Støttegruppa har skaffa 30.000 kroner til sakskostnadar, men treng 220.000 kroner for å kome vidare til lagmannsretten. - Om det ikkje blir nok pengar, vil vi kanskje be banken om hjelp, seier Jorunn Merete Eide-Haukås i støttegruppa.
Treng 220.000 kr
Etter nederlaget i Oslo tingrett vart Belik-systrene i Aurland dømde til å betale 50.000 kroner i sakskostnadar. Med andre utgifter frå tingrettssaka og vidare kostnadar til lagmannsrettssak vert summen kring 220.000 kroner.
Sterk støtte til Tatjana og Olga Belik. Arkivfoto NRK
Vik ikkje gi opp
Det var på eit møte i Flåm måndag støttegruppa saman med advokaten og mor til systrene avgjorde at saka må førast vidare. Dei vil prøve å hindre at jentene på 16 og 18 år vert sende attende til Moldova med fare for tvangsprostitusjon der.
Vidare pengeinnsamling er alt i gang, og politiske parti skal også støtte aksjonen.