Hopp til innhold

Waltrip redda dagen for Sogndal

Brian Waltrip var best i ein dårleg fotballkamp. Tre mål berga dagen for Sogndal, og sendte Kongsvinger heim som taparar.

Brian Waltrip
Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var ikkje amerikanaren sin beste kamp i Sogndal-trøye, men likevel vinn han kåringa av den beste på bana med fleire hestelengder.

Waltrip skapte det aller meste som Sogndal skapte framover, og var sist på alle tre måla. To av det litt enkle slaget, det siste av høg klasse.

Keeperflause

1-0 til Sogndal kom etter ein kjempetabbe av Kongsvinger si målvakt Conny Månsson. Frisparket frå Brian Waltrip var ikkje meint som ei avslutning, men det vart det. Ingen av spelarane i feltet nådde fram, og slutt spratt ballen forbi målvakta som tilsynelatande hadde full kontroll. Ingen på Fosshaugane forstod vel eigentleg at det var mål før noko tok til å røre seg bak Månsson.

Straffe

Etter ti minutt av 2. omgang var Waltrip frampå igjen. På klassisk maner skar han inn i feltet, men vart meia ned og fekk eit soleklart straffespark. Det tok han sjølv, og plasserte keeper i det eine hjørnet og ballen i det andre.

Først like før slutt viste han litt av registeret sitt. Denne gongen fekk han skjera inn i feltet utan å bli felt. Skotet var hardt, skrudd og såvidt utanfor keeper si rekkevidde.