Hopp til innhold

– Vi kunne ha vore på plass med tjue mann på eit kvarter

Politiet brukte over ein time før dei kunne arrestere knivdesperadoen i Bremanger sist søndag. Med statlege øvingspengar kunne lokale brannfolk gjort den jobben på få minutt, meiner brannsjefen.

Mann knuste seg inn i sjøbu i Kalvåg

KNUSTE SEG INN: Sunnfjordingen i 30-åra oppførte seg krakilsk og knuste denne verandadøra med berre knyttnevane.

Foto: Privat

Søndag morgon byrja telefonane å kome til politiet sin operasjonssentral i Bergen. Ein rusa og krakilsk mann hadde knust ei dør og trua folk med kniv i Kalvåg i Bremanger.

Først etter ein god time var væpna politifolk på plass og kunne arrestere mannen. Samstundes blei det vurdert om det lokale brannvesenet i bygda kunne rykke ut.

Brannfolk som seinast i fjor øvde saman med politiet på pågåande livstrugande hendingar.

Kunne ha stilt med mange folk

– Det blei vurdert av operasjonsleiar om brannfolka skulle rykke ut. Det meinte operasjonsleiar at ikkje var naudsynt, seier tenestestadsleiar for politiet i Florø, Wenke Hope.

I Florø sat brannsjef for Flora og Bremanger, Robert Endestad, lukkeleg uvitande om dramaet som skjedde Kalvåg. I dag er han tydeleg på at lokalt brannvesen både vil og skal vere ein viktig ressurs for politiet.

– Vi kunne ha vore på plass med tjue mann på eit kvarter, seier brannsjef i Flora og Bremanger, Robert Endestad til NRK.

Vil ha meir statlege midlar

Dei siste åra har tusenvis av norske brannfolk fått opplæring i å hjelpe politiet i situasjonar med pågåande livstruande vald, såkalla PLIVO-aksjonar.

Men med tronge kommunebudsjett blir det vanskeleg å få sett av nok tid og pengar til å halde beredskapsnivået høgt nok oppe for brannvesenet, meiner brannsjefen.

– Eg tenker jo at brannvesenet er rundt om i alle kommunar og er ein kjempebra beredskap for innbyggjarane våre. Då burde det følgd med statlege midlar slik at vi kunne øvd og utdanna folk. Slik kunne vi hjelpt til meir og vore ein skikkeleg ressurs for politiet i slike situasjonar.

Udramatisk arrestasjon

No gjekk det til alt hell bra under politiaksjonen søndag morgon. Då dei væpna politifolka kom fram, låg gjerningsmannen og sov.

– Han blei arrestert utan dramatikk og utan at han fekk påført nokon store skadar. Det gjekk litt over ein time frå vi fekk melding om bruk av kniv til vi fekk pågripe mannen, seier Wenke Hope.

Mannen i trettiåra blei måndag fengsla i to veker med brev- og besøkskontroll, sikta for forsøk på grov vald.

Robert Endestad

VIL HA PENGAR: Brannsjef i Flora og Bremanger, Robert Endestad, meiner staten må kome på bana for å sikre at brannfolk kan bli enda betre til å hjelpe i politiet i alvorlege situasjonar.

Foto: Alf Vidar Snæland