Hopp til innhold

Venn av drapssikta kan bli etterlyst

Den trippeldrapssikta sørsudanaren hadde éin venn på mottaket i Årdal. Mannen vart send ut av Norge same dag som drapa skjedde, og kan no bli etterlyst gjennom Interpol.

Valdresekspressen, der tre personar vart drepne på veg mellom Årdal-Tyin

TRIPPELDRAP: Sjåføren og to passasjerar på Valdresekspressen vart drepne måndag. No vil politiet snakke med den einaste vennen drapssikta hadde på mottaket i Årdal.

Foto: Øyvind Bye Skille

Regionlensmann Åge Løseth i Sogn stadfestar ovanfor VG.no at politiet vurderer å bruke alle tilgjengelege kanalar for å få tak i han.

– Vi vil gjerne snakke med han, seier Løseth til nettavisa.

Mange lause trådar

Det er mange lause trådar etter at bussjåføren og to passasjerar vart drepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal til Oslo måndag. Ein 30 år gamal mann frå Sør-Sudan er sikta for drapa, og vart i går varetektsfengsla i fire veker.

Politiet jobbar no intenst med å finne ut meir om kva som skjedde. Den sikta mannen er framleis ikkje avhøyrd.

Ved hjelp av avhøyr, kriminaltekniske undersøkingar og data- og telespor håpar politiet at dei kan kaste lys over dei dramatiske minutta på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Skulle sendast ut av landet

Sørsudanesaren skal ha hatt lite kontakt med dei han budde med på mottaket i Årdal, og den eine personen han var mykje saman med vart send ut same morgon som drapa skjedde, skreiv BT.no torsdag.

Dette kan ha vore eit førevarsel for den trippeldrapssikta.

Han hadde fått avslag på opphald i Norge, men regionleiaren i Hero har tidlegare avvist at nokon av dei tilsette på mottaket kan ha informert den drapssikta om at han skulle sendast ut av landet tysdag, dagen etter drapa skjedde.

Vil snakke med utsendt venn

Politiet vil førebels ikkje gå inn på kva som har kome fram i avhøyr med mellom anna bebuarar på mottaket. Løseth sa til NRK.no torsdag at dei har skaffa seg eit bilete av det som skjedde, men at det framleis vil gå tid før dei kan konkludere.

Politiet har nokre teoriar om kva som kan vere motivet for dei grufulle handlingane. I dette arbeidet kan det bli viktig for dei å få snakke med vennen den drapssikta hadde på mottaket i Årdal. Difor vurderer altså politiet å etterlyse han gjennom Interpol.

– Han var ein av dei som kjente sikta godt og kan kaste lys over det vi jaktar etter, motivet for kvifor desse drapa skjedde, seier Løseth til VG.no.