Hopp til innhold

Politidirektoratet: – Vil sjå på organiseringa av barnehus

Omsynet til at barn må reise timevis for å bli avhøyrde i valds- og overgrepssaker vil bli vurdert i ei ny organiseringa av barnehusa.

Statens barnehus Ålesund

BARNA MÅ REISE: Ved Statens barnehus i Ålesund blir barn frå Sogn og Fjordane avhøyrde i valds- og overgrepssaker.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Vi vil starte ei utgreiing for å sjå på alternative modellar for organisering av Barnehusa, som kan gi eit betre tilbod ute i distrikta, seier leiar for seksjonen for kriminalitetsbekjempelse i Politidirektoratet, Astrid Borge.

Ho understrekar at omsynet til barna med reising vil vere viktig når ein vurderer organiseringa av barnehus.

– Då kan ein satellitt vere ein alternativ organiseringsmodell, seier Borge.

Astrid Birgitte Borge

VIL VURDERE: Astrid Borge i Politidirektoratet vil sjå på organiseringa av dagens barnehus.

Foto: Kjetil Grude Flekkøy

Stort engasjement for barnehus

Det er etter fleire initiativ at Politidirektoratet no vil sjå på kva slags modell Barnehusa skal jobbe etter. Tidlegare har rådmannsutvalet engasjert seg i kravet om å få eit barnehus til fylket. Men også nyleg avgått politimeister Ronny Iden har brukt sine siste månadar i sitt virke til å engasjert seg i saka.

– Vi tar dette initiativet opp mot Politidirektoratet. Det blir eit av dei siste tinga eg gjer som politimeister, å sende det brevet, seier Iden. Ved nyttår gjekk han av som politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt.

I politidistriktet er det registrert ei auke i talet på barn som reise ut av fylket for å bli avhøyrde i Bergen eller Ålesund, i tilrettelagde omgjevnadar, såkalla barnehus. 75 barn var involverte i overgreps- eller valdssaker i fjor, mot 50 året før.

– Dei vaksne må reise, ikkje barna

Iden meiner at ein satellitt av barnehusa i Sogn og Fjordane vil vere ei løysing.

– Vi må i alle fall sette oss i ein posisjon slik at barna slepp å ta den lange reisa til Bergen. Det ser vi mange minus med for å seie det mildt. Vi vil ha fasilitetar i fylket der vaksne reiser, og ikkje barna, seier Iden.

Koordinator for familievald og overgrep i Sogn og Fjordane, Linda Aamelfot, er godt kjend med dei trauma barna har opplevd.

Linda Åmelfot

VIL VERE BRA: Linda Aamelfot som er koordinator for familievald og overgrep i Sogn og Fjordane meiner eit barnehus i Sogn og Fjordane vil vere bra for borna.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vald er hovudsakleg utgjer 2/3 av sakene, medan seksuelle overgrep er den andre delen, seier ho.

Fleire melder frå om saker

Auken i saker skuldast hovudsakleg ei lovendring. Politiet kan avhøyre barn utan å sikte foreldra fyrst. Aamelfot meiner lovendringa styrkar barna sitt rettsvern og trur auken vil halde fram i 2016.

– Vi opplever at fleire barnevern kjem på bana og melder saker. Eg håpar terskelen er lågare for å undersøke korleis barn har det. Ikkje berre at vi snakkar med dei vaksne om korleis dei opplever at barna har det, for då kan vi vere med på å dekke over korleis det er, i staden for å avdekke, seier Aamelfot.

I direktoratet har engasjementet rundt barnehusa blitt lagt merke til.

– Vi har høyrt ulike signal at dette med reiseveg kan vere utfordrande. Det er også andre utfordringar til modellen med sentraliserte barnehus, seier Astrid Borge.

Ressurskrevjande i dag

I tillegg til belastninga for barna, er det knytt store ressursar opp til kvar reise til Bergen eller Ålesund. 6 til 8 vaksne, som følgje til barnet, bistandsadvokat, personar frå påtalemakta, barnevern og etterforskinga brukar timar i bil.

– Dette med ressursbruken til politiet vil vere eitt moment. Men det viktigaste er omsynet til og belastninga det enkelte barn opplever ved å oppsøke barnehuset der dei er lokaliserte i dag.