Hopp til innhold

Vurderer flyforbodssone

Luftfarstilsynet vurderer å opprette ei mellombels flyforbodssone i Nordfjella i samband med nedskytinga av villreinstammen i området. Reinstammen skal slaktast ned etter funn av skrantesjuke. Luftfartstilsynet syner til at det skal brukast helikopter til å drive saman reinen, og at det vil vere uheldig med andre luftfartøy og dronar i området.