Easy Connect Gloppen har ikkje fått fornya avtalen om nummeropplysning med morselskapet, og har no sagt opp alle tilsette. I tillegg til dei 20 tilsette som no har fått oppseiingsvarsel, har tretten andre allereie vore nøydde å forlate selskapet.
Konkurs i oktober
Etter konkursen av Easy Connect Gloppen i oktober tok Gloppen Utvikling over drifta. Dei har hatt ein førebels avtale om nummeropplysning med Easy Connect i Bergen. Denne avtalen vert no sagt opp og alle dei tilsette mister arbeidet.
Telefonsal
Easy Connect har hatt til saman fem dotterselskap. Berre dei to i Ulvik og Vaksdal får leve vidare. Håpet er no å kunne satse på nytt med telefonsal, og at nokre av dei tilsette som no misser jobben kan halde fram der. Kor mange det er snakk om, er førebels usikkert.