Hopp til innhold

Vurderer søksmål mot Helse Førde

Sjukehusaksjonen i Nordfjord vurderer søksmål mot Helse Førde dersom helsføretaket nektar privat sjukehusdrift ved Nordfjord sjukehus.

Nordfjord sjukehus

VIL PRIVATISERE: Sjukehusaksjonen vil ha privat drift ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette kjem fram i eit brev frå advokatfirmaet Harries til Helse- og omsorgsdepartementet. Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde er provosert.

– Vi jobber for å utvikle eit betre lokalsjukehustilbod på Nordfjordeid. Då blir det veldig spesielt at dei raslar med sablane.

Klart nei frå ministeren

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde.

PROVOSERT: Administrerande direktør Jon Bolstad likar ikkje utspelet frå Nordfjordaksjonen.

Foto: NRK

Sentralt i advokatfirmaet Harries si vurdering er gåvebrevet frå 1950, der den private Singer-stiftinga gav Nordfjord sjukehus til det offentlege, men føresetnaden for å gjere dette var at ei ideell stifting skulle få overta drifta av sjukehuset dersom det blir lagt ned av det offentlege.

Helseministeren har tidlegare sagt klart nei privat sjukehusdrift i Nordfjord, og i brevet til Helse - og omsorgsdepartementet skriv advokatfirmaet no at stemning eller andre at rettslege steg er under vurdering.

– Får eit betre tilbod

Bolstad er oppgitt over sjukehusaksjonen.

– Eg er rimeleg sikker på at tilbodet vi skal utvikle, vil bli mykje betre for faktisk fleire av dei som soknar til Nordfjord lokalsjukehus-området.

Kombinasjon av offentleg og privat drift

Ingen frå Sjukehusaksjonen eller frå advokatfirmet Harries vil kommentere saka, men i eit brev frå Harris til Helse Vest går det fram at sjukehusaksjonen legg opp ein kombinasjon mellom offentleg og privat drift ved Nordfjord sjukehus.

Den private delen representert ved Lovisenberg Diakonale sykehus skal ta seg av den ortopediske verksemda, medan Helse Førde skal ta seg av resten. Modellen vil medføre at føresetnedene i gåvebrevet blir oppfylt, og det vil bli ein vinn-vinn-situasjon for både det offentlege helsevesenet og den private institusjonen, heiter det.

– Eit betre samla tilbod

Dette er ikkje administrerande direktør Jon Bolstad samd i.

– Eg trur at vi er flinkare til å organisere helsetenestene i Sogn og Fjordane enn advokatfirmaet Harris.

– Så du meiner at det ortopediske tilbodet i Nordfjord blir betre ved å leggje det ned?

– Eg seier at det blir betre samla helsetilbod i Nordfjord, det er ikkje snakk om å leggje ned noko sjukehus.