal. Hunden gjorde utslag utan at det var aktivt søk.

Feil føresetnad

Politisjefen meiner Grimstad legg feil føresetnad til grunn.

– Det er vesentleg at det ikkje var aktive søk, men dei flinke politihundane får teften av noko sjølv om ein ikkje søkjer – og det fører til eit utslag.

Johannessen meiner saka likevel har illustrert eit vanskeleg dilemma, både juridisk og etisk.

– Vi vil ha eit mykje klarare skilje i framtida. Difor har eg sendt eit klart signal til medarbeidarane mine om å ikkje bruke hund på den måten framover, sjølv om eg meiner det er innanfor regelverket.

Arne Johannesen, politileiar i Sogn og Fjordane

INNANFOR LOVA: Politisjef Arne Johannessen meiner aksjonen var innanfor lova, men at det også ha reist etiske og juridiske spørsmål.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eit helsepolitisk problem

Grimstad håpar andre skular merker seg hendinga i Flora, slik at ikkje liknande aksjonar skjer igjen.

– Eg synest det er greitt at andre delar av landet og andre skuleeigarar får vite at slike aksjonar skal vi ikkje ha noko av.

Han meiner narkotikaproblemet må løysast utan at politiet grip inn med hundar på skulane.

– Dette er eit helsepolitisk problem. Vi kan ikkje ha nok av at 14-åringar bruker cannabis og tek det med inn på skulen, men det må betraktast frå ein annan synsvinkel enn at politiet kjem inn. Dette er ei helseutfordring.