NRK Meny
Normal

Vurderer vekst ved Vik-fengselet

Arkivfoto © NRK

Justisdepartementet vil i haust ta stilling til om dei skal ruste opp ein paviljong ved fengselet i Vik for å gje åtte nye soningsplassar.

Av:

Eldgrim Fossheim

/

Roy Raasholm Fauske

/

Jostein Nyfløtt

/

Det skriv justisministeren i eit brev til Arbeidarpartiet på Stortinget.

Arbeidarpartiet meiner ei opprusting for 130 000 kroner er alt som trengst. No ber dei departementet ta i bruk paviljongen ved fengselet i Vik for å redusere soningskøane ved norske fengsel.

Nybygg

Justisminister Odd Einar Dørum var tidlegare i år i Vik og lova 8 millionar kroner til nytt fengselsbygg som skal stå ferdig neste år. Men dette vil i utgangspunktet ikkje gje fleire soningsplassar fordi gamlebygget ikkje skal nyttast meir.

Brakke

Men i dag er det lange soningskøar ved norske fengsel, og arbeidarpartipolitikar Knut Storberget har spurt justisministeren om han vil syte for at fengselet kan utvide med åtte soningsplassar i ei brakke fengselet har fått tak i.

Foto Stein Magne Os NRK

For å få dette til må brakka rustast opp for 130.000 kroner. I tillegg kjem ekstra driftsutgifter på kring tre millionar kroner i året. Justisministeren meiner opprustinga vil koste meir, og har svara Storberget med at dei i samband med statsbudsjettet til hausten vil kome tilbake til ei samla vurdering av kapasiteten i norske fengsel og ei eventuell utviding i Vik.

Skuffa

Tillitsvald i fengsels- og friomsorgsforbundet, Roy Egil Stadheim, er skuffa over at Dørum ikkje alt no vil gi dei klarsignal til å setje i gang utvidinga. Han meiner òg at statsråden overdriv kostnaden.

Brakka som fengselet har fått tak i, står tom i dag. Stadheim fortel at den på enkelt vis kan rustast opp til åtte soningsplassar for personar med korte dommar for mindre brotsverk. Sjølv om justisministeren ikkje vil løyve pengar no, håpar Stadheim likevel at pengane kjem til hausten.

Vik fengsel har i dag 14 soningsplassar og 13 tilsette. Stadheim meiner ei utviding til 22 soningsplassar vil vere med å trygge framtida til fengselet og gje to nye personar arbeid.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser