Vurderte å leggje opp – no er ho klar for å kjempe om edelt metall

For berre halvanna år sidan vurderte Stine Hovland (28) å gje seg heilt med fotballen. No er ho klar for sitt første verdsmeisterskap.

Stine Hovland fra Sandviken IL ble tatt ut til fotball-VM i Frankrike

VM I FRANKRIKE: Stine Hovland frå Vadheim er med i VM-troppen til Noreg.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Dette er veldig spennande og ei stor oppleving. Eg har aldri vore med i eit meisterskap. Å få vere med Noreg i eit VM er veldig stort, seier Hovland.

Vegen til eit verdsmeisterskap i fotball er ofte lang. Blant dei som har hatt ein ekstra lang veg å gå er Sandviken-stopparen. Kombinasjonen mellom toppseriefotball og fulltidsjobb vart for tung.

– Eg hadde nådd ei punkt der eg ikkje følte eg presterte så godt som eg kunne. Eg følte eg ikkje hadde utvikla meg, og det var tidskrevjande å drive med fotball i tillegg til å jobbe 100 prosent. Det blei nesten meir ork enn glede.

Men etter gode råd frå ein ny trenar, snudde det.

– Han sa eg hadde meir å gå på og kunne hjelpe meg vidare. Det var motiverande, og eg kunne ikkje gi meg.

Må knipe seg i armen

Knapt eit år seinare fekk ho beskjeden om at ho hadde vorte teken ut til landslagssamling for første gong, i ein alder av 27 år.

– Det var ufatteleg stort, og eg må ofte knipe meg i armen for å forstå at det har skjedd. Hadde nokon sagt dette til meg for nokre år sidan, hadde eg ikkje trudd det gjekk an. Men det viser at ein må stå på, kjempe og ha det kjekt.

No gler ho seg til å vere med i eit meisterskap for første gong. I kveld skal Noreg spele mot Nigeria i gruppespelet.

– Målet mitt er å prestere best mogleg. Eg er veldig nøgd med i vere med i troppen, så får me sjå om det endar med speletid.

– Og målet for Noreg er medalje?

– Ja, det er det.

Stolte foreldre

Foreldra til Stine, Bente og Oddvin, reiser nedover til Frankrike i dag. Frå før har dei vorte vande med å følgje storebror Even med flagget på brystet. No er det veslesøster Stine som gjeld.

– Det er veldig kjekt at ho har vorte teken når ho har stått på i så mange år. Det viser berre at ein kan lukkast berre ein ikkje gjer seg.

– Korleis er nervane?

– Dette vert spanande og stort. Me veit ikkje om ho får starte, men det er utruleg stort at ho får vere med i VM-troppen.

Dei rekk ikkje første kampen mot Nigeria seinare i dag, men når Noreg møter vertslandet Frankrike, er dei på plass.

– Me skal berre sjå kampen mot Frankrike, men visst dei kjem lenger ser eg ikkje vekk frå at me må ta ein tur ned att.

Thorsnes er imponert

VM kvalifisering fotball damer Norge - Slovakia (6-1)

PÅ PLASS: Elise Thorsnes som til vanleg spelar i LSK Kvinner, gler seg til meisterskapen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Stine Hovland er ikkje den einaste frå Sogn og Fjordane som er med i VM-troppen. Elise Thorsnes som er frå Leikanger, er mellom dei meir rutinerte spelarane i meisterskapstroppen. Ho tykkjer det er godt å ha med Hovland i troppen, av fleire grunnar.

– Ho er ei eg pratar mykje med på samling, og det er kjekt å ha ho her. Og det er imponerande det ho har prestert dei siste åra.

Thorsnes som er klar for sitt sjuande meisterskap, er ikkje redd for at Hovland ikkje skal takle presset som følgjer med.

– Så langt har ho klart eg seg veldig godt. Men treng ho nokon å støtte seg på, er eg sjølvsagt her.

Også Thorsnes får besøk av familien. Pappa Thore seier dei skal sjå kampen mot Frankrike på onsdag.

– Men me kjem sjølvsagt ned igjen om dei kjem vidare frå gruppespelet, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Kampane til Noreg i gruppespelet: