NRK Meny
Normal

Vurderer varetektsfengsling av valdssikta

Begge dei sikta etter valdsepisoden i Florø torsdag blir no avhøyrde av politiet.

husbråk florø havreneset

HUSBRÅK: Naudetatane rykte skjærtorsdag ut til ein bustad i Havreneset i Florø etter melding om vald.

Foto: Eivind Hauge

Politiet har førebels ikkje fått på det reine kva som eigentleg skjedde då ein mann og ei kvinne vart angripne i sin eigen heim skjærtorsdag.

– I avhøyr har det ikkje kome klart nok fram til at vi kan seie noko om det. Det dei sikta forklarar, samsvarer ikkje med det opplysningar fornærma har kome med, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vurderer varetekt

Det var i 11-tida skjærtorsdag at politiet fekk fleire og etter kvart meir dramatiske meldingar om bråk frå ein bustad i Havreneset. Ein mann (43) og ei kvinne (42) vart sendt til sjukehus i Førde med skadar.

For kvinna var situasjonen alvorleg, men stabil. Det skal ha blitt nytta slagreiskap. Dei to som no er sikta for ugjerninga, ein mann og ei kvinne i 30-åra, vart pågripne etter fire timar.

Politiet kan halde dei sikta i 48 timar før dei eventuelt blir sleppte fri eller framstilt for varetektsfengsling.

– Dei to blir avhøyrde i dag og basert på det så vil det bli gjort ei vurdering om eventuell varetektsfengsling, seier Avsnes.

Alle var rusa

Politiet vil førebels ikkje seie noko om hendingsgangen. Alle skal vere kjenningar av politiet, og alle var rusa då valden fann stad.

– Det har vore rus inne i biletet, men i kva grad dei var rusa har vi ikkje klart å konstatere, seier Avsnes.

Dei to er førebels sikta for brot på Straffelova § 229, lekamsskading.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen