Hopp til innhold

Vurderer fleire flyruter til og frå Florø

Etter at passasjertala har vore over all forventning for Airwing, vurderer flyselskapet å utvide tilbodet sitt i Florø.

Airwing

SUKSESS: Rutene til og frå Florø har blitt ein suksess for selskapet Airwing.

Foto: Rune Melby

Jarle Granheim

SMILER: Dagleg leiar Jarle Granheim er optimist etter ein god start for rutene i Florø.

Foto: Airwing fly

Dei opna ruter mellom kystbyen og Florø og Stavanger i mai, og har hatt nesten dobbelt så mange passasjerar som forventa. Dagleg leiar Jarle Granheim er strålande nøgd.

– Vi har fått fleire kundar enn vi har budsjettert med for den korte perioden vi har vore i gang, seier han.

Flyet har berre ni seter og har spesielt oljebransjen som målgruppe. Flyselskapet har fått mange gode tilbakemeldingar frå dei reisande.

– Vi får høyre at dette er eit kjærkome tilbod. På den måte føler vi det har vore ein fin start og det ligg an til ein suksess.

Han reknar med ei god utvikling også framover. Dersom same takta held fram, vurderer dei eit ekstra fly frå hausten.

– Vi er allereie godt i gang med å sjå på nye rutetilbod ut frå regionen, seier han.