Hopp til innhold

Vurderer redusert fart etter tunnelbrann

Det vil koste 300–500 millionar kroner å få ynskt standard på Gudvangatunnelen. Eit strakstiltak kan vere redusert fart.

Gudvangatunnelen

VURDERER: Statens vegvesen vurderer redusert fart gjennom Gudvangatunnelen for å gjere den tryggare.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter tunnelbrannen 5. august har det vore mykje fokus på tryggleiken tunnelen .

Tunnelen står på lista for oppgradering, men kva som skjer blir ikkje klart før handlingsprogrammet for gjennomføring av Nasjonal transportplan er klar.

– Fartsreduksjon er eit risikoreduserande tiltak som vi veit fungerer. Vi har spelt dette inn som ein moglegheit, men avgjerda om kor vidt dette er akseptabelt som verkemiddel må takast på nasjonalt nivå, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Nils Magne Slinde, til bladet Aurlendingen.

Halv milliard

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

DIREKTØR: Nils Magne Slinde er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Gudvangatunnelen som vart opna i 1991 er med sine 11,4 kilometer landets nest lengste tunnel. Under tunnelbrannen opplevde naudetatane problem med både naudsamband og ventilasjon. Over 60 personar vart sendt til sjukehus.

Førebelse kalkylar viser at prislappen for opprustinga av tunnelen vil ende på mellom 300 og 500 millionar kroner. Utbetringa skal vere gjennomført innan 2019.

(Artikkelen held fram under videoen)

Oppryddingsarbeidet etter brannen i Gudvangatunnelen viser seg å vera svært krevande.
Varmen frå lastebilen som brann har gjort fjellet svært porøs.
Mens reiselivet og transportmæringa ventar utålmodig, blir tunnelen no reinska for hand, meter for meter.

SJÅ TV-SAK: Sikring av Gudvangatunnelen etter brannen 5. august.

– Det er uklart om kor omfattande tiltak som må gjennomførast for å stette EU krav til tunneltryggleik, seier Slinde til Aurlendingen.

Redusert ventilasjon

På grunn av ein jordfeil mangla det lys på ei strekkje på tre kilometer av tunnelen. I tillegg vart ventilasjonen redusert fordi naudskåpa vart opna . Ventilasjonen var nede i 0,8 m/s. Ynskje til brannsjef i Aurland, Arvid Gilje, er 2,5 m/s.

Dette er programmert inn fordi AMK skal høyre kva som blir sagt i telefonen. Branndagen måtte brannvesenet overstyre dette. Mange opplevde røyken som intens.

– Den sterkt reduserte ventilasjonskapasiteten førte til forverra tilhøve både for dei som sat fast i tunnelen og for dei brannmannskapa som skulle inn og arbeide, seier Gilje til Aurlendingen.