Hopp til innhold

Vurderer ny leiting etter sakna

I løpet av morgontimane vurderer politiet å starte nye søk etter ein 28 gammal mann frå Sunnfjord som er sakna i Bergen. Det seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt. I går kveld var store mannskap ute og leita utan å finne spor etter den sakna. 28-åringen vart sist sett i Bergen sentrum natt til søndag. Den sakna er omlag 180 centimer høg og omlag 60 kilo. Han har mørkt kort hår og briller. Han hadde på seg mørk frakk, kvit skjorte og grå bukser då han forsvann.