Vurderer prøvespelar vidare

Den tidlegare landslagsspelaren Isaac Vorsah (28) frå Ghana trena med Sogndal førre veke. No vurderer klubben om dei skal utvida treningsopphaldet, og ta han med til Spania på treningsleir. – Vi må ta ei vurdering på hans fysiske form og bestemmer oss seinare i veka, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke. Vorsah har 40 landskampar for Ghana, men har slite med skadar dei siste fire sesongane.