Hopp til innhold

Wahlquist på rekruttlandslaget

Hege Bakken Wahlquist er teken ut på samling med rekruttlandslaget i handball i slutten av november. 27-åringen frå Årdal har fått ein god sesongstart med danske Silkeborg-Voel. I går scora Wahlquist fem mål då dei tapte 26–30 mot serieleiar Esbjerg.

Hege Bakken Wahlquist
Foto: Silkeborg-Voel