NRK Meny

Wahlquist på årets lag

Handballspelaren Hege Bakken Wahlquist frå Årdal er kåra til årets venstre kantspelar i Noreg, skriv nettavisa Porten.no. – Dette var skikkeleg moro og eg blei overraska, seier ho til avisa. Det er spelarane sjølv som kårar og tar ut laget. Wahlquist spelar til vanleg på Glassverket og kan sjå tilbake på to gode sesongar. Neste sesong skal ho spele for Team Tvis Holstebro i Danmark.

Hege Bakken Wahlquist
Foto: Peter Tubaas