Spesialkonsulent i Sogn Regionråd, Alf Olsen jr., seier han og dei andre i regionrådet er svært skuffa over det som kom ut av føretaksmøtet i går. Dei meiner helseministeren burde ha gjort om vedtaket til Helse Vest om å leggje ned fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus. No vurderer dei å gå til søksmål mot staten.
Helseminister Dagfinn Høybråten gjorde ikkje om vedtaket til Helse Vest i går.
Etterlyser konsekvensutgreiing
Bakgrunnen for at eit søksmål kom på tale, er ei juridisk utgreiing som advokatfirmaet Lindh Stabell Horten har gjort for Sogn Regionråd. Advokat Halfdan Mellbye konkluderte nemleg med at vedtaket Helse Førde gjorde om å avvikle fødeavdelinga i Lærdal, var ugyldig. Grunngjevinga er at det ikkje vart gjort konsekvensutgreiingar av vedtaka som Helse Førde og Helse Vest fatta. På bakgrunn av dette hevda Mellbye at helsedepartementet var forplikta til å gjere om vedtaket.
Reellt alternativ
I går gjorde altså ikkje helseministeren om Helse Vest sitt vedtak. Og Alf Olsen jr. i Sogn Regionråd seier søksmål no er eit heilt reellt alternativ.