Vurderer hydrogen-fabrikk i Dooriabygget

Det mykje omtala Dooria-bygget på Årdalstangen kan bli hydrogenfabrikk.

Dooria

NY PRODUKSJON: Østfold Energi vurderer ny fabrikk i Årdal

Foto: Vidar Gudvangen / NR

– I Østfold Energi ser vi på fleire ulike satsingsområde for tida, seier prosjektleiar Egil Erstad.

Østfold Energi eig i dag ein kraftstasjon i Naddvik i Årdal og linjenett fram til Årdalstangen, og vurderer no å starte hydrogenproduksjon i Årdal.

Pilotprosjekt

I første omgang er det snakk om å starte ein liten prøveproduksjon, der ein brukar straumen som vert produsert i Naddvik til å elektrolysere vatn, slik at ein kan skilje oksygen og hydrogen.

Egil Erstad

VURDERER HYDROGENPRODUKSJON: Egil Erstad er prosjektleiar i Østfold Energi.

Foto: Anders Winlund / NRK

Då er bygget til den tidlegare dørfabrikken, som gjekk konkurs i 2011, aktuelt som fabrikklokale.

Andre stader er det etablert fabrikkar på kring 50 Megawatt. Erstad meiner det er for tidleg å seie kva dei skal nytte den lokalt produserte hydrogenen i Årdal til. Elles i landet er det snakk om å bruke det til køyretøy; bilar, bussar og ferjetrafikk. Jernbane kan og vere aktuelt.

– Så det er mange bruksområde. Det kan vere interessant økonomisk, om ein har rimeleg tilgang på vasskraft, seier Erstad.

Spanande

Dagleg leiar Terje Laberg i Årdal Utvikling, seier dei heile tida jobbar med industriprosjekt som passar inn i klusteret i Årdal, og som nyttar fornybar energi. Han tykkjer prosjektet er spanande.

– Dette er eit prosjekt som passar inn i strategien vår, der vi nyttar vatn som er fornybart, og lagrar den fornybare energien som hydrogen. Dette passar godt inn med det grøne skiftet, og er noko vi vil sjå på om vi kan få til, seier Laberg.

Terje Laberg

PASSAR STRATEGIEN: Terje Laberg er dagleg leiar i Årdal Utvikling.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han meiner dette er ein produksjon som kan vere godt eigna til å fylle det tidlegare Dooriabygget med ny produksjon. Kor mange arbeidsplassar det kan skape, har han førebels ikkje tenkt så mykje på.

– Det får kome det som kjem av arbeidsplassar. Moderne industriproduksjon er i dag automatisert og robotisert. Det kan sjølvsagt kome ein del effektar på vedlikehaldssida og for underleverandørar, seier Laberg.

– Dersom dette vert ein realitet, når kjem produksjonen i gang på Årdalstangen?

– No må vi bruke hausten til å sjekke og dobbeltsjekke ting og så vil ein vel byrje så på 2017 og 2018 for korleis ein skal vidareføre prosjektet, seier Laberg.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.