NRK Meny
Normal

Vurderer kjemikaliar mot oljesøl

StatoilHydro vurderer å bruke kjemikaliar for å løyse opp oljesølet.

Normalt sett er oljevernutstyr effektivt opp til fire meters bølgjehøgde. Onsdag ettermiddag er bølgjehøgda i Nordsjøen i grenseland for om utstyret vil fungere effektivt.

Derfor vurderer StatoilHydro no om dei skal bruke kjemikaliar som løyser opp olja, skriv Aftenbladet. Dette må selskapet søke SFT om.

Blanda ut

Kai Nielsen

Kai Nielsen

Foto: Øyvind Hagen / StatoilHydro / Øyvind Hagen

I det været som no er på Statfjord, med vindstyrke på omkring 45 knop, og bølgjehøgder på opptil sju meter, blir oljen i alle høve blanda godt ut i sjøen.

– Dette er lettolje, og det vil være ein god del fordamping som gjør at olja blir blanda ut ganske mykje, seier Kai Nielsen, pressekontakt i StatoilHydro til avisa.

Forskar Magnar Reistad ved Meteorologisk Institutt i Bergen seier at rundt ein tredel av olja som i dag lekte ut vil være fordampa i løpet av 10 timar.

- Vêrmeldinga for det næraste døgnet kan bety at 40 prosent av oljen vil fordampe før den når inn til kystrømmen, seier han.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.